Kunnskap

Infeksiøs lakseanemi (ILA)

Det er mørke skyer i horisonten for norsk laksenæring. Det har vore uvanleg mange utbrot av den frykta laksesjukdommen ILA i 2020. Forskarar er førebels i uvisse om kvifor det skjer.
Det er mørke skyer i horisonten for norsk laksenæring. Det har vore uvanleg mange utbrot av den frykta laksesjukdommen ILA i 2020. Forskarar er førebels i uvisse om kvifor det skjer.
Publisert

Etter ei tid med lite sjukdom stig smittetala igjen. Utan ein effektiv vaksine er fysisk avstand, god hygiene og utgreiing og testing av smittekontaktar dei viktigaste tiltaka mot epidemien. Det er ikkje covid-19 eg tenkjer på, men den dødelege fiskesjukdommen infeksiøs lakseanemi (ILA). Etter fleire år med stabile smittetal vart det i dei sju første månadene i år stadfesta sjukdom i 16 oppdrettsanlegg, mot fem i same periode i 2019. Om 16 anlegg ikkje høyrest mykje ut, kan eg leggje til at det er vanleg med mange løyve på kvar lokalitet, slik at dei største anlegga kan ha opptil 1,5 millionar slakteklar fisk når sjukdommen råkar.

Dødeleg fiskeinfluensa

ILA dukka opp fyrste gongen på Bremnes i Hordaland sommaren 1984. Fisken vart sløv og døydde i hopetal, med bleike gjeller, skjel som sto rett ut frå kroppen og blødingar på huda som bar bod om innvortes skadar som fekk røktarar og veterinærar til å frykte det aller verste: ei bukhole fyld med blodvatn og ei svart og stygg lever. Det stoppa ikkje med denne lokaliteten. Sjukdommen spreidde seg raskt og med dødeleg utfall til mange anlegg langs heile kysten, det verste året var 1990, med meir enn 80 utbrot. Frå det første utbrotet av ILA tok det nærare 10 år før viruset vart isolert og karakterisert, og enno manglar vi gode vaksinar. I dag har vi ein koronaviruspandemi der virusets genom vart kartlagt kort tid etter dei første utbrota, og der den fyrste testinga av vaksine på menneske alt er planlagd. Det er ikkje mange andre sjukdommar som får ei slik merksemd, og særleg ikkje sjukdommar hos dyr.

ILA-viruset er ein akvatisk slektning av dei influensavirusa som vi kjenner frå fugl og pattedyr. Som andre influensavirus er ILA-viruset ein kløppar i å endre seg, mutere. I éi form (ikkje-mutert) er viruset eit veldig vanleg hud- og gjellevirus hos laks, men når det muterer, blir det meir aggressivt og går inn i blodet på fisken og infiserer cellene på innsida av blodårene; dei raude blodcellene vert øydelagde, og fisken får blodmangel (anemi).

Det var med flytting av levande fisk eller ved slumsete handtering av daud fisk, blodvatn eller slakteavfall at spreiinga av ILA skaut fart for alvor. Forskarane kom ganske snøgt fram til at med utslakting av sjuk fisk og ein sosial avstand på 5 til 10 kilometer – bra dette ikkje gjeld for covid-19 – mellom oppdrettsanlegg og frå slakteri til næraste anlegg kunne epidemien stoggast, trass mangel på effektive vaksinar.

Epidemi eller pandemi?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement