JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Gjelding

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Gjelding av hest er eit handverk med lange tradisjonar.

Foto: Malcolm Morley / NTB

4939
20221125
4939
20221125

Makt korrumperer, det fann den greske filosofen Platon ut for meir enn 2400 år sidan, og slik er det enno. Vi menneske har stor makt over husdyra våre, og vi utøver vald mot dyra for å kontrollere dei slik det tener oss best.

Gjelding, eller kastrering, er eit godt døme på ein slik praksis, vidareført frå oldtida til dagens industrielle husdyrhald. I Noreg har vi no reglar som seier at alle typar kastrering må bli gjorde av ein veterinær og med bruk av smertestillande legemiddel. Men i dei fleste land i verda er det eigarane sjølve som gjer jobben og utan å gi noka form for smertelindring.

Rånelukt

Kastrering av smågris blir gjort for å unngå problem med rånelukt og usmak av kjøtet. I Noreg blir om lag 800.000 grisungar kastrerte kvart år, men sidan 2009 har det vore krav om at inngrepet blir gjort av ein dyrlege, med bruk av lokalbedøving under operasjonen og smertestillande preparat med langtidseffekt i etterkant. Liknande regelverk har dei også i Sveits og Nederland, men elles i verda blir dette gjort på gamlemåten.

Det er eit mål å leggje vekk kniven, rånelukta kan til dømes reduserast gjennom avl, noko dei har hatt god erfaring med i Nederland. I Noreg har rånelukt vore ein del av avlsprogrammet sidan 2018. Det er også testa ut ein vaksine som stimulerer til antistoff mot dei hormona som fører til kjønnsmogning og utvikling av testiklane, men denne har til no diverre ikkje hatt sikker nok effekt til å bli eit fullgodt alternativ til kastrering.

Både eggstokkar og testiklar blir danna inne i bukhola tidleg i fosterlivet, like ved nyrene. Hos hodyr blir kjønnskjertlane der resten av livet, medan testiklane til hanndyra legg ut på vandring, saman med blodårer og sædleiar, ned mot lyskekanalen og ut i pungen.

Hos nokre dyr, som kanindyra, har testiklane ein aktiv muskulatur som gjer at kaninen gjennom heile livet kan heise dei opp att frå pungen og inn i bukhola. Det kan vere lurt i nærkamp, hannkaninar som slåst har ingen reglar mot biting under beltestaden. Før kastrering av hanndyr er det viktig å sjekke at det ikkje er noko brokk (at delar av tarmane har sige ned i pungen), og at begge testiklane ligg på rett plass.

Burdizzo-tonga er ein kjend reiskap for praktiserande dyrlegar, brukt til å kastrere kalvar, lam og bukkekje.

Foto: Amidale

Klapphingst og vallak

Ein testikkel som ligg att i lyskekanalen, er ikkje uvanleg hos hest, dyret blir då kalla ein klapphingst. Dette er rekna som ein alvorleg handelsfeil og noko som skal sjekkast nøye før sal av hingstar. Fjernar du den synlege testikkelen, kan den testikkelen som er att, halde fram med å produsere både kjønnshormon og sæd. På det viset kan hesten sjå ut som han er kastrert, men enno fungere som ein hingst.

Kastering av hest er eit gamalt handverk og omgitt av ei blanding av historisk sus og litt dramatikk. Med moderne bedøving kan hesten bli kastrert ståande, roa ned med ein kombinasjon av sederande behandling og lokalbedøving. Det er ein ganske enkel kirurgisk prosedyre, men å sitje på huk under ein stor hest og fjerne testiklane kan vere ein usikker situasjon for kirurgen.

Det engelske ordet for ein kastrert hingst er det norrønt klingande gelding, medan vi i Noreg som regel bruker omgrepet vallak, etter Valakia, ein region i Romania som var kjend for oppal av hest og for hestefolk som hadde godt handlag med kniven.

Strikk og Burdizzo

For folk flest er nok kastrering av katt eller hund den kontakten dei vil få med dette temaet. I Noreg er det eit generelt forbod mot å kastrere hundar. Unntak blir gjort for førarhundar og andre tenestedyr, og det er også naturleg å kastrere dyr med særskilde medisinske problem, som infeksjonar eller kreft.

Kastrering av både hannkattar og hokattar er derimot rekna som eit enkelt og lite plagsamt inngrep som gjer godt vern mot planlaus formeiring av eigarlause kattar. Den beste alderen for kastrering av katt er rundt fire–seks månader, før dei rekk å bli fullt kjønnsmogne. Kattar som er kastrerte, får litt mindre spenning i kvardagen, og eigarane må passe på så dei ikkje blir for feite, men det kan vere ei føremon å sleppe problemåtferd som løpetid, slåsting og urinering for å markere revir.

For drøvtyggarar har den vanlegaste metoden her i Noreg stort sett vore å bruke ei Burdizzo-
tong til å knuse sædleiaren med tilhøyrande blodårer, og utan blodforsyning vil testiklane raskt visne bort. Med god bedøving er slik kastrering rekna å gi akseptabel dyrevelferd. I tillegg kan oksekalvar, vêrlam og bukkekje som blir forsvarleg kastrerte i ung alder, sleppast ut på beite med resten av flokken og på den måten få eit langt og godt liv i friluft.

I land der gardbrukarane gjer dette sjølv, bruker dei også tong, men det enklaste og kanskje mest vanlege er å binde gummistrikk hardt rundt heile pungen for å stogge blodsirkulasjonen. Etter ei tid vil pungen, med testiklane inni, tørke inn og ramle av. For dei mannlege lesarane av denne spalta kjem det neppe som ei stor overrasking at forskarar har funne klåre prov for at gummistrikkmetoden er svært smertefull.

Arve Nilsen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Kongsbonden Johan Jógvanson bur i den Instagram-venlege bygda Saksun. Men sjølv om han skjeller ut turistar, er det ikkje dei han er forbanna på. Det er politikarane inne i Tórshavn.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Turistinvasjonen

Kvar sommar invaderer fleire tusen turistar garden til Johan Jógvanson i Saksun. Det har gjort han til den sintaste bonden på Færøyane.

Hallgeir Opedal

Teikning: May Linn Clement

UtanriksSamfunn

Den nyreligiøse avantgarden

NEW YORK: Blant trendsettarar på Manhattans Lower East Side
er katolisisme siste skrik. 

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis