JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Lakselus

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eit alvorleg lusetilfelle på ein liten laks på helgelandskysten sommaren 2013.

Foto: Arve Nilsen

5130
20201002

Under overflata

Arve Nilsen er veterinær og forskar ved Veterinær-
instituttet. I denne spalta tek han føre seg følgjene
av lakseoppdrett.

Laksen flaut roleg i overflata med kvitsida opp. Berre nokre få, krappe slag med gjellelokka viste at han framleis var i live. Den gamle fiskaren som hadde bytt yrke til lakseoppdrettar her ute på ei lita øy på helgelandskysten, var rasande, og røysta hans skalv av rettvis harme: «Du drap fisken min!»

Eg sjølv stod litt tafatt i båten med ein håv i handa og ein liten plastdunk med sjøvatn og fiskebedøving framføre meg. Dette var sommaren 1995, og eg hadde akkurat hatt ein ikkje heilt vellukka demonstrasjon av luseteljing på ein bedøvd laks. Men til all lukke velta fisken brått over på sida, fekk ryggen i vêret, slo med sporden og forsvann i det mørke vatnet. Den gamle mannen vart litt mildare stemd, men meir luseteljing og fiskeplaging vart det ikkje den dagen.

No i veke 40 i året 2020 blir det telt lus for harde livet i alle oppdrettsanlegg. Tala tyder på at det er meir lus på laksen enn det har vore på lang tid, og verst er det i Trøndelag og Nordland, trass i at folk på anlegga strevar livet av seg natt og dag for å behandle fisken mot lus. Kvifor er det slik?

Tid og temperatur

Årstida har mykje å seie. Lakselus er ein type hoppekreps der dei vaksne parasittane lever på skinnet til laks og aure i sjøen (men om fisken går opp i ferskvatn, døyr lusa og ramlar av). Holusa lagar lange strengar med egg, frå desse strengane blir det klekt små luselarver, som driv med havstraumane i nokre dagar før dei blir store nok til å setje seg fast på ein fisk. Der veks dei fort og skifter skal til dei er blitt vaksne lus og heile runddansen kan byrje om igjen.

Generasjonstida blir mykje kortare når vatnet er varmt, det vil seie at luseproblema er størst frå jonsok til slutten av september, og det er den perioden vi nett har lagt bak oss.

I dag har legemidla i stor grad slutta å verke, og oppdrettarane må i staden spyle fiskane fri for lus eller bade dei i varmvatn. Desse metodane har klårt negative sider for fiskevelferda, i tillegg er effekten dårleg på den minste og fastsitjande lusa. På det viset blir det kort tid til neste gong fisken må spylast rein. At ein god del lus blir vaska av utan å døy og så kan feste seg på laksen igjen etter behandlinga, gjer det ikkje noko betre.

Lusemaskiner

Holusa parar seg berre éin gong, men kan likevel produsere ein stad mellom 2500 og 5000 egg. Grensa for lus på oppdrettslaksen er frå 0,2 til 0,5 holus per fisk, så då kan eit mellomstort oppdrettsanlegg med ein million fisk i teorien produsere milliardar med luselarver. Ein laksesmolt eller liten sjøaure som vandrar ut i sjøen, kan døy av berre 10–15 lus.

Dei fleste luselarvene blir naturlegvis etne eller døyr før dei finn seg ein fisk der ute i havet, men likevel er oppdrett av laks i det omfanget vi har i dag, ei skikkeleg lusemaskin. Det er sagt at menneskeleg aktivitet aldri har vore noka særleg målretta verksemd, og strukturen i oppdrettsnæringa er nok eit godt døme på akkurat det. Oppdrettsanlegg for laks og aure er strødd langsmed kysten, mange ligg inne i fjordar og andre ute blant øyar og skjer, nokon god og langsiktig plan for desse etableringane har det aldri vore.

Kva må gjerast?

Næringa har samarbeidd med Mattilsynet om å teikne opp soner for koordinert kamp mot lusa, men lusa kan drive opptil 200 kilometer med straumen, og ser ikkje ut til å respektere sonegrensene. Ein fersk rapport frå Havforskingsinstituttet og Veterinærinstituttet viser at det likevel kan vere mogleg å redusere smitten monaleg i eit av dei verste områda (Hardanger) ved å endre plassering av anlegga. Om ein firedel av anlegga vart flytta, kunne den samla lusesmitten verte redusert med nesten 50 prosent utan å redusere totalmengda av fisk.

Det er ofte betre og billigare å førebyggje enn å behandle. Men i ein studie av effekten av alle slags førebyggjande tiltak mot lus kunne vi nyleg lese at korkje vaksine, avl, spesialfôr eller luseskremsel har gjeve lovande resultat så langt. Trugsmålet frå styresmaktene er 6 prosent redusert produksjon i dei verst råka områda. Friviljug omplassering av anlegga hadde truleg vore langt meir effektivt. Og om dei brukte lukka merdanlegg på nokre av lokalitetane, kunne den positive verknaden bli endå større.

I dag er Mattilsynet uroa over at lusebehandlingane drep for mykje av laksen. Elveeigarar og fiskarar er misnøgde fordi lus drep ein stor del av dei ville bestandane av laks og aure, og rekefiskarar er arge over at næringa framleis bruker legemiddel som kan vere skadelege for miljøet kring anlegga.

Den største lakseoppdrettaren i Noreg, Mowi, har opplyst at dei bruker nesten tre millionar kroner om dagen på lusetiltak ved anlegga sine i Noreg.

Det kunne ha vore brei semje om kva som skulle gjerast, men for kvar dag som går utan at vi tek tak i dei grunnleggjande årsakene til luseproblema, blir rekninga større for både oppdrettarane og miljøet.

Arve Nilsen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Oppdrettsanlegg for laks og aure er strødd langs med kysten, nokon god og langsiktig plan for desse etableringane har det aldri vore.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis