JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Gap opp

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein hest har det best med sunne og friske tenner.

Foto: Wikimedia Commons

4536
20220527
4536
20220527

Dei første tennene dukka opp tidleg i utviklingshistoria, den første tannverken kom truleg like etter. Hos familiedyr som hund og katt er tanntrøbbel eit vanleg problem, noko som kan bli både pinefullt for dyra og smerteleg dyrt for eigaren – men andre husdyr kan òg få problem med tannhelsa.

Rotlaust

Fisk og reptil har rotlause tenner som vert skifta ut gjennom heile livet, pattedyr har berre to sett: mjølketennene og dei endelege vaksentennene. Dei tidlegaste pattedyra hadde truleg like mange tenner i overkjeven som i underkjeven, men over tid har det utvikla seg mange tilpassingar til ulike levesett.

Rovdyra har kvasse kinntenner som med eit skarpt saksebit kan skjere gjennom bein og rått kjøt. Drøvtyggjarar, som ku og sau, har mista alle framtennene i over­kjeven, og graset tygg dei med dei grovtakka jekslane. Hestane starta si utvikling som åtseletarar og har fullt sett med framtenner, men har også gode planteknusarjekslar av same slag som drøvtyggjarane.

For alle planteetarar er det stor belastning på tennene, og når tanngarden er nedsliten, er sveltedauden ikkje langt unna. Gnagarane har løyst dette ved å hoppe over mjølketennene og i staden satse på fire store framtenner som er utan fast rot og difor kan vekse heile livet. Hestetennene har vanlege røter, men dei vaksne jekslane bruker 14 år på å komme heilt fram etter tannskiftet. Utan dette tanntrikset hadde hestane nok ikkje kunne bli 25 til 30 år gamle, men kanskje berre 10 til 15 år slik som drøvtyggjarane.

Smertefullt

Hestane har elles mange interessante tannproblem. Noko av det mest vanlege er feil slitasje av jekslane, skarpe piggar blir ståande igjen på yttersida – hestane bit seg lett på innsida av kinnet og vil spytte ut igjen maten eller miste matlysta heilt. Om maten ikkje blir godt nok toggen, kan dei få trøbbel med fordøyelsen, som forstopping i tjukktarmen. Tannròte (karies) og infeksjonar i tannrøtene er heller ikkje sjeldsynte, og ising i vonde tenner kan gjere at hesten drikk for lite vatn, det kan òg føre til forstopping.

Rett behandling mot kvasse tannspissar er som regel rasping eller sliping, men dette må gjerast varsamt for ikkje å slite ned eller skade tennene unødig. Eit anna problem som er særskilt for hest, er at fôr pakkar seg inn mellom tann og tannkjøt, noko som kan vere både smertefullt og vanskeleg å oppdage.

Mange av husdyra våre, som slaktegris og lam, har eit kort liv og rekk aldri å bli vaksne. Der er tannproblem sjeldan kost. Dei vaksne produksjonsdyra blir heller ikkje så gamle at dei rekk å få særleg store tannproblem. Men også hos drøvtyggjarar som ku og sau er feil slit av jekslane eit problem, og infeksjonar i tannkjøt eller tannrøter kan vere både plagsamt og smertefullt.

Tannlaust

Men det er nok for dei minste husdyra tannlegerekninga kan bli størst. Dei lever lenge og har eit kosthald og eit levesett som skil seg kraftig frå det naturlege. Eit alvorleg døme er kaninar og andre gnagarar som får mat som gjev altfor lite slitasje på framtennene. Dei rotlause tennene veks ukontrollert, etter kvart klarer ikkje dyra å ete på skikkeleg vis, og det kan ende med store sår og infeksjonar i munnhola.

Både kattar og hundar har eit roleg og temmeleg unaturleg liv tett ved ei velfylt matskål. Dei slepp å gnage seg gjennom pels og bein, noko som gjev dei ville slektningane deira god tannpuss. Mange rasar er avla slik at skallen er for liten og snutepartiet er for kort. Det blir lite plass til tenner, produksjon og fordeling av spytt fungerer dårleg, og det vert god grobotn for alskens vondskap.

Hund og katt har høgre pH i spyttet og ein diett med mindre lettomsetjeleg karbohydrat enn vi menneske, difor har dei lite syreskadar som karies. Men bakteriebelegg og tannstein får dei, og det kan vere alvorleg nok. Hos dyr med dårleg tannstell kan det samle seg store mengder tannstein. Det gjev betennelse i tannkjøtet, og utan behandling endar det med øydelagde tenner og infeksjon i tannrøter og kjevebein. Mange av dei små hundane blir til slutt tilnærma tannlause.

Hos katt er det dei siste tiåra oppdaga ein annan plagsam tannsjukdom. Det kan sjå ut som tannròte, med brune flekker eller skadar på emaljen, men kjem av ein degenerasjon eller reabsorbsjon av sjølve tannsubstansen, og årsaka er enno ukjend.

Tannlidingar kan vere vanskelege å oppdage fordi mange dyr har stor evne til å fungere tilsynelatande normalt trass i store kroniske smerter. Her er det truleg store mørketal. Eit godt stell av dyra inneber difor også regelbunde sjekk av tennene.

Arve Nilsen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis