JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Ein fangstnasjon i forfall

Laurdag 1. april gjekk startskotet for årets sel- og kvalfangst. Medan statsministeren og finansministeren streva med å skaffe støttespelarar til den nye lakseskatten, tok fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran ansvaret for å auke kvoten på vågekval med 83 dyr til ein totalkvote på 1000 dyr.

Skotet gjekk. Olav Husa på kvalfangstskuta «Olavson» fekk inn eit reint treff i bringa på vågekvalen ein gong i 2017.

Arkivfoto: Per Anders Todal

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
12402
20230526

Dyrisk spesial

Veterinær Arve Nilsen skriv om dyreliv og veterinærspørsmål.

Nærings- og fiskeridepartementet sende også ut ei pressemelding der dei slo fast at kvalkjøt er sunn og kortreist mat, og at norsk kvalfangst er eit lite, men viktig bidrag til å nå FNs mål om betre berekraft.

I meldinga vert det vist til at vi har meir enn 100.000 vågekval i norske farvatn, at kvotane er delte ut i samråd med vitskapskomiteen i Den internasjonale kvalfangskommisjonen (IWC), og at moderne kvalfangst har høg standard for fangstmetodar og dyrevelferd. Det er òg regjeringa sitt syn at kvalane et store mengder fisk som kunne ha vore mat for menneske og andre artar i havet, og at kvalfangst er med på å sikre balansen i dei marine økosystema.

Men kva er stoda for Noreg som fangstnasjon i nord?

Kultur eller umoral

Her i landet vekkjer kvalfangst og selfangst i alle høve sterke kjensler. Mange ser denne fangsten som symbol på ein kultur tufta på hausting av mat frå naturen. Andre meiner at selane er for søte til at vi kan drepe dei på denne måten, og at kvalfangst er umoralsk fordi kvalane har ein mykje betre intellektuell og emosjonell kapasitet enn alle andre pattedyr. Og framleis er tida med industriell fangst og nærast utrydding av storkval i Sørishavet ein skamplett for dei nasjonane som var innblanda, inkludert Noreg.

For vågekvalane er situasjonen langt frå kritisk. Dei siste tala frå IWC syner at det no finst om lag 150.000 dyr, og dagens avgrensa fangst av vågekval har ingen negative konsekvensar for bestanden. Dyrevelferda ved dagens fangst av småkval ser òg ut til å vere god, skal vi tru innhaldet i ein rapport Dyrehelsetilsynet (no Mattilsynet) fekk laga i 2004. Moderne kvalfangst kan vise til kort avlivingstid (kort TTD = tid til død) og lite skadeskyting (høg IDR = instantaneous death rate), og rapporten vurderer dyrevelferda ved avliving av kval som god.

Granatharpun overtok for kaldharpun frå 1984 og betre granatar kom i bruk frå 2000. Det er no krav om systematisk opplæring og skyteprøve for kvalfangarar, og skyttarane blir trena opp til å skyte kvalen frå sida (akseptert skotvinkel frå 45 til 135 grader) og råke brystregionen, på same vis som i skyteprøvene til storviltjakt.

Med kaldharpun var det berre 17 prosent av dyra som mista medvitet momentant. Med granatharpun og betre opplæring i skyting og treffstad er detta auka til 82 prosent. Dersom dyra ikkje døyr av harpuntreffet, skal jaktlaget avlive dei så raskt som mogleg ved å skyte dei i hovudet med rifle på kloss hald.

Rapporten blei laga av Cecilie Mejdell, veterinær og forskar på dyrevelferd ved Veterinærinstituttet på Ås. Ho meiner at det er store skilnader mellom artane. Spekkhoggarar og delfinar er aktive og intelligente rovdyr som er avhengige av godt samarbeid og kommunikasjonsevne, medan dei store bardekvalane i levesett og intelligens kanskje er meir å likne med det vi har av planteetarar på landjorda, som kyr eller sauar.

Norsk selfangar med hakapik på isen utanfor Newfoundland i 1977.

Foto: Svein Hammerstad / NTB

Kule og hakapik

1. april var også starten for den norske selfangsten. Så seint som på 1970-talet tok norske selfangarar om lag 100.000 dyr i året i drivisen vest for Jan Mayen (Vesterisen) og i grenseområda mot dagens Russland (Austisen).

Det som skapte mest oppstyr om seljakta internasjonalt, var den gamle praksisen med å klubbe i hel ungane til grønlandsselen. Det skjedde medan ungane enno hadde den kvite ungepelsen og var beskytta av mora. Kombinasjonen av blod, is, kvit pels og desperate selmødrer var ikkje nokon god reklame for norsk fangskultur.

No er det forbod mot å drepe ungane før dei er avvende frå mora. Det er framleis lov å slå ungane i hel med hakapik som einaste våpen, men dei fleste ungane blir avliva ved skyting fordi dei avvende ungane er så raske i rørslene at det er vanskeleg å kome nær nok til å slå dei i hel.

Etter skytinga skal selfangarane så fort som mogleg slå selen i hovudet med hakapik, og dei skal stikke for å tappe ut blodet raskast mogleg. For norske selfangarar er det krav om at selen må skytast medan dei ligg oppå isen, det er ikkje lov til å skyte dyr som er i vatnet, på grunn av faren for skadeskyting.

For å kunne måle dyrevelferda under jakt er det to variablar forskarane er interesserte i å registrere; tid til daud (TTD) og andelen dyr som døyr momentant (Instantaneous death rate = IDR). Ved ein studie av ulike kuletypar til bruk ved skyting av ungar av grønlandssel fann dei norske forskarane Kathrine A. Ryeng og Stig Einride Larsen ein IDR på 84 prosent, og best ved bruk av kraftig ekspanderande kule. Det tok 14 sekund frå kula trefte til dyra viste teikn til postmortelle krampar, og TTD var på om lag eitt minutt.

Veterinær Kathrine A. Ryeng, som var med på denne undersøkinga, er tilsett ved Havforskingsinstituttet i Tromsø som rådgjevar for dyrevelferd hos sjøpattedyr. Med erfaring frå selfangst både som forskar og som undervisar for sel- og kvalfangarar meiner ho dei moderne metodane for fangst av sel i Noreg er godt tilpassa dagens krav til dyrevelferd, og at det er tvilsamt om til dømes storviltjakt kan vise til betre standardar for dyrevelferd.

Kvalen blir bløgga så fort som mogleg, og sjøen blir ein dramatisk akvarell.

Foto: Per Anders Todal

Betre vern

I dag er det heller ikkje jakt som er det største trugsmålet mot kval og andre marine pattedyr, men at dyr blir skadde eller drepne i kollisjonar med båtar eller ved å setje seg fast i fiskeutstyr. Forureining og båttrafikk har ført til stadig dårlegare levekår for slektningane våre i havet.

At sel og niser som går seg fast i garn, kan bli fanga under vatn og drukne på staden, er eit kjent problem. I Noreg druknar kring 1600 niser kvart år, i heile Nord-Atlanteren er talet over 15.000. Tapstala er truleg ikkje store nok til å truge bestandane, men lidingane er store og meir må gjerast for å hindre desse dyretragediane. Stor kval, dømes knølkval, vil ha krefter nok til å dra med seg fiskeutstyret til overflata slik at han får puste. Men dyra kan bli skadde av tauverket og i verste fall gå ein langsam død i møte.

Det er både vanskeleg og farleg å frigjere slike store dyr frå tau og garnrestar. Difor har vi i Noreg fått på plass ei nasjonal vaktteneste for å hjelpe ville sjøpattedyr i naud: dyr som er synleg sjuke, som har gått seg fast i fiskeutstyr eller marint søppel, har gått seg opp på land eller blitt fanga inne i tronge fjordar eller pollar.

Folk som oppdagar slikt, kan no melde frå til Fiskeridirektoratets sjøteneste, som har både folk, utstyr og ansvar for å rykkje ut og redde dei naudstilte dyra. Sjøtenesta samarbeider tett med Kystvakta og Havforskingsinstituttet. Dei som jobbar med dette, har vore på kurs for å lære å frigjere stor kval, og dei har kjøpt inn våpen og spesialutstyr for å kutte laus kval frå tau og fiskereiskapar. Det er òg laga prosedyrar for å få kval ut av oppdrettsmerdar med minst mogleg rømming av fisk (stikkord: ikkje skyt kvalen først!).

Kortreist mat

At bestandane av grønlandssel og vågekval ikkje er truga, og at det er mogleg å avlive dei utan for mykje liding, er godt nytt, men det i seg sjølv gjer det ikkje naudsynt å halde fram med dagens jakt. Kva då med argumentet om at kvalfangst kan vere eit lite, men viktig bidrag til å skaffe kortreist mat til verda?

Av dei små vågekvalkvotane på om lag 1000 dyr er det dei siste åra berre skote om lag halvparten. Låg etterspurnad pressar prisane på kvalkjøtet ned, og minsteprisen for ein kilo kvalkjøt levert til mottak er no 37,50 kroner. Frå ein vågekval på 5 tonn er utbyttet kanskje 1,5 tonn kjøt. Spekket og finnane er i dag heilt utan kommersiell verdi.

Med ein omsetjingsverdi på 55.000 kroner er difor ein kval nett no like mykje verd som 150 ferdig slakta og sløgde oppdrettslaks. Argumentet om at kvalkjøt er med på å sikre verda berekraftig mat, er difor tynnare enn pengeboka til folk flest etter den siste auken i lånerenta frå Noregs Bank.

Ferskt selkjøt er møyrt, har nesten svart farge og slepper mykje blodvatn ved tining, og det harsknar fort på turen heim frå fangstfelta. Salte luffar (sveiver) var ein gong rekna som ei delikatesse, men dette er tradisjonsmat som ikkje har klart å halde seg på moten hos dagens forbrukarar. Med manglande marknad for både kjøt og skinn gjev staten difor ein symbolsk stønad (1,5 millionar i 2023) til båtar og mottak som driv fangst og omsetjing av selprodukt. Selkjøt ser med andre ord heller ikkje ut til å vere det vi skal leve av i framtida.

For mange dyr i havet?

Fleire artar av sjøpattedyr står framleis på lista som kritisk truga. Dette gjeld i fyrste rekkje bardekvalartar som blåkval, grønlandskval og nordkaper. Kvalross finn vi no berre i Nordishavet, klappmyss er totalfreda etter mange tiår med uvettig jakt, medan ringsel og grønlandssel har store og livskraftige bestandar. Bestandane av kystsel som steinkobbe og havert er på nokre få tusen dyr, og ei streng regulering av jakta blei innført i 1996.

Og om fredinga fungerer, vil det bli fleire pattedyr i havet. Kva om Skjæran har rett i at freding fører til så store bestandar av sjøpattedyr at dei blir eit trugsmål både mot oss og mot kvarandre? Eller sagt på ein annan måte: Når vi på den eine sida er i gang med å tømme havet for fisk, kan vi då koste på oss den luksusen det er, å byggje opp att levekraftige bestandar av sjøpattedyr som skal leve av dei same ressursane? Vil det å skyte 500 vågekval og nokre tusen sel i året kunne vere eit viktig bidrag til meir balanserte marine økosystem i nordområda?

Spørsmåla er mange og kompliserte. Det artige her er at ei gruppe med forskarar frå Noreg, Island og Færøyane nyleg har sett seg føre å finne ut av dette, og dei har publisert talmaterialet og vurderingane sine i ICES Journal of Marine Science.

I artikkelen har forskarane analysert storleiken på bestandane av sel, tannkval og bardekval i nordområda og kopla dette til kunnskapen om migrasjon og diett for dei ulike artane. Flest sjøpattedyr er det i kystsona til Island, der både bardekval (vågekval, finnkval og knølkval) og tannkval (grindkval og spermkval) gjer store innhogg i det marine matfatet.

Sel har ein variert meny og kan ete torsk og andre kommersielt viktige fiskeslag, og både vågekval og spekkhoggarar kan forsyne seg av pelagisk fisk som sild og lodde. Men størsteparten av dietten til kvalane er henta langt nede i næringsveven, og det er krill, andre krepsdyr og blekksprut som utgjer dei største voluma. Rapporten viser tydeleg at vi ikkje har grunnlag for å hevde at bestandane av kval og sel i Norskehavet og Barents-regionen i vesentleg grad konkurrerer med oss menneske om ressursane i havet, og vi treng heller ikkje ottast for at dyra i havet et opp for kvarandre.

Statsregulert blot

Vi treng eigentleg ikkje store forskingsrapportar for å rekne ut at dagens jakt på kval og sel er på eit så minimalt nivå at det ikkje kan ha nokon målbar effekt på bestandane av fisk eller andre byttedyr. I staden for å sjå på sjøpattedyra som eit trugsmål kan meir kunnskap om den naturlege rolla dei har i havet, kanskje syne oss at kval og andre marine pattedyr har betydelege positive verknader på dei marine økosystema.

Kva oppvarminga av havet vil bety for dyrelivet i nordområda, er også uvisst. Vi bør difor lytte til dei forskarane som tilrår at vi i staden for å skyte fleire sjøpattedyr, må skaffe betre kunnskap om heilskapen i dei marine økosystema, og ikkje minst at vi må forvalte fiskeressursane på ein måte som tek omsyn til heile næringsveven, også pattedyra.

Den norske sel- og kvalfangsten er i dag nær ikkje-eksisterande, som resultat av den aukande folkelege motstanden i Europa og elles i verda. Fangsten av sjøpattedyr er redusert til eit statsregulert blot som skal halde liv i førestillinga om Noreg som ein fangstnasjon i nord.

Å skyte nokre få vågekval og å gje offentleg støtte til å sende ut båtar og halde opne mottak for selkjøt har liten verdi for næringsliv og busetjing og absolutt ingen verdi som ressursforvaltning. Den politiske grunngjevinga, slik ho blir formulert av fiskeriministeren, må heller tolkast som slagord brukt som agn for stemmefiske i eit stadig meir avfolka Kyst-Noreg.

Arve Nilsen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Nye rekruttar til Ukrainas 3. åtaksbrigade trenar ved Kyiv 9. april 2024. Menn i våpenfør alder som nektar mobilisering, kan få fengselsstraff på mellom tre og fem år.

Foto: Vadim Ghirda / AP / NTB

KrigSamfunn

Tårer på jernbanestasjonen

For ei veke sidan vende eg enda ein gong attende til Ukraina etter tre veker i Europa. Denne gongen gjekk heimvegen gjennom den slovakiske byen Kosice, som ligg 120 kilometer frå grensa til Ukraina.

Andrej Kurkov

Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Foto via Wikimedia Commons

KunnskapFeature
Arve Nilsen

Skjelpadder

Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta.

Biletet syner Blixtunnelen på Follobanen rett før opninga i desember 2022. Nokre dagar etter vart tunnelen stengd på grunn av varmgang i kablane. Opprettinga skal vare til desember i år.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Politiske signalfeil

Det er mange grunnar til at toget ikkje går når det skal i Noreg. Her er nokre av dei.

Ikkje berre krig og kriser kan føre til legemiddelmangel. Heile leveringskjeda er sårbar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Det veikaste leddet i legemiddelkjeda

Europeiske land bør samarbeide for å sikre forsyninga av legemiddel, seier professor Marianne Jahre.

KommentarSamfunn

Sjølvmord av frykt for dauden

Macron-strategien for nyval fremjar det han vil unngå.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis