Kunnskap

Jurbetennelse

Ein veterinær behandlar ei ku med jurbetennelse. I nokre dagar vil det då vere restar av legemiddel i mjølka, som difor må tømmast ut.
Ein veterinær behandlar ei ku med jurbetennelse. I nokre dagar vil det då vere restar av legemiddel i mjølka, som difor må tømmast ut.
Publisert

Då eg på starten av 90-talet byrja å jobbe som dyrlege, var jurbetennelse ein viktig del av arbeidsdagen. Mange gongar om dagen kunne eg sitje, litt farleg plassert, på huk attmed ei ku som hadde feber og eit hardt, varmt og ømt jur.

Diagnosen var ofte enkel: akutt jurbetennelse, eller mastitt, som det heiter på fagspråket. Behandling var naudsynt, men problema kom ofte tilbake, og noko måtte gjerast for å få ned medisinbruken.

Bakteriar

Kyr har fire spenar, kvar utrusta med ein eigen mjølkekjertel. Kjertelvevet har ei stor samling små blærer der mjølka blir laga, samlegangar og utførselsgangar som leier fram til eit større holrom for oppsamling. Men der mjølka kjem ut, kan òg bakteriar kome inn.

Huda på jur og spenar har ei mengd bakteriar, dei fleste er av typen stafylokokkar og streptokokkar, og dei fleste er godlynte og greie, men nokre kan vere aggressive og ha evne til å lage sjukdom. Viss det blir for mange slike bakteriar på huda, eller det blir ein skade i det avanserte forsvarssystemet i spenekanalen, kan det bli ein infeksjon innover i mjølkegangane.

Ein mild infeksjon gir ein lokal immunreaksjon, kvite blodceller strøymer til, og mjølka får høgre celletal eller endra konsistens. Ved ein akutt jurbetennelse er bakterieangrepet hissigare, og det går gjerne vidare opp i kjertelvevet, bakteriane skil ut giftstoff, og det blir så store skadar på vevet at det strøymer til blod og blodvæske. Mjølka kan bli blodig, vassaktig eller fylt med noko som liknar puss.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement