JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Lamming

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eit  lam har nett kome til verda.

Eit lam har nett kome til verda.

Foto: Lise Åserud / NTB

Eit  lam har nett kome til verda.

Eit lam har nett kome til verda.

Foto: Lise Åserud / NTB

5691
20230421
5691
20230421

Lyse vårnetter er tida for lamming og nattevåk, og det er ei hektisk og herleg tid på sauegardane. Noko av dei finaste minna frå åra som praktiserande dyrlege fekk eg som helgevikar i Vesterålen, der eg i dei lyse vårnettene tidleg på 1990-talet køyrde frå gard til gard i det opne og vakre fjordlandskapet.

Mitt første keisarsnitt gjorde eg i sauefjøset hos eit gamalt ektepar i nærleiken av landbruksskulen på Kleiva. Pasienten var ei vaksen og frisk søye, men lamminga hadde vara i snart eit døgn, og det eine lammet var tydelegvis daudt, der det låg tverrsides og sperra framdrifta for fødselen til både seg og det andre lammet som låg innafor.

Eg klipte og raka bort ull på venstre flanke, desinfiserte, bedøvde og skar inn gjennom hud, muskelvev og bukhinne – for langt fram viste det seg, då eg brått stod med halve neven inne i vomma på sauen. Sveitten rant ned langs naseryggen, eg sydde vomveggen med lambert-sutur og jobba meg attover mot livmora.

Sauen sokk litt i hasane og ville leggja seg ned, innmaten byrja å dytte seg fram og ut i friluft.

Kjerringa på garden gav opp. «Nei, det herran går ailler godt», konstaterte ho dystert og byrja å fôre dei andre sauane med tørrhøy. Grasfrø og lette strå sigla gjennom lufta og klistra seg til dei fuktige, bleikrosa organa som ikkje ville vere inne i sauemagen. Til slutt berga vi likevel både sauen og det friske lammet, og det var tid til lefse og ein kopp glovarm kokekaffi i små, rosemønstra porselenskoppar inne på kjøkenet.

Saueavl

Saueavl er ei eksplosiv blanding av fag, tradisjon og religion. Norsk Sau og Geit (NSG) har registrert 19 sauerasar i Noreg, og alle har sine forkjemparar. Grovt sett kan vi dele rasane i to grupper: gamle landrasar og nyare kryssingsrasar (crossbreed). Om lag 85 prosent av sauane i Noreg er kryssingsrasar av typen kvit sau.

Kvitsauen er avla fram av dyr frå Noreg, Skottland, Nederland og Finland for å få ein fruktbar sau med god kvalitet av både ull og kjøt, men som òg kan klare seg godt på utmarksbeite. Dei eldre landrasane, som spæl og gamalnorsk sau, har ein kort hale (spæl) og ei todelt ull som er vanskelegare å bruke i maskinell produksjon av garn, dei er lettare i kroppen og verkar å ha eit sterkare flokkinstinkt enn dei tyngre kvitsauene.

Paring og drektigheit

Norsk kvitsau går drektige om lag 148 dagar, ei søye som vart para 24. november i fjor haust, vil ha termin i dag, 21. april. Dei mindre landrasane er litt kjappare og ville kanskje hatt termin alt på tysdag. Sidan om lag tre firedelar av voksteren til fosteret skjer dei siste seks vekene før lamming, er det spesielt viktig å gje rett mengde fôr og tilleggsmineralar til søyene i denne tida. For mykje næring kan gje sterk fostervekst og vanskeleg lamming, medan underskot på kalsium kan føre til mjølkefeber, og generell underernæring kan gje alvorleg svekking, også omtala som fosterforgifting eller ovin ketose.

Kor mange lam som blir fødde og veks fram til fin slaktestorleik på hausten, er avgjerande for økonomien på sauegarden. Søyer av finsk landrase får fire til fem lam, og for å få opp lammetalet hos norsk kvitsau vart det i 1972 importert fleire vêrar frå Finland. Men søyene har berre to spenar, og for mange lam fører til fleire flaskelam og meir arbeid.

Ved saueavlen i Noreg har Norsk Sau og Geit difor slutta å bruke vêrar med dobbel finne-variant. For vanleg kvitsau er målet i dag to lam på gimrene og ikkje meir enn tre lam for dei vaksne søyene. For sau på utegang er det best å ikkje pare gimrene, og to lam for vaksne søyer er eit godt avlsmål. Gimrer av kvitsau kan nok også bli meir robuste og klare seg på meir grovfôrbasert kost om dei ikkje blir para den første hausten.

Lamming

Når fødselen nærmar seg, vil søya setje mjølk i juret. Svangane sig ned og senene i bekkenet blir slakkare, påverka av det aukande nivået av østrogen. Ei normal lamming tek om lag fem timar – fire timar for livmorhalsen til å opna seg og éin time til å drive ut lamma. Meir enn 90 prosent av lamma blir fødde i normal posisjon, med hovudet og framføtene først.

Vanlege stillingsfeil er olbogar som heng på bekkenkanten, hovud som ligg til sides, eller framføter som ligg feil veg. I tillegg kjem alle dei komplikasjonane som er moglege når delar av fleire lam kjem fram samstundes, eller verre: når eit lam er daudt og blir liggjande som ei slapp hindring framføre dei andre. Mangelfull blokking eller rotasjon på livmora (børslyng) kan òg setje ein fullstendig stoppar for normal utdriving av fostera.

I gamle dagar var det naturleg å ringe etter dyrlege til ei vanskeleg lamming. Dyrlegen kan hente ut lam, gje søya epidural eller annan smertelindring og vurdere om det er meir alvorlege feil som krev medisinsk behandling eller eit operativt inngrep. Men lønsemda i sauehaldet i dag er sørgjeleg skral, og bønder flest vil først freiste å løyse problema sjølv. Heldigvis er mange av dei mest vanlege feilstillingane, med litt trening, ganske lette å rette opp. Samstundes er det viktig å vere klar over at hardhendt eller ukunnig fødselshjelp kan vere både smertefullt og farleg for søya.

For sau av dei lettare landrasetypane har lamma lægre fødselsvekt, og det er sjeldan naudsynt med hjelp. I flokkar som går fritt utandørs, vil søyene helst gå litt unna og klare seg sjølv under lamminga, og for mykje innblanding er ikkje alltid av det gode. Det er eit vanleg problem at søyer kan stele lam frå kvarandre, og for å få ei god binding mellom mor og avkom er det viktig at lamminga er skjerma frå resten av flokken. Sjølv om mange kallar sau på utegang for villsau, gjeld dei same krava til tilsyn, merking og journalføring som for sau som står oppstalla i eit fjøs.

Arve Nilsen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis