Kunnskap

Høna eller egget

I Noreg bur dei fleste verpehønene i opne fuglefjøs med fleire etasjar (aviarium), der fuglane har høve til å flyge rundt, sitje på vagl og bade i strø.
I Noreg bur dei fleste verpehønene i opne fuglefjøs med fleire etasjar (aviarium), der fuglane har høve til å flyge rundt, sitje på vagl og bade i strø.
Publisert

Av dei alvorlege spørsmåla menneska har streva med til alle tider, har dette vore eit av dei vanskelegaste: Kva kom først, høna eller egget? Ei rekkje skildringar av korleis dinosaurane (som la egg) utvikla nebb og fjør og venger og etter kvart vart til det vi i dag kjenner som fuglar, har gitt oss det definitive svaret: Egget kom først, så kom høna.

Men kva synest høna sjølv om dette spørsmålet, eller rettare: Når den same høna skal leggje egg nesten dagleg i over eitt år, kva slags liv er det?

Verpe eller ikkje verpe

Ei høne spør seg ikkje om ho skal verpe eller ikkje, ho er avla fram til å ha eit finstemt system regulert av hormon og lys som gjer det mogleg å ha eggløysing omtrent kvar 25. time. Frå eggløysinga tek det fire timar før eggekviten er på plass, så ligg egget dei neste 19 timane inne i skalkammeret, der skalhinna og det ytre kalkskalet kjem på plass. Rett før verpinga får egget den endelege fargen og eit vernande ytterlag. Verpinga er styrt av lyset, slik at høna som regel legg egget tidleg om morgonen, og så er det «på ’an igjen».

Framtida er hydrolyse

Norske høns byrjar å leggje egg når dei er om lag 20 veker gamle. Unge høns legg små egg med tjukt skal, med alderen blir egga større og skalet tynnare. Høna treng heile 3 gram kalsium om dagen til eggproduksjonen, kalk som skal hentas ut frå blodet og knoklane, det stiller store krav til fôr og miljø. Høns som ikkje klarer å dekkje mineralbehovet, vil bli gradvis svekte og beinskjøre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement