JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Hjerneslag

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Til venstre ser me eit hjerneslag. Det kjem som regel av at ei blodåre i hjernen går tett på grunn av ein blodpropp. Illustrasjonen til høgre syner eit tilfelle av hjernebløding. Symptoma kan likna, men behandlinga er heilt annleis.

Illustrasjon via Wikimedia Commons

4814
20230519
4814
20230519

Dersom du plutseleg skulle oppleva at du ikkje lenger finn ord, at du bablar, at du blir skeiv i andletet eller svak i handa eller i foten, ja, då kan det henda at du har fått hjerneslag.

I så fall er det berre éin ting å gjera: Ring 113!

Hjerneslag kjem som regel av at ei blodåre går tett eller blir plugga att av ein blodpropp som kjem siglande inn i hjernen med blodstraumen, frå halsen eller frå hjarta. Då vil det på få minuttar danna seg eit infarkt i hjernen – eit område der nervecellene døyr. Men kring dette infarktet kan det vera eit større eller mindre område der nervecellene berre er svimeslegne, slik at dei sluttar å fungera. Med god akuttbehandling og iherdig opptrening kan desse områda bergast, slik at hjernecellene livnar til att, og tapte funksjonar kjem tilbake.

I nokre få av slagtilfella er det ei hjernebløding som ligg bak. Symptoma kan vera dei same som ved blodpropp, men behandlinga er heilt annleis. Ved hjernebløding vil det sjølvsagt vera ugunstig med blodfortynning, sidan det kan forverra tilstanden. Derimot kan det stundom vera aktuelt med operasjon for å fjerna blodet som trykkjer på hjernen. Difor er det viktig å skilja mellom dei to slagtypane. Til det trengst snøgg biletdiagnostikk med CT (datastyrt røntgen) og eventuelt MR. Deretter kan ein gå vidare med skreddarsydd akuttbehandling.

Her i landet er det låg terskel for sjukehusinnlegging ved mistanke om hjerneslag, sidan det er svært mykje å vinna på rask behandling – helst innan fire timar. Difor førekjem det rett som det er at nokre av dei hasteinnlagde likevel ikkje har slag, men tilstandar som kan likna – til dømes eit anfall av epilepsi eller migrene.

Ein røyrleggjartanke melde seg tidleg blant forskarane: Dersom me berre fekk opna den tette blodåra, kunne me kanskje berga nokre hjerneceller og tilhøyrande funksjon? Til dømes ved å staka opp blodåra eller løysa opp blodproppen med Plumbo-liknande medisin? Problemet har vore at gjenopninga må skje snøgt, sidan hjernecellene tek til å døy etter få minuttar utan blodforsyning.

I 1995 kom ein endeleg fram til eit medikament som kunne injiserast og løysa opp blodproppar, tPA (tissue plasminogen activator). Dette gjorde at slagbehandlinga vart pågåande og snøgg i staden for berre avventande. Fleire studiar viste at medikamentet i mange tilfelle opna det tette blodkaret, noko som resulterte i mindre infarktområde og betre funksjon – om ein berre kom til innan dei første timane.

Dei siste åra er det i tillegg blitt mogeleg å fiska ut blodproppar under røntgenkontroll (trombectomi), i nokre tilfelle med slåande betring i tilstanden etter få timar.

I Noreg har me sidan midt på 1990-talet fått fleire og fleire slageiningar og frå 2004 eit eige hjerneslagregister. Det reflekterer ei meir aktiv innstilling til akuttbehandling og rehabilitering. Registeret er landsdekkjande og gjev gode data om kvaliteten i behandlinga.

Til dømes viser tala for 2021 at nær 60 prosent av pasientane i Stavanger og Drammen vart innlagde innan fire timar, medan det andre stader var berre 30 prosent. Når variasjonen er så stor, må me tru at det er mogeleg å forbetra dei svakaste resultata.

Dei fleste som får slag, blir i dag lagde direkte inn på ei slageining og får spesialisert behandling og rehabilitering med det same. Saman med betre førebygging har nye behandlingsmetodar og god organisering gjeve overtydande resultat.

Hjerneslag er framleis ein folkesjukdom som tek liv og gjer at mange blir uføre. Men dei siste 30 åra har me sett at langt færre nordmenn får slag, og at risikoen for å døy av sjukdomen er kraftig redusert. Kvinner kjem som vanleg best ut; dei utgjer under helvta av slagpasientane og får slag fem år seinare enn menn, i gjennomsnitt når dei er 77 år gamle.

For 2021 rapporterte Hjerne­slagregisteret at om lag 10.000 vart råka av slag, og knapt 10 prosent av desse døydde den fyrste månaden – klårt færre enn for ti år sidan. Tre månader etter slaget var to av tre blitt sjølvhjelpne.

Førebygging av slag skjer ved å påverka risikofaktorar som høgt blodtrykk, høge kolesterolverdiar, hjarteflimmer og usunn livsstil – faktorar som me finn att hjå 80 prosent av slagpasientane. Etter eit slag er det spesielt viktig å sikra god blodtrykksregulering, sidan det elles er ein viss risiko for tilbakefall.

Hjerneslag kan også råka unge personar som lever sunt og er heilt utan kjende risikofaktorar. Difor treng me stendig og visjonær utvikling av behandlinga og tilhøyrande logistikk. Luftambulanse med CT-maskin har vore diskutert for å sikra snøgg diagnostikk. Eller kva med telemedisin med mobil og deretter ein enkel tablett i heimen for å løysa opp blodproppen?

Den som lever og har helsa, får sjå.

Haldor Slettebø

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein tilhengar av Donald Trump med MAGA-ostehovudhatt.

Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB

Ordskifte

Framleis ikkje overtydande

I eit historisk lys er det meir treffande å seie at Trump og MAGA-rørsla sitt særkjenne, ideologisk sett, er at dei står for grunnlova og dei verdiane som er nedfelte der.

ØivindØstberg

Cannabiskafé i Los Angeles.

Cannabiskafé i Los Angeles.

Foto: Richard Cogel / Reuters / NTB

Ordskifte
BjørnRøse

Hvor skal man sette grensene?

Gode forsetter og kunnskapsmangel er en farlig kombinasjon.

Frå innspelinga av Mor i Nidarosdomen.

Frå innspelinga av Mor i Nidarosdomen.

Foto: Morten Lindberg

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Vekselverknad

Nidaros Domkor skaper einskap mellom fortid og notid.

Situasjonen på Gaza no gjev grunn til å seie opp samarbeidsavtalar med israelske universitet, meiner folkerettsprofessor Terje Einarsen. Bilete frå Khan Younis sør på Gaza.

Foto: Mohammed Salem / REUTERS

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Forsvarar universitetsboikott

Folkerettsprofessor Terje Einarsen meiner samarbeid med israelske universitet, er med på å legitimere ulovleg okkupasjon, folkemord og brotsverk mot menneske.

Ida Fjeldbraaten arbeider som tekstforfattar og driv miniforlaget Teori & praksis.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

For å seie det mildt

Allereie dei gamle grekarane visste om sambandet mellom framskritt og feilsteg.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis