JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Bjølleklang

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Etter fleire tusen år med bjøllekyr veit vi enno ikkje heilt sikkert kva kua synest.

Foto: Lise Åserud / NTB

4787
20210903
4787
20210903

Det er seinsommar, og dyra som går og beitar i skogen og på fjellet, er blitt litt meir rastlause. Det beste graset er beita ned, og det er openbert grønare på den andre sida av dalen, elva eller gjerdet.

Lyden av ringlande bjøller frå dyr på beite gjev for nokre av oss gode minne om barndom og om ettermiddagar fylte med rauting, lukt av solvarme dyr og lyden av mjølkemaskinanlegget som starta på fast tid klokka fem kvar ettermiddag. Andre reknar dette som ei sann landeplage, og dei gler seg til gardbrukarane hentar bråkmakarane inn att i fjøset.

Men i denne spalta spør vi som vanleg om korleis dyra har det. I denne samanhengen: Kor plagsamt kan det vere å gå rundt med desse støyande bjøllene heile sommaren? Blir kulturlandskapet i røynda beita og stelt av flokkar med stressa sauer og tunghøyrde kyr?

Tradisjon

Arkeologane har funne bjøller som er minst 5000 år gamle. Dei eldste er, ikkje overraskande, funne i Kina og Midtausten; det var der menneskeslekta byrja med husdyrhald og beitebruk. Dei første bjøllene vart laga av leire, nokre også av tre. Etter kvart vart bjøllene laga av kopar og messing.

Størst kulturell verdi har bjøllene hatt i dei europeiske Alpane, som i Sveits. Der var ei retteleg god kubjølle høgt skatta, og det var før i tida berre den gjævaste leiekua som fekk (den tvilsame) æra av å gå rundt med ei bjølle som vog opptil 5 kg.

For gjetarane var den høge lyden av bjøllene ei god hjelp til å finne att dyra i skogkledde og bratte åssider. Med ulike typar bjøller kunne dei òg skilje mellom kyr, geiter og sauer, og dei kunne ha særskilte bjøller for dei yngste dyra.

I Noreg har vi ein liknande natur og same tradisjonen med å sleppe dyra ut i utmarka, og difor har bjøller vore vanlege også på norske gardsbruk. Også her har det frå gamalt av vore vanleg å setje bjølla på leiaren i flokken. No for tida er det mindre vanleg med gjeting og dagleg ettersyn, og meir vanleg å setje bjølle på fleire av dyra.

Vedvarande støy

I regelverket om dyrehald er det krav om at korkje storfe eller småfe skal bli utsette for vedvarande støy over 65 desibel (dB). Vanleg støy i eit fjøs er lyd frå ventilasjonsvifter og mjølkingsanlegg, vedvarande støy er definert som støy i meir enn 5 prosent av natta aller meir enn 10 prosent av heile døgeret.

Det er uklårt om ei bjølle kan kallast vedvarande støy. For dyr på beite er det uansett dispensasjon for bruk av bjøller, sjølv om lyden kan vere er høgare enn 65 dB. Kristian Ellingsen-Dalskau, som forskar på dyrevelferd ved Veterinærinstituttet, har målt at vanlege sauebjøller lett lagar lyd over 100 dB, tilsvarande lydstyrken frå eit forbipasserande tog eller ein stor lastebil. Han meiner at dette må kunne vere stressande, særleg for dei yngste dyra.

Rovdyr

Det har vore vanleg å tru at bjøllene kan gje litt vern mot angrep frå rovdyr, men det ser ikkje ut til å stemme. Tvert om har det synt seg at der gjetarane kan bruke lyden frå bjøller til å finne att dyra, kan rovdyra gjere nett det same.

I ein studie frå Noreg blir det hevda at sauer med bjølle oftare blir tatt av bjørn, enn sauer utan. Det same fenomenet har gjetarar i Afrika erfart, der dei må gjete dyra i eit terreng med høg tettleik av store rovdyr som løver og hyenar. Kommunikasjonen mellom dyra, særleg mellom mor og lam, kan bli uroa, det kan òg vere slik at beitedyra blir distraherte av den høge lyden og difor mindre merksame på rovdyra.

Skadeleg

Men er støyen skadeleg for høyrsla til dyra? Blir dei stressa og irriterte? Får dei eit dårlegare liv på beite? I ein doktorgradsstudie frå Zürich i 2016 var funna eintydige: Hos både geiter og kyr vart åtferda tydeleg påverka av bråket frå bjøllene (inntil 100 dB); auka hjarterytme tyda på stress, dyra brukte mindre tid på å ete og ligge, og dei heldt større avstand til dei andre dyra i flokken. Dei fann ikkje varige skader på høyrsla, men det var ein tydeleg auke i stress når lydstyrken steig frå 65 til 85 dB.

I Noreg har ingen gjort liknande studiar. Det har ei god stund vore mogleg å spore dyra med GPS-sendar på halsbandet, men eit nytt og meir teknologisk avansert alternativ er GPS-halsband som lagar lyd når dyra nærmar seg ei digital grenseline som er trekt opp på kartet. Når dyra kjem heilt til grensa, får dei eit lett elektrisk støyt.

Med straum frå innebygde solcellepanel og blåtannoverføring av data kan bonden heile sommaren halde dyra på rett plass utan gjerde og finne dei att på kartet på mobiltelefonen eller nettbrettet.

Men løysinga fordrar god dekning, noko som enno ikkje er tilfelle på mange av utmarksbeita, og det kan vere vanskeleg å lokalisere dyra i tett krattskog. Enkelte som brukar GPS-halsband, kombinerer det difor med bjølle.

Arve Nilsen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Hos både geiter og kyr vart åtferda ­tydeleg påverka av bråket frå bjøllene.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Foto: Universitetet i Bergen

Kultur
Morten A. Strøksnes

Nord-Noreg ord for ord

Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis