JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Familieterapi

I dag har om lag 40 prosent av husstandane i Noreg eitt eller fleire familiedyr.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Familiedyr blir ein stadig større del av kvardagen for menneske over heile verda.

Familiedyr blir ein stadig større del av kvardagen for menneske over heile verda.

Illustrasjonsfoto: Yekatseryna Netuk / Shutterstock / NTB

Familiedyr blir ein stadig større del av kvardagen for menneske over heile verda.

Familiedyr blir ein stadig større del av kvardagen for menneske over heile verda.

Illustrasjonsfoto: Yekatseryna Netuk / Shutterstock / NTB

9482
20230519
9482
20230519

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Under pandemien auka talet på familiedyr kraftig, og det er i dag om lag 560.000 hundar og 750.000 katter i Noreg.

Medan dyra blir stadig meir fullverdige medlemmar av familien, skortar det ofte på eigarane sin kunnskap om kva dyr treng av fôr, stell og mosjon. På veterinærklinikkane blir venteromma fylte opp av dyr som slit med livsstilssjukdommar som depresjon, overvekt eller magetrøbbel.

Vanskelege val

Ein del familiar har faste dyrevenner og held seg trufast til éin type dyr. Jegerar og friluftsfolk har gjerne ein setter, retriever, vorsteher eller dachs. Andre kan ikkje tenkje seg livet utan ein katt i glaskarmen. Men mange står framfor det vanskelege valet: Skal vi ha eit nytt dyr, og kva slags dyr og kva rase skal vi velje?

På nettsidene til Mattilsynet kan du blant anna lese at det å ha kjæledyr er eit stort ansvar, og at det offentlege regelverket ikkje er godt nok til å kunne sikre god dyrevelferd. Born under 16 år skal ikkje ha eineansvar for levande dyr, og alle vaksne som skaffar seg dyr, pliktar å setje seg godt inn i dyrets behov og leggje til rette for at det skal ha eit godt liv.

Hilde Røssland er dyrlege og leiar for Smådyrpraktiserende veterinærers forening (SVF). Hennar råd til dei som vil gjere eit godt val av dyr til familien, er dette: Vil du ha ein kamerat for tur og friluftsliv, kjøp hund, vil du ha eit koseleg dyr til å ha inne i huset, skaff deg ein katt. Røssland meiner også at når du kjøper deg hund og katt, har du ansvar for å velje dyr frå ein sunn rase, med klar adresse til den nylege rettssaka om skadeleg hundeavl mellom Dyrebeskyttelsen og hundeavlsmiljøet med Norsk Kennel Klub i spissen.

Veterinærforeininga har lenge vore kritiske til avl på hundar og katter der arvelege sjukdommar og helseplager er ein del av den vedtekne rasestandarden, som hos kortsnuta hundar av rasane bulldogg og cavalier king charles spaniel.

Dei fleste smådyrpraktiserande veterinærane vi har snakka med, er einige i at mange som eig familiedyr, har altfor dårleg kunnskap om biologi og åtferd til å kunne gje dyra eit godt liv i fangenskap. Det du kan finne av informasjon på Facebook eller andre nettstader, er ikkje nok, og det offentlege regelverket er for dårleg.

Miljøavtrykket frå familiedyra kjem i stor grad frå produksjon og omsetjing av dyrefôr.

Miljøavtrykket frå familiedyra kjem i stor grad frå produksjon og omsetjing av dyrefôr.

Kritisk dårleg velferd for kaninar er til dømes eit kjent tema blant veterinærane, der overvekt og store tannproblem er blant dei mest vanlege helseproblema. Mange fuglar slit med isolasjon og feilernæring. Det er til dømes enno lov å halde papegøyar åleine i bur som er så små at dei ikkje kan bruke vengjene – noko som gjer problemet med eventuell overfôring endå større. Små bur er ikkje nokon naturleg eller god bustad for korkje fuglar eller andre dyr.

Velferd for alle?

Vurdering av dyrevelferd blir ofte delt inn i tre tema: om dyra er friske og fungerer godt (korleis dei har det), den emosjonelle tilstanden deira (korleis dei tek det), og om det er mogleg for dyra å leve eit liv i pakt med deira antatt naturlege behov (kva dei held på med). Korleis skal vi så vurdere velferda til det store mangfaldet av familiedyr: kanarifuglar, marsvin, fisk, kanin, ilder, hamster, smågnagarar, papegøyar og reptil?

For det første er det vi kallar familiedyr, ei rekkje ulike artar med stor skilnad på kva dei har av grunnleggjande behov for miljø, fôr, stell og sosial kontakt. For det andre er dette i stor grad ville dyr vi har fanga inn, og der graden av temjing er høgst variabel. I tillegg har dei fleste av desse dyra ein anatomi og eit kroppsspråk som er så framandt for oss menneske at det er vanskeleg å forstå om dei er friske, kva mental tilstand dei er i, og om åtferda deira er normal eller eit teikn på at noko er gale.

Dyr som lever i eit kunstig og lite stimulerande miljø og ikkje får dekt sine grunnleggjande behov for naturleg åtferd og for sosialt fellesskap med artsfrendar, har ikkje eit godt liv. Det vi i staden byr dei på, er gjerne ein pynta versjon av fangeleiren Guantánamo: fengsling og isolasjon utan lov og dom. I tillegg kjem problemet med illegal fangst og smugling av til dømes fuglar, slangar og skjelpadder. Dei illegale dyra har ofte svært dårleg velferd, mange døyr under fangst og transport, og denne kriminelle verksemda er også eit trugsmål mot mange ville bestandar.

Vanvitig

Dei første familiedyra var dei dyra som kom frivillig, hund og katt. Båe desse artane fann truleg mat og ly i nærleiken av buplassane til menneske, og gjennom temjing i fleire fasar vart dei etter kvart innlemma i vår familie. I den første tida kunne dei nye familiedyra enno ha nær kontakt med naturen rundt og med ville slektningar, på det viset kunne dei også halde på delar av den opphavlege genetiske arven. Men etter kvart som menneska tok i bruk systematisk avl, endra vi raskt eigenskapane og utsjånaden til dyra.

For familiehunden har avl blitt brukt til å fø fram rasar med spesialiserte eigenskapar, med tidleg utvikling av spesialiserte hundar brukte til vakthald, jakt eller berre til stas. Den mest intense avlen har likevel skjedd dei siste 200 åra, og det med dramatisk negative følger for hundehelsa.

Den ekstreme innavlen slår ulikt ut på forskjellige hunderasar. Dei store og tunge hundane er særleg hardt råka, medan lettare gards- og jakthundar kan klare seg betre. I nokre av dei små populasjonane har oppdrettarane hatt flaks og starta avlsprogrammet med dyr som har normal utsjånad og lite arveleg sjukdom, difor kan innavl gå føre seg utan altfor dramatiske negative konsekvensar. I andre rasar har utganspunktet vore dårleg, og lang tid med innavl forsterkar problema. Mykje av det same ser vi i dei mest innavla katterasane.

Ei rekkje studiar på genetikk og helse hos ulike hunderasar slår fast at innavl på det nivået som går føre seg i moderne hundehald, fører til eit kortare liv og nesten tre gonger meir sjukdom enn hos ein blandingshund. Ved å krysse inn nokre få, normale hundar frå andre rasar er det mogleg å redusere slektskapet og motverke dei verste skadeverknadane, men oppdrettarane har vore merkeleg skeptiske til å prøve dette.

Den omtalte rettssaka om helseskadeleg hundeavl har vore innom både tingretten og lagmannsretten, og tvisten endar truleg i høgsterett. Diskusjonen om etikk og husdyravl bør halde fram inntil vi har vraka den vanvitige vrangførestillinga om at det er noko vakkert med vanskapte dyr.

Kaninar er søte dyr, men slit ofte med store helseplager på grunn av feilernæring og altfor lite mosjon.

Kaninar er søte dyr, men slit ofte med store helseplager på grunn av feilernæring og altfor lite mosjon.

Globalt poteavtrykk

I samfunn som lever tett på natur med stort mangfald av artar, er det vanleg å halde mange ulike dyr som familiedyr, men dagens praksis med hald av familiedyr slik vi kjenner det, er eit ganske nytt fenomen. Sjølv om folk før i tida sikkert var glade i dyra sine, hadde dei som regel slike husdyr for å få løyst spesifikke oppgåver – kattane tok rotter og mus, hundane kunne jobbe som gjetarar eller jakthundar. Etter kvart blei desse smådyra eit fenomen for overklassen, eit av mange prov på skiljet mellom dei som levde på eksistensminimum og dei som levde i overflod.

I dag er familiedyr blitt storindustri og ei merkevare for økonomisk vekst. I Noreg har om lag 40 prosent av husstandane familiedyr – i tillegg til hundar og kattar har vi ei mengd med gnagarar (200.000), kaninar (72.000), burfuglar (135.000), ilderar (4.500) og andre skapningar. Norske hundar og kattar et 50.000 til 60.000 tonn fôr i året, nok til å kunne halde liv i 180.000 menneske.

Helvta av tørrfôret er laga av landbruksprodukt som mais, ris eller kveite, resten er ulike råvarer av fisk eller kjøt. Ser vi verda under eitt, tek dyrking av fôr til familiedyr eit areal to gonger storleiken av Storbritannia. I tillegg dreg det store talet eigarlause hundar og katter med seg problem som sjukdom og parasittar, som kan spreie seg til husdyr og menneske.

Under europeiske tilhøve vil ein hund stå for om lag 7 posent av klimautsleppet frå eit menneske, der mesteparten av klimaeffekten kjem frå bruk av hundefôr. I 2022 vart det omsett 50 milliardar kilo fôr til familiedyr, med forventa 40 posent vekst dei neste fem åra. Mykje av veksten vil kome til å skje i Asia.

tradisjonar

I Kina vil unge menneske no bli del av den moderne verda, med det høyrer også familiedyr. Under kulturrevolusjonen bestemte Mao at slike husdyr var eit fenomen for borgarskapet og difor burde utrydjast, i likskap med praksis for handtering av politiske motstandarar.

I tida mellom 1983 og 1993 var det eit omfattande utbrot av rabies over heile landet, og mange kinesiske byar hadde forbod mot å halde hund. I tillegg har det vore vanleg tradisjon å ete hund og katt, særleg i dei sørlege provinsane. I Guandong er gryteretten «drage, tiger, føniks» (slange, katt og kylling) rekna for å vere særskilt styrkande.

Med ønsket om å bli borgarar av ein global middelklasse må dei unge kinesarane ta eit oppgjer med alle desse tradisjonane, noko som òg viser tydeleg på kven som har familiedyr. China Business Review skreiv sommaren 2021 at helvta av dyra blir eigde av folk under 30 år, og at mange av eigarane har høg utdanning samanlikna med gjennomsnittet i befolkninga. Dei unge, velutdanna kinesarane sitt syn på familiedyra og velferda deira er i stor grad resultatet av at dyr er ein marknad for unyttig konsum og gjennom det ein markør for opphøgd kulturell identitet.

Arve Nilsen

Diskusjonen om etikk og husdyravl bør halde fram inntil vi har vraka den vanvitige vrangførestillinga om at det er noko vakkert med vanskapte dyr.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis