JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Fugleinfluensa

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det er sannsynleg at influensa opphavleg kom frå andefuglar, som denne stokkanda. Men influensapandemiane i dag er det vi menneske som dyrkar fram, særleg i dei folke- og husdyrtette områda i Kina og Søraust-Asia.

Foto: Wikimedia Commons

6041
20220408
6041
20220408

Trekkfugl er eit kjært vårteikn for mange, men dei siste åra har fuglane også trekt med seg smittsame og farlege influensavirus. I Noreg må vi no stengje hønene inne store delar av året for å verne dei mot det dødelege trugsmålet ovanfrå. Kor kjem denne smitten frå, og kva kan vi gjere for å verne oss mot ein ny dødeleg influensapandemi?

Spanskesjuka i 1918 var ein fugleinfluensa som kjapt utvikla seg til ein pandemi med meir enn 50 millionar dødsfall. Etter det fekk vi asiasjuka i 1957, Hongkong-influensaen i 1968 og til slutt svineinfluensaen i 2009.

Dei to første pandemiane kom frå fuglevirus som hadde mutert og plukka opp fleire virulensfaktorar ved overgangen til menneske. Svineinfluensaen dukka først opp i Mexico, der grisane kan ha fått smitten frå andre grisar, menneske eller fugl, men viruset hadde truleg sirkulert og mogna i grisebesetningane i fleire år før det til slutt smitta over på menneske.

Influensavirus er særskilt effektive til å mutere og danne nye virustypar; som vanleg er for RNA-virus (koronavirus er eit anna døme), har dei ei litt slurvete avlesing av genkoden når dei lagar nye viruspartiklar, dei har heller ikkje noko godt korrekturprogram, og ikkje minst kan influensavirus av ulik type som har infisert same vertscelle, utveksle delar av genomet med kvarandre, såkalla omarrangering. Slike brå endringar frå lågpatogene til høgpatogene virus (som gjev alvorleg sjukdom) kjem gjerne når virusa går over til nye vertar, som frå ville til tamme fuglar, frå fugl til gris, frå gris til menneske.

Fuglepest

Fuglepest var kjend frå Italia alt på 1880-talet, men at sjukdomen kom av eit influensavirus, vart ikkje oppdaga før i 1959. Hos fugl er det tarmen, og ikkje luftvegane, som er hovudmålet for influensainfeksjonen, og smitte blir i stor grad spreidd med avføring.

Sjølv om det vanlegvis ikkje er så mange fuglar som døyr av influensa, kan tarminfeksjonen svekkje dei. Stokkender som hadde lågpatogent influensavirus, mista 10 prosent av kroppsvekta – eit vekttap som kan gjere dei i dårleg stand til fly lange avstandar og til å fø opp nye ungekull.

Den mest alvorlege fuglepesten i nyare tid starta i gåseflokkar i Guandong i Kina i 1996. Smitten spreidde seg frå ville gjæser til gåsefarmar og så vidare til hønseflokkar i Hongkong – og no byrja også menneske å døy. I Hongkong drap og destruerte dei alt fjørfe for å kontrollere smitten, men det var for seint å hindre ein pandemi med vidare spreiing til resten av verda.

Undervegs vart det oppdaga tilfelle av massedaude hos ville fuglar, og fleire hundre menneske døydde av influensaen. Til all lukke hadde viruset ikkje evne til å smitte mellom menneske – då kunne millionar ha døydd i ein ny versjon av spanskesjuka.

Stigande smittetal

Det har vore påvist mykje høgpatogene influensavirus hos ville fuglar i Europa etter nyttår. Smittetala stig stadig, og dei farlege influensavirusa finn vi oftast hos ender, gjæser og svanar. Fleire tusen kvitkinngjæser døydde på grensa mellom Skottland og England no i vinter – dette er fugl som mellomlandar på Helgeland og i Vesterålen på den årlege reisa opp til hekkeområda på Svalbard. Rovfuglar som musvåk, ørn og dei store måkeartane gråmåke og svartbak er også utsette for smitte fordi dei jaktar på og et både levande og daude fuglar som kan ha smitten i seg.

Førre utbrot av influensa hos tamme fuglar her i landet var i to besetningar med verpehøns i Klepp kommune i Rogaland i november 2021. Så langt i år er det berre funne høgpatogent influensavirus i tre ville fuglar, ei due, ei gås og ei havørn, men funna kan tyde på at den farlege influensavarianten alt er etablert hos villfugl i store delar av landet.

I 15 kommunar i Rogaland er det no forbod mot jakt av all fugl med unnatak av rype og skogsfugl, medan fjørfe og annan fugl i fangenskap må haldast inne eller i nettingbur med tett tak.

Eksplosivt

Produksjonen av fjørfe er nær femdobla i tida frå 1968 til i dag, og veksten har vore størst i Asia. I Noreg produserer vi 78 millionar kyllingar i året, på verdsbasis er det snakk om 10 milliardar kyllingar, 5 milliardar verpehøns og 1 milliard andefuglar. Fugleflokkar der mange tusen stressa dyr står pakka tett saman, er som tørt gras, og influensavirus er gneisten som kan setje fyr på det heile.

I tillegg har vi i store delar av verda hogd ned skogane, dyrka opp slettelandet og tørka ut våtmarkene til bruk for intensivt jordbruk. Det blir stadig mindre plass att til dei ville fugleflokkane, og dei blir nøydde til å finne mat og kvile tett innpå menneska og husdyra våre. For vadefuglane har dette vore ei vond tid, medan grasetande fugleartar har nytt godt av utviklinga – og for mange bønder langs kysten har store flokkar med gjæser som beiter og skit ned grasavlinga, blitt ei årviss plage.

Rota til problema med fugleinfluensaen finn vi likevel i dei enorme flokkane med kylling, høns og tamme andefuglar der ufarlege virus kan få fotfeste og utvikle seg til høgpatogene pandemivirus. Sjølv om det ofte blir fort oppdaga og dei tamme fuglane blir slakta og destruerte, kan dei høgpatogene virusa lett spreie seg vidare til menneske, gris eller andre husdyr i ein vond og uryddig smittespiral, særleg i dei tett befolka områda i Kina og Søraust-Asia.

I grisebesetningar kan virusa byte genmateriale og på det viset utvikle nye og endå farlegare variantar. Influensa har mange gonger blitt spreidd med sal av levande dyr, og ikkje minst smittar det attende til villfugl, og slik kan viruset få venger og reise over heile verda.

I gresk mytologi høyrer vi om Nemesis, den vengjekledde gudinna for hemn og rettferd som blei trakassert av gudekongen Zevs. Ho forvandla seg til ei gås for å sleppe unna tilnærmingane, men Zevs gjorde seg om til ei svane og valdtok henne likevel. Så lenge vi brukar vår nær guddommelege teknologiske makt til å valdta naturen kring oss, kan vi nok sjå fram til fleire vitjingar av Nemesis i form av nye viruspandemiar.

Arve Nilsen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fugleflokkar der mange tusen stressa dyr står pakka tett saman, er som tørt gras.

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis