JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Furunkulose

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Slik ser ein laks med byllepest (furunkulose) ut. I muskelvevet kan det vere store, blodfylte byllar, og i mikroskopet kan du finne bakterien i nær sagt alle vev og organ i heile fisken.

Foto: Trygve Poppe

4546
20200925

Under overflata

Arve Nilsen er veterinær og forskar ved Veterinær­instituttet. I denne spalta tek han føre seg følgjene av lakseoppdrett.

Folk trudde lenge svartedauden var ein straff frå Gud. Denne smittsame bakteriesjukdomen kom i fleire former, mest aggressiv og dødeleg var lungesotta, men det som gav opphav til namnet svartedauden, var byllesjuka. Pesten kom og gjekk i tre hundre år og meir enn halve befolkninga i Noreg døydde av desse epidemiane. Vi veit ikkje om Guds straffedom var i tankane til dei som oppdaga dei første laksane med furunkulose i oppdrettsmerdane i Ytre Namdalen i 1985. Men der furunkulosen ramma var følgjene for fisken og oppdrettarane like alvorlege som pesten; det raude laksekjøtet blei fylt av store, blodige byllar, og både merdar og heile anlegg blei tømde for fisk. Frå det første episenteret i Trøndelag spreidde den nye fiskepesten seg raskt og dødeleg til store delar av kysten. Anlegg etter anlegg blei råka, familiefirma gjekk konkurs, og brått skya det over for den lyse framtida til norsk lakseoppdrett.

AEROMONAS SALMONICIDA

Furunkulosebakterien er så dødeleg at han på latin heiter Aeromonas salmonicida subspecies salmonicida, noko som viser til at han er den mest dødelege varianten frå ein i utgangspunktet ugrei bakteriefamilie. Furunkulosebakteriane har ei rekkje interessante eigenskapar. Dei har eit karakteristisk ytre lag (A-laget) av protein og sukker som gjer dei i stand til å angripe fisken. I tillegg sender bakteriane ut ei rekkje kjemiske stoff som sprenger blodcellene og løyser opp fiskekjøtet. Bakteriar slår seg ned i mange organ, skadar i hjartet er ofte den direkte årsaka til at fisken døyr. Det tjukke ytterlaget gjer òg at bakteriane ikkje liker vatn, så dei klumpar seg helst saman, gjerne med protein og feitt frå fisken eller frå miljøet, og dei kan flyte beskytta rundt med straumen over store avstandar.

IMPORT AV SJUKDOM

Furunkulose hadde lenge vore ein vanleg sjukdom over store delar av verda, og kom hit til landet først då det skulle setjast fart i produksjonen av laks og regnbogeaure på 60-talet. Aure vart importert frå Danmark, og etter det dukka det fleire gonger opp furunkulose i norske elver. Smitten vart oppdaga og slått ned, og der kunne det heile ha stoppa. Men lagnaden, og ikkje minst norske styresmakter, ville det annleis. På 80-talet bremsa veksten i den nye oppdrettsnæringa opp fordi dei mangla setjefisk, enno var det for få og for små smoltanlegg langs kysten. Næringa pressa på, dei måtte ha meir fisk, og freistinga var stor; dei kunne hente smolt frå Skottland. Nokre få fagfolk sto steilt imot, men næring og byråkrati tok styringa, og sommaren 1985 kom brønnbåtane med fisk frå Skottland. Allereie då han kom, såg folk at dette ikkje var fisk av beste kvalitet. Det tok ikkje særleg lang tid før årsaka var klar; fisken hadde byllesjuke.

Den nye kvardagen

Sjukdomen fekk snøgt fotfeste i fleire anlegg; han spreidde seg i heile Trøndelag og deretter kjapt vidare både nordover og sørover. Det einaste som kunne stogge pesten, var antibiotika som oppdrettarane sjølve måtte blande inn i fiskefôret. Med furunkulosen vart dermed medisinsekkar, sementblandarar og eit stadig dårlegare omdøme ein del av den nye kvardagen i laksenæringa. Fleire nye sjukdommar kom til, og medisinbruken gjekk beint i vêret. Men naturen lét seg ikkje stogge så lett, og bakteriane utvikla resistens mot medisinen. Soga enda likevel godt, fordi ei effektiv vaksine mot furunkulose kom på marknaden i 1992, og med det vart både denne sjukdommen og antibiotikabehandlinga meir eller mindre utrydda. Dette var ein av dei største sigrane i historia til norsk oppdrettsnæring. Men bakteriane blir vi ikkje kvitt, dei lever i miljøet, og furunkulosen vart spreidd til ei rekkje norske elver, der villfisken enno kan få utbrot av sjukdom om sommaren, særleg når det er lite vatn og høg vasstemperatur.

Den greske gudinna Pandora hadde ei krukke som var fylt med pest, sorg og fattigdom og alle plager i verda. Både Pandora og krukka vart skapte på ordre frå Zevs som straff for ovmotet til menneska. Krukka skulle ikkje opnast, men Pandora var nyfiken på kva som var oppi, og løfta litt på lokket likevel. Vi menneske er ofte både ovmodige og nyfikne, lokket på Pandoras krukke har vore letta på mange gangar no og sit temmeleg laust. Men vi kan alltids vone at vi veit betre neste gong freistinga blir for stor.

Arve Nilsen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Med furunkulosen vart medisinsekkar, sement-

blandarar og eit stadig dårlegare omdøme ein

del av den nye kvardagen i laksenæringa.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis