Brems
Reinsdyra på Filefjell har på forsommaren mange bremselarvar i huda. På avstand ser dei ut som små kuler i pelsen.
Foto: Bjørnar Ytrehus
Bremseflugene (Oestridae) er små, humleliknande insekt som lèt larvane sine utvikle seg inne i levande dyr. Enkelte larvar held til under skinnet til vertsdyra, andre lever i nase, svelg eller magesekk.
Infeksjonar med bremselarvar finn vi hos mange ulike dyreslag, frå elefant til mus, hos ville hjortedyr, hos reinsdyr og hos husdyr som sau og geit. Her i landet har hudbrems og nasebrems lenge vore kjende problem hos reinsdyr, men dei siste åra har også svelgbrems hos elg spreidd seg og vorte ein vanleg sjukdom over heile landet.
Trivst i opne landskap
Hudbremshoene legg egga i pelsen til reinsdyra, og larvane som klekker etter ei vekes tid, vil bore seg gjennom skinnet og legge seg til der for å vekse seg store gjennom vinteren. Hoene til nasebremsar må sprøyte levande larvar mot nasen eller munnen på dyr som er på beite. Det krev presisjonsflyging, der flugene må komme seg i posisjon rett framfor dyra og sprute larvane opp mot mulen til offeret. Reinsdyr som oppdagar desse insekta framfor seg, vil reagere med uro eller redsel, og svermar av bremsefluger kan skape panikk i dyreflokken.
Slik ser hudbremslarvane ut på nært hald, der dei sit i huda til reinsdyra og feitar seg opp, klare til å kravle ut.
Foto: Bjørnar Ytrehus
Flugene til både hud- og nasebrems smittar dyra på seinsommaren, larvane utviklar seg inne i verten og kravlar mette og nøgde ut neste vår. Nasebremslarvane berre kravlar ut gjennom nasebora, hudbremsane åler seg ut gjennom det holet i skinnet der dei har halde til gjennom vinteren. Ute i det fri grev dei seg ned i bakken, forpuppar seg og klekker på seinsommaren. Dei nyklekte flugene må pare seg før dei kan produsere egg eller larvar, og dette gjer dei på faste stader i landskapet, insektsverdas sjekkestader.
For reinens hudbrems er det mest populært for ungflugene å treffast ute i opne landskap nær elvar, bekkar eller vegar, der hannane gjerne sit klare på ein solvarm stein og ventar på hoene. Nasebremsen på si side er litt meir ein DNT-type og vil helst møte andre single fluger på fjelltoppar eller åsryggar.
Etter paringa får hoene brått sterk trong til å flyge av garde og finne seg eit reinsdyr. Med dei ganske lange migrasjonsrutene til reinsdyra kan det bli ein dryg flygetur. Men flugene gjev ikkje opp så lett – med ei flygelengde lik ein vanleg elbil (200 til 900 km) kan flugene likevel klare å finne seg ein vert før batteriet er tomt.
Andenaud
For dei som driv med tamrein, er det mogleg å behandle dyra mot parasittinfeksjonen. Det mest effektive er å gje dyra parasittmiddel på seinhausten for å drepe larvane medan dei enno er små og har gjort lite skade. For villreinen er det verre, dei må berre tole den parasittbøra dei får.
Om våren er det mange dyr som har ryggen full av feite hudbremslarvar, opptil 800 i dei verste tilfella. Men det er kanskje nasebremsen som gjev dei største plagene, dyra blir tette i nasen, og dei kan få halsbetennelse. Dei dyra som er verst angripne, kan i verste fall døy av andenaud. Det ser òg ut til å vere svært irriterande når dei vaksne larvane endeleg kravlar ut or nasehola.
For oss menneske kan reinens hudbrems ha både gode og dårlege sider. Blant inuittar i Canada har slike larvar under huda på reinsdyra vore rekna som møyrt proteintilskot under reinjakta, gratis godteri med ein søt og litt mjølkeliknande smak. Men flugene kan også legge egg på menneske, og larvar som grev seg ned i sår, gjennom huda, inn i nasen eller auga, kan gje både plagsame infeksjonar og alvorleg sjukdom.
Elgbrems
I Noreg har vi til nyleg ikkje hatt spesifikke bremsefluger som har angripe andre hjortedyr, men det har endra seg. Elgens svelgbrems, ein slektning av reinens nasebrems, vart funnen første gong i Pasvik i 1980, nær grensa til Finland og Russland. I 2014 blei det så funne svelgbrems hos elg frå større delar av landet.
Elgens svelgbrems, ein ny parasittsjukdom i Noreg, har på kort tid spreidd seg til dyr over heile landet.
Foto: Knut Madslien
I Trøndelag og i områda frå Oslo og mot svenskegrensa var 72 prosent av dyra infiserte, med eit gjennomsnitt på fem bremselarvar per dyr. Det kan rett nok vere vanskeleg å oppdage larvane på dyr som blir skotne om hausten, fordi larvane då er for små til å bli oppdaga, medan dyr som blir avliva om våren, kan ha fleire 3 til 4 cm lange larvar i svelget. Enkelte dyr kan ha mange larvar, men det ser enno ikkje ut til å vere like stort smittepress som hos reinsdyra.
Endringar i parasittbelastning kan alltids kome av naturlege variasjonar, men det er òg vanleg at parasittsjukdommar spreier seg lettare der det er tette bestandar av vertsdyr. Rett etter istida var det mykje elg i Skandinavia, etter ei sterk nedgangstid på 1700- og 1800-talet har bestanden auka kraftig det siste hundreåret, og i fjor blei det skote over 27.000 dyr her i landet.
Kartlegging av elgbrems syner også tydeleg at det er fleire parasittar i område med mykje elg, som i stjørdalsområdet i Trøndelag. Men at svelgbremsen spreier seg nett no, kan òg ha samanheng med varmare klima og betre tilhøve for klekking av larvar og for paringa til dei vaksne flugene.
Arve Nilsen
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Dei fleste som satsar på eigen solkraftproduksjon, vil gjerne tru at dei bidreg til reduserte utslepp av klimagassar.
Foto: Frank May / NTB
Solkraftproduksjon: «Dei fleste vil vel gjerne tru at dei bidreg til reduserte utslepp av klimagass.»
Ane Barmen er utdanna skodespelar og musikkvitar. Ho har tidlegare skrive to romanar.
Foto: Maria Olivia Rivedal
Ane Barmen skriv med snert og humor og ein bit alvor om sånt som skjer seg.
Teikning: May Linn Clement
Oppbretta brok i bratta
«Å bretta er i grunnen ‘å gjera bratt’, og i norrønt hadde bretta just tydinga ‘reisa opp, reisa seg’.»
Ole Paus døydde før sjølvbiografien var ferdigskriven.
Foto: Nina Djæff
Eit sandkorn i maskineriet
Ole Paus skriv mest om slektsbakgrunn og mindre om artistkarrieren i sjølvbiografien sin, men det forklarar likevel mennesket Ole Paus.
Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
Husforsikring i hardt vêr
Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?