Kunnskap
Blåskjel
I oppdrett av blåskjel nyttar ein seg av berre naturlege råvarer: vill blåskjelyngel som et mat dei filtrerer rett frå havet. Dette bør vere ein naturleg måte å produsere mat på i framtida.
Foto: Veterinærinstituttet
Då eg flytta til Oslo for å byrje på dyrlegeskulen, oppdaga eg ein italiensk restaurant i Torggata der dei serverte den eksotiske retten spagetti med blåskjel, tomatsaus og kvitlauk. Etter éin porsjon var eg frelst. Eg som kom frå Helgelandskysten, måtte til hovudstaden for å oppdage blåskjel som mat. No går vi ut kvar påske og leitar etter mat i fjøra: skjel og tare av fleire slag, men favoritten er framleis blåskjel. Etter turen skrubbar vi skjela reine og koker opp ei stor gryte vatn, gjerne med finhakka lauk og litt anna godt oppi. Med strimla sukkertarespagetti, ferskt brød og smør attåt er det duka for fest.
Viktig rolle
Blåskjel (Mytilus edulis) finst i litt ulike typar over heile verda. Dei veks i store klynger i fjøresona, ned til om lag fem meters djup. Når våren kjem, slepper dei ut store mengder egg og mjølke. Mange av egga døyr ubefrukta, og mesteparten av larvane blir etne før dei etter ein snau månads tid slår seg ned på botnen. Skjela veks om lag éin centimeter i året til dei er seks år gamle, og så flatar veksten ut. Dei eldste skjela kan bli 10–15 centimeter lange. Skjela veks raskast om sommaren, når det er mykje mat og høg temperatur, så det er mest mat og mest næring i skjela tidleg på hausten.
Blåskjel filtrerer sjøvatnet; dei minste og mest næringsrike partiklane et dei, resten blir pakka saman som såkalla falsk skit (pseudofaeces) og sleppte ut att. «Skitpakkane» søkk fort til botnen saman med den ekte skiten, og på dette viset kan skjela reinse sjøen for partiklar og forureining dei ikkje klarer å ete.
I heile Europa har bestandane av blåskjel gått ned dei siste tiåra. Nokre spesifikke sjukdommar eller parasittar er ikkje funne, og mange har frykta at store miljøproblem som miljøgift, global oppvarming og mikroplast kan være årsaka, men det kan òg være at skjela reagerer på endringar i miljøet ved å bytte leveområde.
Oppdrett av blåskjel
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.