JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Fuglefôring

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Fôring av småfugl er ein tradisjon, men vi veit ikkje korleis dette grip inn i den naturlege reguleringa av bestandane.

Teikning: Nasjonalbiblioteket

5355
20220128
5355
20220128

Innimellom muterte virusvariantar, sørperas og stengde ferjesamband kan det vere godt å finne andre ting å fylle kvardagen med. Noko du kan gjere no midtvinters for samstundes å styrke sjelefreden og å ta vare på den nære naturen din, er å mate småfuglane.

Naturvernforbundet oppmodar oss kvart år om å spe på vintermenyen til dei små standfuglane, og ifølgje Bibelen skal Gud sjølv visstnok halde eit eige rekneskap over kor mange småsporvar som døyr. Men kor lurt er det for menneska å blande seg inn i naturen på denne måten?

Smittsamt

For det første: Vi har lenge blitt åtvara om at desse fuglevenene våre er små, fjørkledde smittebomber, fulle av salmonellabakteriar. Hos fugl finn vi stort sett bakteriar av typen Salmonella typhimurium, og Folkehelseinstituttet skriv at det er to klåre smittetoppar for denne bakterien her i Noreg, ein på etterjulsvinteren og ein i august. Den i august meiner dei kjem av smitte frå piggsvin som trekkjer inn i hagane, medan smitten om vinteren kjem frå nærkontakt med småfuglar ved mating.

Salmonella typhimurium er tarmbakteriar med god evne til å overleve i alle slags miljø, og dei kan gje sjukdom hos nær sagt alle typar landdyr, reptil, fuglar og pattedyr, inkludert menneske. Varianten vi finn hos småfuglane våre (København-varianten), vart truleg spreidd i naturen av eit dansk firma som i mellomkrigstida selde bakteriekulturar til biologisk krigføring mot mus (typhimurium = musedrepar).

Når salmonellabakteriane kjem inn i tarmen, kan dei skilje ut giftstoff, men meir alvorleg vert det når dei går inn i tarmceller og spreier seg vidare med blodet. Ein gjennomgått infeksjon gjev ikkje varig immunitet, men friske smitteberarar kan ha bakteriane i seg og spreie infeksjonen til andre i lang tid etter at symptoma er borte.

På fuglebrett kan det bli ei salig røre av fuglemat og fugleskit, og her spreier infeksjonane seg fort. Dei svakaste individa vil få kraftigast infeksjon, og hos døde småfuglar finn ein ofte mykje salmonella. Ornitologar tilrår difor at vi skrotar fuglebretta og går over til å servere maten i automatar som heng fritt.

Farleg

For det andre: Salmonella er berre eitt av trugsmåla småfuglane er utsette for når dei oppsøkjer maten du legg ut i hagen. I ei engelsk gransking fann dei at ein huskatt i gjennomsnitt drap om lag åtte småfuglar i året. Om dei 800.000 kattane i Noreg er like gode jegerar, vil det seie at meir enn seks millionar fuglar blir kattemat kvart år. I tillegg tek rovfugl som sporvehauk godt for seg, og der småfuglane sit tett saman på ein fôringsstad, kan dei vere lett bytte for angrep frå lufta.

For dei artane vi fôrar på om vinteren, er bestandane ifølgje Norsk ornitologisk foreining ganske stabile, men ikkje veldig store. Teljingane er rett nok usikre. I 2015 rekna ornitologane med ein bestand av kjøtmeis på opp mot to millionar, medan maksimale anslag for blåmeis var 350.000 og for den lett kjennelege dompapen berre 165.000. Skal det gje noka meining å fôre småfuglane for å berge livet deira, er det difor god folkeskikk å gje dei eit godt vern mot både kattar og rovfugl.

Kaldt

Forutan å ete mykje og feit mat må fuglane halde på varmen så godt som mogleg. Duna som ligg inn mot kroppen, vernar godt mot varmetap. Når det er kaldt, får fuglane det vi menneske kallar gåsehud – fjør og dun løftar seg litt frå kroppen for å lage eit større volum med isolerande luft. Fuglane har òg motstraums varmeveksling av blodet som går til føtene, slik at føtene held seg fleire grader kaldare enn kroppen, på det viset slepp dei å tape så mykje varme den vegen.

Å skru ned temperaturen om natta sparer straum for prissjokkerte nordmenn. Det kan òg hjelpe fuglane til å spare på verdfull energi. Men lågare kroppstemperatur om natta gjev litt dårlegare kvalitet på søvnen (mindre REM-søvn), og fuglar som driv med dette for lenge, vil bli utslitne og kan få mindre krefter til å skaffe seg mat og halde seg unna predatorar.

Nok energi til varmeproduksjon er difor viktig, og fleire artar, til dømes meisane, er gode til å gøyme mat for å ha noko å overleve på gjennom vinteren. Tilgangen på mat er òg med på å regulere kor mange par som hekkar i eit område.

Dødeleg krinsløp?

Konklusjonen er ikkje så oppløftande. For dei fuglane som held til i hagen din, er fôringa med på å gjere livet lettare, men fleire forskarar har åtvara om at når vi fôrar småfuglane, grip vi rett inn i evolusjonen utan nokon kunnskap om korleis dette på lang sikt vil verke inn på hekkeresultat, flokkstruktur og overlevingsevne. Det er òg verdt å leggje til at fuglemat er storindustri. Berre i USA og Storbritannia blir det fôra ut meir enn 500.000 tonn i året, nok til å halde liv i tre millionar svoltne menneske ein annan og mindre privilegert stad i verda.

Og ikkje minst – til ettertanke for deg som har katt og kosar deg med det, og som samstundes fôrar småfuglane samvitsfullt på fuglebrettet gjennom den kaldaste vinteren: I røynda fôrar du kanskje på eit dødeleg krinsløp: Maten trekkjer til seg fuglar, dei spreier salmonellabakteriar mellom kvarandre, og dei svakaste vil døy av infeksjonen. Katten (og rovfuglane) vil ete dei svake fuglane og sjølv bli smitta, og katten kan i neste omgang spreie smitten vidare til andre dyr i hagen eller til deg og ungane dine.

Arve Nilsen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

På fuglebrett kan det bli ei salig røre av fuglemat og fugleskit.

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis