JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Mishandling

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I heile verda har det vore vanleg med «kampar» mellom til dømes hundar og fastbundne oksar, bjørnar eller andre dyr. Her ein illustrasjon frå 1300-talet der ein bjørn forsvarer seg mot fire hundar.

Illustrasjon via Wikimedia Commons

5242
20230630
5242
20230630

«Å verne dyra er å gagne menneska» skreiv den franske forfattaren og poeten Émile Zola. I den nyaste lova om dyrevelferd står det at dyr skal takast godt vare på og vernast mot fare, og at dyr har eigenverd utanom den nytteverdien dei har for oss menneske.

Men menneska kan vise til ei lang historie med mishandling og vanstell av dyr, og dette er diverre enno eit aktuelt problem.

Smerte

Religiøs tru som plasserer menneska øvst i skaparverket, har vore nytta til å legitimere dyremishandling. Filosofar og forskarar har ikkje vore noko betre, det har vore vanleg å hevda at dyr har korkje sjel eller evne til å oppfatte smerte. Tortur og drap av dyr har vore både underhaldning og religiøs praksis.

Men haldningane til dyr og deira liding har heldigvis endra seg dei siste tiåra. All ny forsking tyder på at nervebanane og hormonsignala som ligg til grunn for stressreaksjonar og smerteoppleving, dukka opp svært tidleg i utviklingshistoria, og at evna til å oppleve frykt og smerte difor er noko vi menneske har til felles med dyra. Pattedyr registrerer og oppfattar smerte på ein måte som truleg er svært lik vår. Det same er vist for fuglar, og vi er i dag sikre på at også fisk, krypdyr og amfibium har evne til å oppfatte smerte.

Til og med krepsdyr og insekt har komplekse nervesystem og fysiologiske responsar som kan tyde på evne til medveten smerteoppleving.

Svolt

Når vi les om dyretragediar i media, handlar det ofte om dyr som døyr av svolt og tørste. Når eit dyr svelt, vil det, som hos menneske, tære på både muskelvev og feitt. Varmblodige dyr treng stadig påfyll av energi til å drive stoffskiftet, og etter kvart som det siste feittet forsvinn, stoppar varmeproduksjonen opp, og kroppstemperaturen søkk. Dyr (som menneske) vil misse medvitet når kroppstemperaturen søkk til under 30 grader, og døy av hjartestans når temperaturen kjem ned mot 20 til 25 grader. I eit kaldt miljø vil matmangel som regel føre til at dyra frys i hel.

Svolt og tørste fører til stress og mange kroppslege plager. Dyr som svelt, vil som regel først bli irritable og hyperaktive, etter kvart nedtrykte og apatiske. Matmangel hos dyr som går i flokk, vil ofte føre til meir aggresjon og rivalisering, der dei sterkaste dyra vil dominere, og dei svakaste døyr først, eller som det heiter i ordtaket: Når krybba er tom, bitst hestane.

I ein av dei (heldigvis) få publiserte forsøksrapportane om å svelte i hel dyr fann forskarane at grisungar som ikkje fekk mat og vatn, døydde etter tre til fire veker. Fekk dei vatn, kunne dei halde seg i live i endå ei veke eller to. Hos drøvtyggarar som kyr, sau og rein kan ein effekt av kraftig underernæring også bli at det mikrobielle livet i vomma døyr, og då kan dyra svelte i hel sjølv om dei på nytt får tilbod om mat.

Drukning

Drukning har vore vanleg som metode for avliving, særleg for kattungar og andre små dyr. Nokre har hevda at nivået av karbondioksid i blodet kan bli så høgt at det gjev ein slags narkose og på det viset lindrar smertene og stresset ved drukning, men slik er det diverre ikkje.

Drukning fører til frykt og ein svært sterk stressreaksjon, og det er i dag rekna som ei smertefull og ikkje human form for avliving. Det kan også ta mange minutt før dyra døyr, og paradoksalt nok er det dei yngste dyra (som kattungar) som toler mest oksygenmangel før dei mister medvitet.

Straff

I Noreg har politiet no fått ansvar for dyrevelferdskriminalitet, og i 2022 kom det nye, nasjonale retningslinjer for arbeidet med å hindre kriminell mishandling av dyr. Politiet som jobbar med dyrevelferd, er ofte kopla til einingane for miljøkriminalitet, med det overordna fagansvaret plassert hos Økokrim. Og det ser ut til å vere mykje å ta tak i både i private heimar og i husdyrnæringa.

For dei som blir dømde for dyremishandling, har straffene blitt skjerpa dei siste åra, med dommar på over eitt år i fengsel for dei mest alvorlege tilfella. Økokrim meiner likevel at desse brotsverka enno blir handsama for snilt, samanlikna med praksis frå annan miljøkriminalitet og rettsoppfatninga til folk flest.

Høgsteretten er samd i dette og har uttalt at eit høgare straffenivå kan vere med på å betre statusen til dyra og på sikt endre haldningane folk har til dyr og deira eigenverdi.

Mattilsynet finn brot på krava til god dyrevelferd i helvta av alle dyrehald dei vitjar. Sjølv om det er stor skilnad på kor alvorlege brot det er som blir oppdaga, meiner både Mattilsynet og fagleiinga ved Økokrim at dette er urovekkjande høge tal.

Noko som også er alvorleg, er koplinga som no er vist mellom dyremishandling og annan vald. I familiar der vaksne mishandlar dyra sine, er det stor risiko for at også ungar og ungdommar blir utsette for det same.

I ei gruppe på over 9000 norske ungdommar fann forskarane at 5 prosent hadde opplevd vald eller trugsmål om vald mot dyra i familien. Eit stort fleirtal av ungdommane som opplevde dyremishandling, vart også sjølv utsette for psykisk eller fysisk vald. Ved mistanke om vald eller mishandling er det difor viktig med eit tett samarbeid mellom veterinærar, helsevesen og politi.

Arve Nilsen

Mykje av informasjonen i denne artikkelen er henta frå ei temautgåve av Norsk veterinærtidsskrift (4-2023)om dyrevelferdskriminalitet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis