JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Harepest

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Harepest er ein vanleg sjukdom hos hare og smågnagarar i Russland, Europa og Nord-Amerika. Også menneske kan bli smitta.

Foto: M.L. Peters / Alaska Department of Fish and Game

5192
20230908
5192
20230908

Hausten er ei fin tid med sauesanking, jakt og bærplukking, men samstundes toppsesong for den gåtefulle sjukdommen harepest. Pesten spreier seg lett blant harar og smågnagarar, men er også rekna som ein zoonose, det vil seie at infeksjonen kan smitte over frå dyr til menneske.

I august blei det i Sør- og Aust-Noreg funne fem harar som var daude av harepest. Mattilsynet oppmodar no folk som ferdast i naturen om å vere aktsame på faren for å bli smitta.

Lemensott

Den første sikre skildringa av harepest kjem faktisk frå Noreg, så tidleg som i 1653, då eit tilfelle med massedaud av lemen vart omtala som leemends soet. Fleire liknande sjukdomsutbrot dukka etter kvart opp både i Europa og i USA, men bakterien vart isolert første gong i 1911 frå daude ekorn i Tulare i California i USA. Mikrobiologen Edward Francis gjorde mykje av pionerarbeidet med å identifisere den nye bakterien, som difor enda opp med namnet Francisella tularensis.

Forskarane fann ut at i laboratoriet var dette ein uvanleg aggressiv og smittsam bakterie. Ved dropesmitte (aerosolar) kan du bli sjuk ved å puste inn berre 25 bakteriar, og det er lett å bli smitta også med berre hudkontakt. Dyrking på laboratorium må difor skje med streng biotryggleik og smittevern for at dei som jobbar på laboratoriet, ikkje skal bli smitta.

Ute i naturen er det heldigvis ikkje like lett å bli smitta. Den varianten av Francisella tularensis vi har i Noreg og resten av Europa, gjev også ganske milde symptom: som sår på huda, smerter i svelg og hals eller hovudverk og lett feber. Sjukdommen er lett å kurere med antibiotika. Kvart år blir ein stad mellom 50 og 200 menneske sjuke med harepest – eller tularemi, som det også blir kalla – her i landet, men truleg blir fleire smitta utan at dei merkar symptom eller tek kontakt med lege.

Dei vanlegaste smittevegane er at folk drikk vatn som er ureina med avføring eller daude smågnagarar, eller har hudkontakt med sjuke og daude dyr. Det kan vere farleg å puste inn støv frå stader med mykje avføring frå smågnagarar, som til dømes ved rydding på loftet eller i vedskjulet. Francisellabakterien kan òg spreie seg med mygg og flått. I Sverige har dei i fleire år hatt større problem med tularemi, med over 1000 sjuke i 2019, og der reknar dei insektbit som den viktigaste smittevegen.

Fakta om Francisella

Francisella tularensis er mest vanleg i Russland, Europa og Nord-Amerika. Den mest aggressive varianten finn vi i Nord-Amerika, der opptil 30 prosent av menneska som blir sjuke, kan døy viss dei ikkje får rett antibiotikabehandling i tide. I Europa har vi som nemnt ein snillare variant, som gjev mindre sjukdom både hos dyr og menneske.

Francisellabakteriane har evna til å invadere kroppens eigne celler og formeire seg der, litt i ly for immunforsvaret til verten. I naturen kan bakteriane truleg gjere noko likande, med å invadere amøbar eller andre enkle organismar kan dei overleve i naturen i veker og månader. Smitten ser ut til å halde seg i live særleg lenge i kaldt og reint vatn, der det er lite konkurranse frå andre bakteriar.

Bibelsk

Første Samuelsbok i Det gamle testamentet skildrar korleis Gud slo ned filistrane med pest. Filistrane blir omtala som eit utriveleg, polyteistisk folkeslag som låg i stadig strid med israelittane. Til straff for åtferda vart dei ramma av ein smittsam byllepest, samstundes som åkrane deira blei overflødde med energiske smågnagarar av typen hoppemus. Akkurat koplinga mellom mus og byllar i huda har fått fleire forskarar til å tru at det var harepest Gud nytta til å tukte dei trulause.

I nyare tid fekk interessa for Francisella tularensis eit lite oppsving i tida etter andre verdskrigen. Vi har nemnt det før, men store krigar ser ut til å få fram skapartrongen i menneska, og i leitinga etter gode biologiske våpen under den kalde krigen satsa vitskapsfolk og militære i både aust og vest på harepest. Dei mest optimistiske forskarane meinte at ved å sprenge eit missil med 50 kilo harepestbakteriar over ein by med fem millionar innbyggjarar kunne dei klare å drepe meir enn 250.000 menneske. Det ville vore ei bakteriologisk bombe av bibelske proporsjonar.

Sjølv om tularemi heldigvis ikkje blei brukt i den kalde krigen, har mange av dei store harepestepidemiane i Europa skjedd som følgje av krig. Når armear trampar rundt og legg land øyde, skjer det to ting som er med på å drive opp talet på mus og rotter: renovasjon og infrastruktur bryt saman, og avlingar blir ståande utan å bli hausta inn. Og når smågnagarane har gode år, blir det også meir harepest. I Sovjetunionen døydde kanskje meir enn 250.000 menneske av tularemi i andre verdskrigen, i nyare tid har vi også sett utbrot av harepest i Kosovo som følgje av krigen på Balkan i 1998 til 1999.

Sjølv om harar og smågnagarar er det viktigaste smittereservoaret, blir førekomsten av harepest også påverka av temperatur, nedbørsmønster og andre endringar i naturen, og vi veit ikkje sikkert kor stort problem dette kan bli i framtida. Evna Francisella tularensis har til å overleve i miljøet og til å smitte både dyr og menneske, er uansett ei viktig påminning om den tette samanhengen mellom miljø, dyrehelse og folkehelse. 

Arve Nilsen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein tilhengar av Donald Trump med MAGA-ostehovudhatt.

Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB

Ordskifte

Framleis ikkje overtydande

I eit historisk lys er det meir treffande å seie at Trump og MAGA-rørsla sitt særkjenne, ideologisk sett, er at dei står for grunnlova og dei verdiane som er nedfelte der.

ØivindØstberg

Cannabiskafé i Los Angeles.

Cannabiskafé i Los Angeles.

Foto: Richard Cogel / Reuters / NTB

Ordskifte
BjørnRøse

Hvor skal man sette grensene?

Gode forsetter og kunnskapsmangel er en farlig kombinasjon.

Frå innspelinga av Mor i Nidarosdomen.

Frå innspelinga av Mor i Nidarosdomen.

Foto: Morten Lindberg

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Vekselverknad

Nidaros Domkor skaper einskap mellom fortid og notid.

Situasjonen på Gaza no gjev grunn til å seie opp samarbeidsavtalar med israelske universitet, meiner folkerettsprofessor Terje Einarsen. Bilete frå Khan Younis sør på Gaza.

Foto: Mohammed Salem / REUTERS

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Forsvarar universitetsboikott

Folkerettsprofessor Terje Einarsen meiner samarbeid med israelske universitet, er med på å legitimere ulovleg okkupasjon, folkemord og brotsverk mot menneske.

Ida Fjeldbraaten arbeider som tekstforfattar og driv miniforlaget Teori & praksis.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

For å seie det mildt

Allereie dei gamle grekarane visste om sambandet mellom framskritt og feilsteg.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis