JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Døyr fe, døyr frendar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mange fisk døyr på grunn av lakselus og lusebehandling.

Foto: Arve Nilsen

4276
20210917
4276
20210917

I norske fiskeoppdrettsanlegg blir det kvart år sett ut om lag 300 millionar laks og aure, og kvart år døyr vel 50 millionar av desse før dei har vorte store nok til å bli slakta. I tillegg kjem dei mange millionane reinsefisk som døyr eller forsvinn frå merdane. Vi veit for lite om kvifor all denne fisken døyr, og berre å vite kor mange som døyr, gjev oss ikkje nokon presis informasjon om fiskehelse og fiskevelferd.

I Håvamål kan vi lese visdomsord og formaningar frå norrøn tid, ei av mine favorittstrofer er denne: «Døyr fe; døyr frendar; døyr sjølv det same. Eg veit eitt som aldri døyr, dom um daudan kvar.»

Det å bry seg om husdyra sine er med andre ord ikkje ei ny oppfinning. Og det har til alle tider vore ei trøyst å innsjå at vi alle skal døy, men innan det skjer, meiner eg vi har plikt til å gjere ein større innsats for husdyra våre, fisken inkludert.

Ei våt grav

I dei beste oppdrettsanlegga døyr mindre enn 5 prosent av laksen i løpet av heile levetida i merdane, men i dei hardast råka anlegga kan det vere like mange som døyr på berre éin månad. Ved alvorlege sjukdommar eller miljøproblem (som algar) kan størsteparten av all fisken på ein lokalitet stryke med på kort tid.

Regelverket krev at alle anlegg skal ha regelbunde tilsyn av ei fiskehelseteneste, og då blir daudfisken som regel grundig kontrollert. Dersom unormalt mange fisk døyr, skal det alltid takast ut prøver for å finne årsaka, og det er viktig å finne ut om det kan kome av ein alvorleg smittsam sjukdom som skal meldast til Mattilsynet.

Overvaking av kor mange fisk som døyr, og kva fisken døyr av der nede i den store, våte grava, er anlegga sitt ansvar. Ei sams nasjonal overvaking har vore vanskeleg å få til, blant anna fordi vi har mangla standardar for slik rapportering.

Standardisert

Difor blei det ei lita gladsak i media for kort tid sidan etter at ei breitt samansett arbeidsgruppe hadde kome fram til semje om kva ord som skal brukast om den daude fisken i merdane. Gruppa som er leidd av Norsk Standard, har no definert seks ulike vis ein laks kan døy på.

Ein russisk ubåtkaptein sleit med å sjå grenser under vatn, vi som jobbar med oppdrett, slit med å sjå fisken. Akkurat det siste er litt merkeleg. Det skulle ikkje vore mogleg å stengje inne 300 millionar fisk kvart år utan å ha eit vasstett system for å kunne sjå etter korleis desse dyra har det til kvardags.

Enno er det ikkje stilt konkrete krav til observasjon av åtferda til fisken. Mange oppdrettarar brukar naturlegvis kamera til å følgje med på fôringa og til å sjå etter daudfisk, men med ny og betre kamerateknologi kombinert med maskinlæring kan det no faktisk bli mogleg både å sjå fisken og å byrje å forstå kva dei held på med.

Smolt, sår og lus

Men noko veit vi alt. Vi veit at for mange fisk døyr rett etter at dei er sette ut, og det ofte på grunn av noko vi kallar «dårleg smoltifisering» – eller rettare: Fisken blir sett i sjøen før han er klar til å tole sjøvatnet. Fisken får i seg sjøvatn når han pustar og når han et, men klarar ikkje å kvitte seg med saltet og døyr av dehydrering, slikt blir det dårleg fiskevelferd av. Dei som blir sette i sjøen i perioden august til oktober, klarar seg best, medan dei som blir sette ut i kaldare vatn, får større problem.

Andenaud, eller gjellebetennelse, er eit anna stort problem. Vi har òg fleire virussjukdommar, særleg hjartelidingar, som drep mykje fisk. Desse sjukdommane er det mest av på Vestlandet og sørover, medan sår og finnerote er eit vanleg problem lenger nord, særleg om vinteren.

I fiskehelserapporten frå Veterinærinstituttet har fiskehelsepersonell svara at blant dei ti verste helseplagene hos laks har om lag helvta noko å gjere med lakselus, avlusing eller sår. Der dei ikkje behandlar med legemiddel, men nytter ikkje-medikamentelle metodar (spyling, ferskvatn, varmt vatn – åleine eller i kombinasjon), har det til no vore størst velferdsproblem. For mange fisk døyr under behandlinga eller av følgjeskadar i vekene etterpå, og særleg ille går det når det er mykje lus og fleire behandlingar kort tid etter kvarandre.

Arve Nilsen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det skulle ikkje vore mogleg å stengje inne 300 millionar fisk kvart år utan å ha eit vasstett system for å kunne sjå etter korleis desse dyra har det til kvardags.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Foto: Universitetet i Bergen

Kultur
Morten A. Strøksnes

Nord-Noreg ord for ord

Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis