JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Feitt nok

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein overvektig hund har ikkje eit godt hundeliv.

Foto: Pixabay

4818
20211224
4818
20211224

Hundar er opphaveleg åtseletarar som et alt dei kjem over, men der dei ville hundedyra lever på ei blanding av byttedyr, sjølvdaude dyr, bær, frukt og insekt, har dei tamme hundane tilpassa seg den karbohydratrike kosten dei finn i nærleiken av menneskebustadene. Likevel har hundar vi held som kjæledyr, framleis den same trongen til å ete kjøt som dei ville slektningane.

Godt rotna

Hundedyra har tilpassa seg eit liv der dei et sjeldan og mykje. Det kan vere mykje mat i eit daudt byttedyr, men i naturen er konkurransen stor, og ingen kan vite sikkert når måltidet er over, eller når det blir mat neste gong.

Difor har hundane evne til å overfylle magesekken og ta med maten for seinare å kaste han opp. På det viset kan dei dele overskotet med kvalpane, drektige tisper eller andre i flokken som ikkje kunne vere med på sjølve måltidet. Både ulvar, revar og villhundar deler mat på dette viset, noko som er ein viktig del av oppfostringa av kvalpane, og som òg styrker dei sosiale banda mellom dei vaksne individa.

Hundar skil ut 100 gonger meir magesyre enn menneske, og det gjer det mogleg å bryte ned og fordøye rått kjøt og beinrestar. Men er det overskot av mat, vil hundane prioritere lettfordøyeleg mat som feitt og innvolar og leggje bein og det seige kjøtet til modning.

Hundar har truleg ei god evne til kjenne att lukta av «godt rotna mat», som ein parallell til gleda folk kan ha over å ete gamalost eller rakefisk, og dei kan lett finne att nedgravne matrestar for å halde fram med festen. Den sterke magesyra gjev òg hundane eit godt vern mot matforgiftning.

Feiltolking

Det er vanleg å gje hundar ferdigprodusert hundefôr, og marknadsføring og sal av fôr til kjæledyr er ein storindustri. Det er riktig at hundar ikkje toler alt det vi menneske et, og særleg i jula er det mykje godteri og festmat som er direkte giftig for hundar, men om du tek omsyn til dette, kan heimelaga mat vere like sunt og helsebringande som det ferdigproduserte hundefôret. Og det er heller ikkje noko forsking som tyder på at dei blir feitare av heimelaga mat. Det er kor ofte hunden et og samla mengde mat som er viktigast.

For hundane er det eit problem at vi menneske systematisk feiltolkar dyreåtferda. At hunden tigg om mat, treng ikkje vere eit signal om han er svolten, men meir eit ønske om å bli inkludert i det sosiale samværet. For hundar er som folk, dei vil vere med der det skjer, og når vi samlar oss kring bordet, har hunden ein naturleg trong til å delta.

Overvekt

Veterinærar reknar ein hund som moderat overvektig når kroppsvekta er meir enn 10 prosent over idealvekta. Meir enn 20 prosent over idealvekta blir diagnostisert som sjukleg overvekt. Det vil seie at ein cavalier king charles spaniel eller ein dachs som er halvannan kilo over normalvekt, er farleg feit. Eit enkelt råd er å kjenne etter om du finn ryggvirvlar og ribbein. På ein sunn hund skal det vere mogleg å telje ribbeina, viss ikkje er feittlaget for tjukt.

I europeiske undersøkingar har dei funne at opptil halvparten av hundane er overvektige. I nokre studiar finn dei samanheng mellom vektproblem hos hund og eigar, folk med høg kroppsvekt ser i alle fall ut til å trivast betre med overvektige kjæledyr.

Hohundar blir lettare overvektige enn hannhundar, kastrerte hundar blir rolegare og treng mindre mat, og overvekt er eit større problem hos nokre av dei mest populære rasane, til dømes labrador retriever, cocker spaniel, cavalier king charles spaniel, dachs og shetland sheepdog. For hundar flest aukar vekta òg med alderen, samstundes som overvekt fører til ei rekkje helseplager som kan gjere livet kortare.

Redusert livskvalitet

Det største velferdsproblemet for overvektige hundar er nok ikkje ein tidleg daud, men redusert livskvalitet. Ledd og leddband får meir slitasje, og det fører til smerter og mindre aktivitet. Overvektige hundar har det tungt i varmen, på dei kortsnuta rasane kan luftrøyret klappe saman av varmestresset (trachealkollaps), og feite hundar får oftare kreft og infeksjonar. Like viktig som sjukdommane er det at hunden din blir overvektig fordi han får for mykje mat og for lite mosjon og leik. Fleire måltid om dagen kan ikkje erstatte dei kvalitetane som ligg i å vere ute og i aktivitet.

Dei færraste trur at hundar kan gjere seg førestillingar om framtida, at hundar har tankar om dauden eller grundar på meininga med livet. Men vi veit at hundar blir tilfredse av å vere trygge og mette og i lag med flokken sin, og at dei har det best når dei kan leve ut naturlege behov.

Og det er eit grunnleggjande behov for alle hundar å kunne springe ute i naturen, der dei kan kjenne flaumen av luktar og få lov til å sanse verda med heile sin hundeskapnad.

Arve Nilsen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det største velferdsproblemet for over­vektige hundar er nok ikkje ein tidleg daud, men redusert livskvalitet.

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis