Kunnskap
Når nettene blir lange
Mus og rotter oppsøker menneska fordi dei liker maten vår. (Korn og nøtter er meir populært enn ost.) Men ingen, ingen vil vi dele med, difor har vi utvikla feller og gift.
Foto: Wikimedia Commons
Det er vinter, og mus og rotter trekker inn frå kulda for å finne ly og mat. Slike smågnagarar kan ete opp mat, men verre er skader på isolasjon og inventar, og at avføring og urin frå mus kan innehalde eit virus som hos menneske er årsak til sjukdommen musepest. Difor er det naudsynt å vite korleis vi kan bli kvitt desse skadedyra på eit effektivt og samtidig humant vis.
Eg vaks opp i eit stort tømmerhus, lafta ein gong på 1870-talet. Til vern mot den verste austavinden og for å skjule det stygge tømmeret hadde dei som budde der før oss, kledd innsida av veggar og tak med glatte trefiberplater. Utan isolasjon og med enkle glasruter var det hard vedfyring og gode ullklede som heldt oss varme gjennom vinteren. Musene som fann ly i det lune holrommet mellom tømmerveggen og veggplatene, hadde truleg eit godt liv. Om eg låg på sofaen i veslestova i lag med huskatten og las westernbøker, kunne eg ofte høyre den kjappe krafsinga opp og ned langs dei mest trafikkerte musevegane inne i veggen.
«FOR DEM SOM LIKER SØTT»
Eg bur enno på garden med det gamle tømmerhuset med dei kjende musevegane frå kjellar til loft. Men som vaksen huseigar er eg nøydd til å ha ei meir aktiv haldning til slik invasjon av skadedyr.
Musegift er det første alternativet. Før kjøpte vi gift av typen kumarin, anten som pulver eller som faste åteblokker. Gifta luktar søtt og godt, men inneheld eit stoff som svekker kroppens evne til å bruke K-vitamin, eit vitamin som er naudsynt for å setje i gang den kaskaden av blodfaktorar som klumpar blodet og lager sårskorper. Dermed vil eit dyr som et kumarin og får i seg gift over fleire dagar, blø i hel. Døden kjem gjerne av blødingar i lungevevet. Men kumarin verkar berre etter fleire doser, rotter er smarte, og dei slutta etter kvart å ete gift i så mange dagar som det var naudsynt for å nå dødeleg dose. Over tid blei resistens mot giftstoffa eit problem både i Europa og i USA.
Éi løysing har vore å ta i bruk «supergift» med ekstra sterk evne til å samla seg opp i levervevet, og som drep dyr etter berre eitt måltid. Men all giftbruken har vore dårleg nytt for dyr som lever av å ete smågnagarar, og faretruande høge nivå av gift er funne i ei rekkje rovfuglar og pattedyr. I norske undersøkingar av ville dyr som er blitt skotne i jakt eller drepne i trafikken, har dei funne ganske høge verdiar i alle dei undersøkte raudrevane, men gift er blitt funne også i mange andre dyr, som jerv, gaupe, ulv og hubro.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.