Dauden er eit grunnleggjande premiss for evolusjon og utvikling.
Gravferdsagentar kan vere vakre og grasiøse: Her ser vi ei spyfluge med larve, teikna av Amedeo John Engel Terzi.
Wellcome Collection
Mange trur at åtseletarar, som gribbar, hyenar og spyfluger, er utrivelege og ureinslege skapningar.
Dette perspektivet blir snudd på hovudet i boka Det evige liv med undertittelen Hvordan dyrene dør av den amerikanske biologen Bernd Heinrich (omsett til norsk av Christian Heyerdahl). Her får vi ei detaljert skildring av korleis livet på jorda avheng av at alt organisk materiale, som avføring, daude dyr og planter, blir brote ned og resirkulert.
Jobben med å fjerne og resirkulere daudt organisk materiale blir gjord av organismar som har spesialisert seg på dette livsviktige oppryddingsarbeidet, rovdyr, åtseletarar, insekt, sopp og bakteriar. Heinrich kallar dei gravferdsagentar og minner oss på at utan deira innsats ville livet sjølv bråstoppe. Når vi snakkar om rovdyr og åtseletarar, er det forresten ei tilfeldig og lite presis kategorisering. Det vi kallar åtseletarar, kan godt angripe levande dyr, og mange rovdyr tek gjerne ein godt mørna middag dersom dei kan spare energien og risikoen ved å gå på jakt.
Heinrich skriv levande, personleg og med solid fagleg detaljrikdom om dauden og kva han betyr for livet i naturen. Alle byggjesteinar må gjenbrukast, jorda må fornyast, og dauden er ein grunnleggjande premiss for evolusjon og utvikling.
Daude tre er viktige tilhaldsstader for insekt og fuglar, og utan daude tre med mjuk ved som kan holast ut til reirbygging, ville det vore tøft å vere på jobb som hakkespett.
Dei store vandringane av stillehavslaks i elvane på vestkysten av Nord-Amerika er eit kjent fenomen, der rovdyr og fuglar fråtsar i mat, medan massedaude av laks etter gytinga er med på å gjødsle elvane, slik at dei kan halde fram med å vere gode oppvekststader for nye generasjonar med lakseyngel.
Og ute i havet gjev daude kvalskrottar liv til hundrevis av dyreartar nede i djupet, der det kalde, næringsfattige og nesten oksygenfrie miljøet elles gjev få høve til feststemning.
Gravferdsagentar kan vere vakre og grasiøse. Spyflugene har eit ytre skal (eksoskjelett) som skin i vakre grøne fargenyansar, og vengjer som slår fleire hundre gonger i sekundet, noko som gjer dei til meistrar i avansert luftakrobatikk.
Ein grunn for menneske til å unngå daude dyr er stanken som oppstår når bakteriar bryt ned protein. For spyfluger, derimot, er lukta uimotståeleg. Dei kan oppdage eit kadaver på 15 kilometers avstand, noko som gjer at dei ofte er blant dei første middagsgjestene på den ikkje fullt så ferske buffeen.
Og det er absolutt ingen grunn til å rynke på nasen av dei kravlande flugelarvane, dei gjer ein effektiv jobb med å ete daudt vev. Og kjem større åtseletarar til staden, vil larvane sjølve hamne på menyen.
Alt kan og må gjenbrukast, ikkje berre daude dyr, men avføring òg. I Det evige liv får vi overraskande nok presentert ei mogleg kopling mellom afrikanske gjødselbiller og bygginga av pyramidane i Egypt. I tørre område er avføring frå store drøvtyggjarar ein viktig ressurs, og her er gjødselbillene blant dei fremste spesialistane. Billene samlar avføringa til golfballstore kuler som dei trillar av garde til ein passeleg stad der dei grev ned maten. Hannen parar seg og stikk av, medan hoa legg eitt egg som ho passar på til larven har vakse ferdig og spunne seg inn i ein kokong for å gå gjennom forvandlinga frå larve til vaksen bille.
For egyptarane var desse flittige billene, eller skarabeane, eit bilete på den viktige solguden Ra, som dei meinte trilla eldkula over himmelen kvar dag – ei sol som gjekk til grunne kvar kveld for så å stå opp på ny neste morgon.
Kanskje fann egyptarane dei nedgravne billene saman med dei fint innpakka puppene og kopla dette til trua på reinkarnasjon. Den underjordiske metamorfosen til billene kan ha vore inspirasjonen til å pakke inn daude menneske som mumiar på ein måte som likna kokongen til billelarven, utstyre dei med mat og rikdom og leggje dei trygt inne i mørke rom på ein høveleg trygg stad, til dømes ein pyramide.
Mindre underhaldande er informasjonen om kva som skjer med balansen i naturen og med gravferdsagentane på grunn av forureining. Husdyrmedisinar førte til nesten total utrydding av fleire typar gribbar i Asia. Gift mot mus og rotter hopar seg opp i rovdyr og ugler, også her i Noreg. Det er nesten uråd å telje opp kor mange kjemiske stoff vi sender ut i naturen. Og vi har for det meste ikkje peiling på kva moglege konsekvensar alle desse kjemiske stoffa over tid kan føre til av skadeverknader i naturen.
I eit av dei første kapitla i Det evige liv skriv forfattaren om korleis menneskeslekta har utvikla seg frå å leve i små flokkar som sankarar og jegerar med enkle reiskapar av tre og stein, til å erobre heile jordkloden. Vi moderne menneske, storkonsumentar som vi er av ferdig drepne dyr, er kanskje dei mest vellukka åtseletarane av alle. Vi lever på ei jord som er fylt opp av menneske og husdyra våre. I rein biomasse har vi 30 gonger meir husdyr enn det som er att av ville dyr, og tankelaus brenning av fossilt brennstoff endrar no klimaet og spelereglane for livet både på jorda og i havet.
Det er også eit trist faktum at menneske som døyr, blir endå ein del av miljøproblema. Handtering og gravlegging av daude menneske krev stadig større plass, og kremering er ein energikrevjande prosess som slepper ut både karbondioksid og miljøgifter. I motsetning til ei menneskeleg gravferd er naturens opprydding rask, reinsleg, fullstendig og – ikkje minst – gratis.
Det evige liv kom ut i 2012, og no har ho heldigvis kome i norsk språkdrakt. Med meir enn 100 publiserte fagartiklar og ei omfattande forsking på temperaturregulering hos insekt og åtferd hos ramnefuglar har Heinrich eit godt vitskapleg fundament, og teksten er illustrert med forfattarens eigne svart-kvitt-teikningar.
Noko av det personlege som gjer særleg inntrykk er historia om korleis familien til forfattaren levde i ei enkel hytte i skogane i Nord-Tyskland dei første åra etter andre verdskrigen. Faren var ein arbeidsledig insektforskar og utan fast inntekt måtte dei ofte hauste maten sjølv. Dagane blei fylde med sanking av bær, nøtter og sopp og kjøtet kunne vere smådyr dei fanga i rottefeller eller det dei kunne finne av ferske dyrekadaver. Familien klarte seg gjennom desse vanskelege åra og emigrerte til USA i 1951. For Bernd Heinrich vekte desse opplevingane ikkje berre interessa for biologi men òg ein livslang lidenskap for studiet av den tette koplinga mellom liv og daude.
Arve Nilsen
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Mmm, nam-nam? Tja, om scobyen ser litt rar ut, så vert den fermenterte tedrikken sett pris på av menneske verda over.
Foto via Wikimedia Commons
Fermentert te breier seg i butikkhyllene – til solide prisar.
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø