JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Mark på hjernen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dei fleste vaksne reinsdyr, både ville og tamme, er smitta med hjernemark, men dei ser ut til å utvikle ein viss immunitet. Alvorleg sjukdom finn vi først og fremst hos førsteårskalvane.

Foto: John Linnell

4350
20211126
4350
20211126

Den samiske forfattaren og kunstnaren Johan Turi skildra i 1910 ein mystisk sjukdom som råka reinsdyra i Nord-Sverige: «Livtsja-vikke är sådan, att renen ibland är till synes aldeles frisk, men den magrar och blir ibland sådan, at inte bakkroppen på renen kan stå upprätt, utan den släper bakkroppen med framkroppen.»

Først i 1958 kom forklaringa, ein sovjetisk forskar undersøkte sjuke reinsdyr med dei same symptoma og fann ein ukjend parasitt som levde inne i hjernen og ryggmergen til dyra. Seinare er det vist at slik hjernemark er svært vanleg hos både ville og tamme reinsdyr, at sjukdommen kan smitte til geit og sau, og at det finst eigne typar hjernemark hos både reinsdyr, hjort og elg. Dei fleste vaksne reinsdyra er smitta, men dei ser ut til å utvikle ein viss immunitet. Alvorleg sjukdom finn vi først og fremst hos førsteårskalvane.

Ei dødeleg rundreise

Smitten kjem frå sniglar som er mellomvertar for desse rundormane av typen Elaphostrongylus rangiferi, eit namn som er omtrent like krokete som livssyklusen til parasittane. Sniglane lever på bakken, og reinsdyra får desse i seg medan dei går og beiter. Inne i tarmen borar larvane seg gjennom tarmslimhinna, følgjer blodstraumen til levra, grev seg gjennom levervevet, blir spreidde med blodet til heile kroppen og hamnar til slutt i hjernen eller ryggmergen. Der slår dei seg ned og veks til dei er kjønnsmogne.

Stort sett ligg ormane mellom dei to inste hinnene som vernar hjernen og ryggmergen, men dei har òg ein lei uvane med å vandre litt rundt og grave gangar i hjernen eller ryggmergen. Det er i denne fasen, dei første månadene etter infeksjon, dyra kan bli sjuke med sentralnervøse symptom og lammingar. Frå skildringane av korleis dyr med hjernemark ter seg, er det god grunn til å tru at dei fleste slit med kraftig hovudverk i denne tida.

Tre til seks månader etter infeksjonen vandrar dei no vaksne ormane ut langs nervebanane i kroppen for å finne ein make, legg seg til rette på hinner inne i muskulaturen og kan leve og formeire seg der i årevis. Dei drektige hoene stikk bakkroppen inn i ei blodåre og sender egga av garde med blodstraumen via hjartet til lungene, der larvane blir klekte. Så borar dei seg ut i luft­sekkene og blir hosta opp saman med slim frå lungene og deretter svelgde for til slutt å hamne i tarmen og deise ut med avføringa. Der et larvane seg inn i kroppen til ein ny snigel – og dermed er neste generasjon parasittar klare for den same dødelege rundreisa.

Smittefare

Småfe som bruker dei same beitene, kan òg få i seg smitte. Særleg geit ser ut til å kunne utvikle sjukdom i form av hjernesymptom og lammingar, og sjukdommen kan vere med på å skape konflikt mellom bønder og reindriftssamar. Storfe kan truleg òg bli smitta, medan sjukdom aldri er påvist hos hest.

Det er ikkje kjent om hjernemark kan infisere menneske, men der reinsdyr beiter i nærleiken av hus og kjøkenhagar kan det vere grunn til å vaske salaten ekstra godt rein for sniglar. Ormar som ligg inne i muskulaturen hos reinen, er uansett ikkje smittefarlege for menneske, fordi det berre er dei utvikla larvane i sniglar som eventuelt kan smitte.

Ein klimavinnar

Har ormane først kome seg inn i nervesystemet finst det ingen kjend kur mot lidinga, men langtidsverkande preparat som skal stogge parasittane i vandringa frå tarmen til hjernen, blir no testa i samarbeid mellom forskarar og Mattilsynet. Det er òg sett i gang forskingsprosjekt som skal kartleggje førekomsten av sjukdom hos sau og geit i område der småfe beitar i dei same områda som reinsdyr og hjort.

Hjernemark er ein av mange parasittsjukdomar som har ei lovande framtid. Larvane som kjem ut med avføringa, er tøffe krabatar som toler frost, og dei kan overleve frå ein beitesesong til neste. Parasittane treng ein periode med minst 12 varmegrader for å utvikle seg inne i sniglane, og dei utviklar seg fortare når temperaturen stig. Dei mest alvorlege epidemiane har alltid dukka opp etter gode og varme somrar, som no sist i 2018. Med eit varmare klima vil smittetrykket auke, førsteårskalvane vil få fleire parasittar i seg, og det kan bli eit aukande sjukdomsproblem for reindrifta på heile Nordkalotten.

Arve Nilsen

Takk til Kjell Handeland for verdifull informasjon og fagleg rettleiing.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Har ormane først kome seg inn i nervesystemet, finst det ingen kjend kur mot lidinga.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis