JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Flått

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Skogflåtten (Ixodes ricinus) er ei plage for husdyr på beite.

Foto: Wikimedia Commons.

5589
20220819
5589
20220819

I sommar har flåtten fått hard konkurranse frå andre utrivelege fenomen som kvalrossar, klimatrøbbel og kraftkrise. Ikkje eingong spreiinga av monsterflått fulle av noko så illevarslande som Krim-Kongo-virus har fått monaleg merksemd i media. Med det dyriske perspektivet i denne spalta er det difor på tide å åtvare mot desse blodsugande middane og infeksjonane dei fører med seg.

Komplisert livssyklus

Flått finn vi over heile verda, og dei kan spreie ei lang rekkje virus, bakteriar og parasittar. Her i Noreg kjenner vi godt til skogflåtten, Ixodes ricinus, som er vanleg langs kysten opp til Dønna i Nordland, med spreidde observasjonar heilt opp til Finnmark. I Egersund blir flåtten kalla «lyngbob», andre stader i Rogaland er det vanleg med namnet «hantik», medan dei elles i landet gjerne blir omtala som «orelus» eller «skaubjønn».

Ein tett vegetasjon med god skugge og vern mot uttørking er naudsynt for at flåtten skal overleve. Flåtten treng òg ein høveleg lang og varm sommar for å formeire seg. Dei flåttane vi finn lengst nord i landet og oppe på fjellet, har nok haika dit med eit vertsdyr og er ikkje nye stabile populasjonar.

Livssyklusen til flåtten kan verke unødig komplisert, der dei først skifter mellom to mellomvertar før dei slår seg til ro som kjønnsmogne parasittar på større pattedyr, her i Noreg gjerne på ville hjortedyr. Når hoene er fulle av blod, slepper dei seg laus frå verten og legg opptil 2000 egg som etter ein månads tid blir klekte til ein halv millimeter store larvar. Desse brukar mus eller fugl som vert, der må dei suge seg fulle av blod, sleppe seg ned att i vegetasjonen og utvikle seg til ei nymfe som må ta om att same runden før ho endeleg kan utvikle seg til ein fullvaksen flått. Det tek to til tre år å gjennomføre ein slik syklus, og det er som regel høgsesong på forsommaren og så ein ny topp i august til oktober. Der det er milde vintrar, som i Rogaland, kan flåtten vere aktiv heile året.

Sjodogg

Flått syg blod og kan på det viset både ta til seg smitte og overføre smitte til nye vertar. I spyttet til flåtten kan det vere opptil tusen aktive stoff som blant anna har til funksjon å bedøve huda, å verne flåtten mot å bli oppdaga og angripen av immunforsvaret til verten og å hindre at blodet koagulerer medan dei et. Spreiing av infeksjonar skjer ofte ved at bakteriane formeirar seg inne i flåtten og så blir overførte til spyttkjertlane når flåtten syg blod frå ein ny vert.

Den frykta borreliosen er ein sjeldan sjukdom hos husdyr, men ein annan vanleg bakterie hos flått er Anaplasma phagocytophilum, som kan smitte både menneske, hund, katt og større husdyr. Mest vanleg er denne sjukdommen hos sau, der han frå gamalt har fått namnet sjodogg («sjødogg») fordi folk trudde dyra vart sjuke av å gå på varme beite nede ved sjøen. Sjodogg var kjent i hardangerområdet alt på 1700-talet og er i dag den mest vanlege flåttborne sjukdommen hos sau i Noreg, med om lag fem hundre tusen tilfelle kvart år, dei fleste hos lam. Anaplasma-bakteriane angrip kvite blodceller, og med det svekkjer dei kroppens forsvar mot alle typar infeksjonar, vanlege følgjeskadar er leddbetennelse, lungebetennelse eller blodforgifting.

Det finst ingen vaksine mot sjodogg, i den akutte fasen kan antibiotikabehandling få ned feberen og hindre alvorleg sjukdom, men mange dyr kan bli så svekte eller skadde at det er uråd å finne noko botemiddel. Smitte til menneske vart oppdaga for første gong i Noreg i 1998, det er til no få rapporterte sjukdomstilfelle, men i dei mest belasta områda kan så mykje som ein sjettedel av befolkninga vere antistoffpositive.

Betennelse og blodpiss

Sau kan òg bli råka av eit flavivirus som gjev hjernebetennelse, eit virus i den same gruppa som dei som gjev hjernebetennelse hos menneske (TBE-virus). Denne sjukdommen har lenge vore vanleg hos sau i Storbritannia, og der fekk han namnet louping ill – artig nok etter det gamle norske ordet loup som tyder å hoppe eller å bykse.

Det vanlegaste symptomet er at dyra mister muskelkrafta, men manglande koordinering, særleg i bakparten, med påfølgjande krampaktig hopping framover kan òg vere eit symptom på dei nerveskadane dyra får etter infeksjon. Louping ill kom truleg til Noreg med infisert flått på importerte dyr, viruset finst nok enno i naturen her i landet, men det siste kjende tilfellet av sjukdom hos sau var i 1991. Her finst det også ein effektiv vaksine på marknaden.

Ein liten blodparasitt som kan bli overført med flått, gjev hos storfe sjukdommen «blodpiss». Dyra får kraftig feber i to til tre dagar, og urinen blir blodfarga. Parasitten (Babesia divergens) øydelegg dei raude blodcellene, og det er hemoglobin frå dei sprengde blodcellene som fargar urinen raudbrun. Eldre dyr blir gradvis immune mot smitte, og dei kraftigaste symptoma kjem på dyr som har blitt flytta frå eit smittefritt beite til eit med mykje babesia-parasittar.

Til slutt er det viktig å nemne at flåtten i seg sjølv kan vere ei stor plage for beitedyra. Hos lam kan flåttbita føre til ubehagelege tilleggsinfeksjonar i huda, og ved retteleg kraftige angrep kan dei minste dyra bli svekte. Landskap som gror att med mykje kratt og tett undervegetasjon kombinert med varmare og fuktigare klima og store bestandar av hjortedyr som er gode vertar for flåtten, kan gjere det utriveleg å sleppe dyr på beite mange stader langs kysten. Beiterydding, å unngå sterkt smitta beite og å gjennomføre god behandling mot flått er viktige tiltak for å sikre god dyrevelferd.

Arve Nilsen

Takk til veterinær og flåttforskar Snorre Stuen (NMBU) for stødig fagleg rettleiing!

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Thor Magnus Tangerås debuterte som lyrikar i 2022.

Foto: Tove K. Breistein

Meldingar

Flyg høgt

Thor Magnus Tangerås skriv ujamt om naturen og teknikken i Landskap med vindturbinar.

Kjetil Berthelsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis