JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Geita

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Geita er eit fjelldyr som trivst i høgda.

Foto: Arne Hjorth Johansen / Wikimedia Commons

5106
20231201
5106
20231201

Medan geitehaldet, som mykje annan matproduksjon her i landet, er i fritt fall, kan vi trøyste oss med at dei norske mjølkegeitene som enno finst, kanskje er dei friskaste geitene i verda. Samstundes viser ny forsking det vi eigentleg visste godt frå før: at geiter også er blant dei aller smartaste husdyra.

Opptur

I fjella i Mesopotamia (no Iran og Irak) var det for 10.000 år sidan vanleg å finne flokkar med villgeiter. For dei første jordbrukarane var det ein opptur å kunne temje desse intelligente og hardføre dyra, og av det geita kunne by på som husdyr, var det truleg mjølka som freista mest.

Geitemjølk er næringsrikt og lækjande, mellom anna er innhaldet av naturleg bakteriehemmande stoff tre gonger høgare enn i kumjølk. Men kjøtet blei også populær mat. Dei sterke skinna var nyttige til all slags bruk, og geitehaldet spreidde seg raskt frå Mesopotamia til store delar av verda.

Ei geit er framleis eit fjelldyr av natur, og difor vil ho alltid streve oppover. Geiter er også dei einaste drøvtyggarane som kan klatre i tre. Sauar og kyr trivst godt med å ete gras og gå hit og dit i ei todimensjonal verd.

I eit geitefjøs er det difor bra for trivselen til dyra å ha fleire nivå, slik at dyra kan klatre litt opp og ned. Eller rettare: Dei eldste og tøffaste geitene vil legge beslag på den øvste køyesenga, medan ruklet får klare seg med flatseng i første etasje.

Nedtur

I Noreg hadde geitehaldet si glanstid i overgangen frå 1800- til 1900-talet, med opptil 350.000 dyr. Etter det har nedturen vore lang og bratt, og i 2022 var det att berre 269 gardsbruk med mjølkegeiter i heile landet.

Ein annan og kanskje verre nedtur, iallfall for geitene sjølve, er driftsmåten vi har etablert for mjølkegeitene, der halvparten av alle dei nyfødde kjea blir avliva og kasta. Geitene kjear i januar–mars, og kvar geit får i snitt 1,6 levandefødde kje. Det blir vel 50.000 kje i året.

Nokre av geitekjea blir rekrutterte til mjølkeproduksjonen, om lag 11.000 blir slakta, og resten blir slått i hel. I ei rettleiing frå Animalia rår dei bøndene til å ikkje bruke boltepistol til nyfødde dyr. Sidan kjea har så mjukt skallebein, blir det ikkje blir nokon effektiv hjerneskade sjølv om bolten trenger inn i hjernevevet. Eit hardt slag med ein øksehammar skal vere ein meir kontant og teneleg metode.

Friskmelding

For 20 år sidan var dei norske geitebesetningane hardt ramma av tre alvorlege, smittsame sjukdommar. Den verste og mest utbreidde lidinga var virussjukdommen CAE (Caprin arthritt og encefalitt), ein langsam virusinfeksjon som endar med avmagring, leddbetennelse og hjerneskade.

Tre fjerdedelar av besetningane med mjølkegeiter hadde også byllesjuke, ein kronisk bakteriesjukdom som fører til opphovna og betente lymfeknutar, og 40 besetningar spreidde over ni ulike fylke hadde påvist paratuberkulose, ein alvorleg bakterieinfeksjon i tynntarmen.

Med prosjektet «Friskare geiter» klarte Helsetenesta for geit i perioden 2001–2014 utruleg nok å sanere 350 mjølkegeitbesetningar og nesten like mange besetningar med kjøtproduksjon og mindre hobbybesetningar.

Sidan kjea blir fødde friske, var saneringa basert på å «snappe» kje frå mora rett etter fødselen og ale dei opp i eit nytt og smittefritt miljø. Sjuke dyr eller flokkar kunne også bli slakta ut og erstatta med friske dyr frå besetningar som alt var frie for smitte. Den norske geitestammen er no friskmeld, og produksjonstala tyder på at geitene både lever lenger, mjølkar meir og har betre kvalitet på mjølka.

I 1995 oppdaga ein norsk forskar, i samarbeid med franske fagmiljø, at norske geiter hadde ein unik mutasjon som gjorde at mjølka hadde mindre kasein (ostestoff) enn det som var vanleg elles i verda, og at dei dermed var mindre eigna til produksjon av kvit geitost. Denne genfeilen gav også høgare konsentrasjon av frie feittsyrer og ein harskare og meir «geitaktig» smak på mjølka. Gentesting av norske bukkar og litt lån av sæd frå Frankrike har retta opp dette, og dagens geitemjølk er mildare i smaken og myke betre eigna til ysting.

Geita ser deg

Etter 10.000 år med geitehald har vi endeleg fått vitskapleg prov på at geiter har høg sosial intelligens, og at dei er flinkare til å kommunisere med menneske enn dei fleste andre husdyrartane våre. Forskarar frå Italia har lese seg gjennom alt som er publisert om geitepsykologi, og har konkludert med at geita er noko for seg sjølv.

Ikkje berre har geitene eit stort utval av lydar og kroppsspråk til å kommunisere med kvarandre, dei kan òg lese menneska sitt kroppsspråk. Korleis folk snur kroppen, bruker armane til å peike eller gestikulere, andletsuttrykk og stemmebruk, alt dette vil ei geit registrere og prøve å tolke.

Med litt godsaker som premie er det lett å trene opp forsøksgeiter til å løyse enkle oppgåver. Men i kontrollerte forsøk der geita til slutt fekk presentert eit fullstendig uløyseleg problem, ville ho stoppe opp og sjå nøye på forskarane, med eit tydeleg ønske om at dei skulle hjelpe til. Dette er ei medveten samhandling med menneske som vi elles berre finn hos dei mest sosiale dyreslaga, som hund og hest.

Arve Nilsen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ja til skule, nei til studentfabrikk

Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Andrej Kurkov

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis