JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Halebiting

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein frisk og tilfreds gris har halen krølla fint oppover.

Foto: Svineportalen

5481
20211210
5481
20211210

Halebiting er eit av dei vanlegaste velferdsproblema for slaktegris. Statistikken syner at 2–3 prosent av alle grisar som kjem inn til slakteriet, har skadd hale. Det er ikkje alltid grisar med gamle halesår blir oppdaga i kjøtkontrollen.

Vi finn lite publisert forsking på dette området, og det verkelege omfanget er truleg høgare. At grisane et opp halen til kvarandre, er ikkje naturleg åtferd, men kjem av at dei er frustrerte over eit kunstig og stressande miljø med for lite høve til å leve ut naturlege behov.

Tre typar biting

Halebiting kan delast i tre ulike typar: totrinnsbiting, brå og kraftige angrep, og fanatisk biting. Ved totrinnsbiting kan det starte som ein slags leik med halen til dei andre grisane, og små sår kan gi nokre av grisane smaken på blod og trong til å bite meir alvorleg.

Brå angrep kan oppstå dersom grisar blir utestengde frå maten på grunn av for lite plass ved fôrtrauet. Den tredje typen, fanatisk biting, kjem når grisar som har fått nok av det stereotype og meiningslause livet i bingen, vert psykisk ustabile og tyr til blind vald for å lette på trykket.

Det er ofte dei små og svake individa som blir halebitarar, kan hende fordi dei hamnar nedst på rangstigen og alltid kjem sist i køen for både mat og dei beste liggjeplassane.

Byllar i ribba

Når halebiting først har kome i ein flokk, er vegen kort til eit slags massehysteri der alle grisane går rundt med hale som er gnaga ned til det berre står att ein kort, betent stump. Vask og desinfeksjon av såre halestumpar er ikkje lett å få til på ein flokk med store slaktegris. Det er ofte naudsynt å få ein veterinær til å gje desse grisane sprøyter med penicillin i kroppen for å stogge infeksjonen.

Men i mellomtida kan bakteriane ha spreidd seg med blodet og ført til det som på kjøtkontrollen blir kalla pyemi. Det vil seie at pussdannande bakteriar, som regel gule stafylokokkar, slår seg ned rundt om i kroppen og lagar ei form for byllesjuke som penicillinsprøytene ikkje kan ta knekken på.

Desse byllane finn vi oftast i lungevevet, i ledda i bekkenet og nedre del av ryggrada, og i overgangen mellom bein og brusk i ribbeina. I kjøtterminologi vil det seie at bakteriane slår seg ned i kotelettane og ribba. Når grisar kjem inn på slakteriet med opne sår på halen, eller ein kort hale med teikn på gamal skade, skal kontrollørane difor alltid leite ekstra nøye etter slik spreiing av byllar.

Halefjerning

Halen til grisen er stutt, men har likevel ei viktig rolle i kroppsspråket til grisen. Ein frisk og tilfreds gris har halen krølla fint oppover, ein nysgjerrig eller irritert gris kan vifte med halen, er han avventande, heng halen nedover. Ein redd eller sjuk gris vil presse halen inn mellom bakbeina.

Grisar som blir bitne, vil prøve å gøyme halen, og det er eit av dei tidlege teikna på at det er noko på gang i grisebingen. Når halebiting blir oppdaga, er det viktig å flytte den eller dei skadde grisane over til ein sjukebinge, prøve å finne den skuldige og setje han i førebels isolat.

Det er to måtar å hindre grisar i å bite halen av kvarandre på. Den mest tungvinte og kostbare er å gje grisane eit godt og meir variert miljø, meir strø og betre plass. I dei fleste land med industriell svineproduksjon har dei difor gått for den enklare løysinga: å fjerne den ytste delen av halen.

Dette er forbode både i Noreg og i EU, men EU-reglane gjev rom for halefjerning i besetningar som ei slags nødverje der ingen andre tiltak har nytta. I viktige svineproduserande land som Danmark, Tyskland og Spania brukar dei dette smettholet i regelverket flittig og kuperer enno halen på nesten alle grisane. Dette er eit kirurgisk inngrep som kostar pengar, som er smertefullt for grisane, og som heller ikkje gir fullgodt vern mot halebiting.

Studiar frå EU syner at hos grisar med naturleg hale, finn ein 10–30 prosent halebiting, medan for gris med kupert hale er halebiting redusert til 3 prosent.

Eit betre griseliv

I det norske regelverket står det at kvar slaktegris på 90 kg skal ha minst 0,8 kvadratmeter fritt areal og minst 30 cm plass ved fôringstrauet. Sagflis eller anna strø blir dryssa inn i den delen av bingen der grisane ligg og søv. I tillegg skal det i alle grisebingar vere nok materiale som grisane kan rote rundt i med trynet.

I Mattilsynets tilsynskampanjar dei siste åra har dei funne brot på reglane i meir enn helvta av fjøsa. Det vanlegaste er brot på reglar som kan ha innverknad på det sosiale livet til grisane og førekomsten av halebiting: bruk av strø og rotemateriale, tilgang til nok drikkeautomatar, liggjeplass og plass ved fôrtrauet.

Halebiting peiker på grunnleggjande utfordringar med dyrevelferda, og vi har nok kunnskap om behova grisen har for å løyse desse problema. Avl, fôrkvalitet og betre dyrehelse kan bidra, men det viktigaste er å gje dei intelligente og nysgjerrige grisane eit godt og stimulerande miljø.

Dei som får tilgang på uteareal, bruker mykje tid på å grave og rote i jorda. Til grisar som er i ein binge, oppmodar Mattilsynet å bruke halm, høy og ensilasje som blir strøydd ut på golvet. Anna materiale som sagflis, papirstrimlar, kvistar og striesekker kan òg gjere nytta.

Større plass til kvart dyr, betre liggjeplassar og utforming av bingane slik at grisane kan komme seg unna konfliktsituasjonar, vil gje mindre aggresjon, færre biteskadar og friskare grisar.

Arve Nilsen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Grisar som blir bitne, vil prøve å gøyme halen. Det er eit tidleg teikn på at det er noko på gang i grisebingen.

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis