JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Auget som ser

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Wilfredo Rodríguez / Wikimedia Commons

5497
20211112
5497
20211112

Kven av dei fem sansane kunne du klart deg best utan? Svaret på det spørsmålet kan sikkert variere alt etter kva jobb og interesser du har, men forsking har vist at for dei aller fleste vil det å bli blind ha størst negativ verknad på livskvaliteten.

At forskarane bak artikkelen der dette vert sagt, er augespesialistar, kan sjølvsagt ha hatt innverknad på resultata, men å kunne sjå er ein verdifull del av menneskekvardagen – det er det òg for dei fleste dyr.

Her kjem tre faktabolkar om auget, meint som ei hjelp til deg som er redd for at samtalen på julebordet skal strande ein stad mellom smittebølger og straumprisar.

1. Darwin hadde rett

Kreasjonistane i USA har gjort eit stort poeng av at det høgt utvikla auget hos vertebratar, med heile apparatet av tårekjertlar og innfløkt kopling til det autonome nervesystemet, ikkje kan ha oppstått ved ei rekkje tilfeldige mutasjonar. Der tek dei feil.

Alt for 600 millionar år sidan fanst det dyr som kunne skilje mellom dag og natt ved å bruke spesielle nerveceller til å registrere lys. Slike enkle fotoreseptorar (photo = lys, reseptor = bindingsstad for signal) finn vi enno, som hos larvane til lakselusa som kvar dag sym oppover mot lyset med von om å treffe ein laks.

Hos virveldyr vart det utvikla eit sentralnervesystem og med det eit hovud med plass til meir spesialiserte sanseorgan. Desse første virveldyra levde i havet og hadde bruk for å sjå under vatn og med lite lys. Difor utvikla dei ganske raskt ei pigmentrik netthinne som var tettpakka med synsceller og dekt av eit gjennomsiktig hudlag med eit tjukkare, linseliknande sentrum. Denne linsa blei etter kvart ein del av det indre auget, og slik vart det moderne auget skapt.

Dei enklaste virveldyra bruker enno lyset mest til å styre døgnrytmen og hormonbalansen, og sender lyssignala til hjernestammen der desse funksjonane blir koordinerte. Vi menneske og andre meir moderne virveldyr treng ein meir avansert analyse av omgivnadene våre, og hos oss blir difor signala frå synsnerven omkopla og sendt vidare til hjerneborken for meir medveten tolking og bruk.

2. Smalahove spesial

Har du vore så uheldig at du på smalahovefesten sit attmed ei som har for vane å glefse i seg auget og feittvevet rundt og skryte av at dette er festens høgdepunkt, kan du lette på stemninga ved å dele litt kunnskap om det retrobulbære (retro = attover, bulbus = sjølve auget, frå gresk for lauk) feittvevet og kva funksjon det har i dyreriket. Feittvevet kring auget og synsnerven er truleg viktig for synet ved å halde en jamn temperatur og for å verne mot trykk eller ytre skadar. Dette feittet blir normalt ikkje brukt til energiforsyning, men held seg på plass attom auget heilt til dyret er heilt avmagra, og alle reservar må takast i bruk. Difor er innsokne auge eit typisk trekk hos svært sjuke og avmagra dyr. Feittet kring auga har faktisk eit heilt anna opphav enn feittet elles i kroppen, og viss du har ein sjukdom i feittvevet andre stader, vil det ikkje angripe det retrobulbære feittet.

Små pattedyr som lever i kalde strok, har retrobulbært feitt med evne til å produsere varme. Slikt feittvev har ekstra mange mitokondrium og eit stoffskifte der energibruken er kopla frå den vanlege termostatreguleringa slik at cellene kan brenne av energi og lage så mykje overskotsvarme at det held viktige kroppsfunksjonar i gang. Små pattedyr som mus og hamster er meir sårbare for nedkjøling og har denne typen feittvev rundt synsnerven, medan større pattedyr (som menneske og sau) ikkje har det. Varmeproduksjonen er berre aktiv når det er kaldt, og hos mus som fekk skrudd opp temperaturen i buret til 30 varmegrader, såg forskarane at det brune feittet gradvis vart erstatta av vanleg feitt.

3. Fargeblind

Kan dyr sjå fargar, korleis oppfattar dei fargane, og er det ein dårleg idé å gå framfor ein okse med raude klede på seg? Fargesyn er vanleg i naturen, det er smart for å finne den rette maten, for å kunne oppdage rovdyr og for å sjekke ut kven som er den flottaste og beste partnaren for paring. Insekt har godt fargesyn, noko blomane tydelegvis har oppdaga, der dei annonserer skamlaust og fargerikt etter hjelp til pollinering.

Blant virveldyra er det fuglane som ser det rikaste fargespekteret. Der vi menneske har tre ulike fargereseptorar (blå, grøn, raud), har mange fuglar fem ulike reseptorar, medan nokre i tillegg kan sjå ultrafiolett. Også fiskar og reptil har eit rikt fargesyn, med fire ulike fargereseptorar. Reptil kan til og med sjå fargar i mørkret. Dei fleste andre landdyra har dikromatisk syn (to reseptorar), på same viset som dei menneska som er det vi kallar «fargeblinde». Kyr, sauar, katter og hundar er difor «fargeblinde», men vi menneske er også fargeblinde om vi samanliknar oss med fuglane.

Kva så med oksar og dei raude kleda? Storfe skal ikkje ha evne til å skilje mellom grønt og raudt, men det finst også forsking som gir grunn til varsemd. I eit forsøk med kalvar og bruk av farga lys fann dei at kalvane orienterte seg betre og var meir aktive i grøne omgivnader (ikkje overraskande), og at dei var rolegare når lyset var blått. I raudt lys vart dei meir skvetne og samstundes mindre redde for å nærme seg menneske.

Med andre ord: Neste gong du skal ein tur i eit beite for storfe, kan du, for å vere på den sikre sida, bytte ut den fine raude turjakka di med ei som er blå.

Arve Nilsen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Alt for 600 millionar år sidan fanst det dyr som kunne skilje mellom dag og natt ved å bruke nerveceller til å registrere lys.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis