JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Laksedreparen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nærbilete av parasitten Gyrodactylus salaris, som festar seg med klør til fiskehuda og et slim og skinn med munnen som sit i den andre, frie enden.

Foto: Jannicke Wiik-Nielsen, Veterinærinstituttet

5578
20240202
5578
20240202

I førre veke kunne Mattilsynet fortelje at Fustaelva i Nordland er friskmeld for den frykta lakseparasitten Gyrodactylus salaris. Parasitten vart funnen i Noreg første gong i 1975, og sjukdommen spreidde seg raskt. Til saman 53 elvar har vore smitta, og kampen mot laksedreparen har til no kosta meir enn ein milliard kroner.

Det kan verke merkeleg at ein liten, mjuk og igleliknande parasitt, berre ein halv millimeter lang, kan ha skulda for å ta livet av mest all laksen i dei smitta elvane. Katastrofen har tre opphav, to handlar om korleis og eitt om kvifor. Og ikkje minst: Både sjukdommen og kuren har hatt stor innverknad på naturen og kosta milliardar av kroner, ei rekning som vi alle har vore med på å betale.

Korleis

For det første: Gyrodactylus salaris høyrer til ei slekt med parasittar som festar seg til utsida av fisken med kraftige klør, og som et av slimet og skinnet på fisken. Dette skader huda. Dersom dei små lakseungane, som er dei mest mottakelege, blir smitta av mange parasittar, vil dei døy ganske raskt av sår og sekundærinfeksjonar.

For det andre: Parasittane er tvikjønna, og dei føder levande ungar. Inne i kvar nyfødd parasitt er det alt eit foster klart til å utvikle seg, og ikkje berre det – det er eitt foster til inne i det første fosteret, som ei dødbringande russisk dokke. Får Gyrodactylus salaris høve til å formeire seg i ei elv eller eit oppdrettsanlegg med mange mottakelege vertar, skjer det ein nesten eksplosiv auke i smittemengda.

«Etter introduksjon av Gyrodactylus salaris i ei ny elv blir bortimot alle lakseungar raskt drepne.»

Kvifor

For det tredje: Kvifor vart det slik? Her er svaret ein kombinasjon av kunnskapsløyse, lakseavl og vasskraftutbygging. Ifølgje nettstaden Regjeringen.no har «de norske vannkraftressursene gitt industriutvikling, verdiskaping, lys og varme i over 100 år». Men det er ei svært moderat utsegn, kraftutbygginga har gitt oss langt meir enn det. Til dømes har norske forskarar rekna ut at vasskrafta, med reguleringsdammar og tørrlagde elveløp, har skadd eller utrydda ein femdel av alle laksepopulasjonar i Noreg.

Dei som bygde ut elvane, fekk pålegg om å setje ut ny fisk til erstatning for desse skadane. I Noreg har vi lang tradisjon for å flytte og setje ut fisk på nye stader utan å ta omsyn til lokale artar eller genetikk. Dette skjedde før vi byrja med lokal forvaltning av laksestammar, og kraftselskapa kunne anten produsere yngelen sjølv eller kjøpe fisken på den opne marknaden.

Akvaforsk på Sunndalsøra hadde samla inn både norske og svenske stammar av laks til avlsforsøka sine, og på den måten smitta anlegget sitt med den svenske parasitten. Då kraftselskapa handla yngel frå Sunndalsøra for utsetjing i fiskefattige elvar over heile landet, følgde difor Gyrodactylus salaris med på kjøpet.Diverre tenkte ingen på at den vesle parasitten dei fann på fisken i Sverige, kunne bli eit problem når han blei med på reisa ut til dei norske lakseelvane.

Laksen i Sverige hadde levd med parasitten i tusenvis av år og difor utvikla ganske god motstandsevne, men for dei norske laksestammane vart dette ein ny og dødeleg sjukdom.

Konsekvensane

Gyrodactylus salaris trivst berre på laksefisk og overlever ikkje i saltvatn. Smitte til nye elvar har skjedd ved flytting av fisk eller ved at fisk frå ei smitta elv sym ut i eit elveos med brakkvatn og så tek snarvegen opp i ei naboelv medan parasittane enno er i live.

Det som skjer etter introduksjon av Gyrodactylus salaris i ei ny elv, er at bortimot alle lakseyngelen raskt blir drepne. Etter to år med smitte er halvparten av yngelen borte, etter 5 år vil det vere berre nokre få fisk som overlever lenge nok til å vandre ut som smolt. Det kan vere stor fisk i elva i fleire år, men det er laks som kjem tilbake frå havet for å gyte. På sikt er laksestammen dødsdømd.

For å spare naturen for inngrepet med parasittbehandling har fleire føreslått at problemet best kan løysast av naturen sjølv gjennom seleksjon av gyro-resistent laks. Problemet med ein slik strategi er at det ville kunne ta hundrevis av år, og det ville framleis vere fare for spreiing til nye vassdrag og tap av mange andre lokalt godt tilpassa eigenskapar hos laksen i same slengen.

Plantegifta rotenon har til no vore den viktigaste kuren mot laksedreparen, men det har heller ikkje vore utan konsekvensar. Gifta drep ikkje berre all fisken, men også mange botn­dyr og dyreplankton. Men sidan behandlingane berre skjer i den lakseførande delen av elva, eller om lag ein tidel av det totale nedslagsfeltet til vassdraget, vil dyrelivet i elva likevel vende tilbake etter ganske kort tid. Den raudlista elvemuslingen klarer seg også som regel godt.

Klor, i same dosering som i vanleg drikkevatn, har vist seg å drepe parasitten utan å skade fisken i elva, og blei brukt som ved hovudbehandling i elva Driva i 2021, med rotenon i kantområde og mindre bekker. Den same kombinasjonsmetoden er no planlagd for det store Drammensvassdraget, der det lever kring 25 ulike fiskeartar som det vil vere svært vanskeleg å ta vare på med bevaringstiltak som flytting eller bruk av genbankar.

Samla tap i form av mindre fisk, fisketurisme og anna næringsverksemd har blitt rekna til å vere ein stad mellom 250 og 300 millionar i året, kampen mot parasitten har til no kosta over ein milliard. Behandlinga er rett nok kostbar, men mesteparten av pengane har blitt brukt til å ta vare på dei lokale stammane av laks, aure og røye. Kva kostnad sjukdommen har hatt for naturen i form av tapt genetikk og naturmangfald, er ikkje så lett å rekne ut. 

Arve Nilsen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Andrev Walden er journalist og illustratør. Debutromanen frå i fjor kom på norsk i vår.

Foto: Jessica Gow / TT / NTB

LitteraturKultur

Livet med ein flaum av stefedrar

I mange år tenkte Andrev Walden at han skulle skrive om oppveksten sin, men han visste ikkje korleis. Då han omsider fann den rette tonen, blei romandebuten ein internasjonal suksess.

Jan H. Landro

NTNU, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, med hovudsete i Trondheim, er det største universitetet i Noreg, med campusar i Gjøvik og Ålesund.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

– Universiteta treng ei realitetsorientering

Me bør ikkje ha studietilbod som ingen etterspør, meiner Ola Borten Moe.

Feature
Svein Gjerdåker

Bønder i krigstid

UKRAINA: Ukraina har noko av den mest grøderike jorda i verda. Svartjorda deira er fascinerande. Denne djupe, humusfylte jorda som går milevis innover dei ukrainske steppene. Eg reiste til Ukraina for å møta bønder i dette enorme jordbrukslandet.

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Eivor Andersen Oftestad

Menneskeverdet er ikkje så sjølvsagt som vi trur

Sjølv om den sekulariserte versjonen av menneskeverdet framleis vert forstått som retten til liv og omsorg, er det noko som har vorte borte på vegen.

«Lodderáidaras / Melkeveien» (2022), detalj.

KunstMeldingar

Som ein trojansk hest

I utstillinga til Britta Marakatt-Labba, Sylkvasse sting, er dei fleste verka broderi, men her er ingen søte blomar. Sting for sting får me ei sirleg framstilling av blodig alvor. Museumsvaktene står for ei eiga absurd framsyning som dessverre ikkje er dagens performance.

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis