JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Årleg helsesjekk av friske er bortkasta

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Illustrasjon: Mikhaylovskiy / Shutterstock / NTB

4707
20220429
4707
20220429

Private helseaktørar reklamerer ustoppeleg for «full helsesjekk». Dei hevdar at regelbundne helsekontrollar av friske kan avdekkja sjukdom på eit tidleg tidspunkt og resultera i sunnare livsstil. Nokre av tilbydarane kan supplera den vanlege undersøkinga med ultralydgransking av lever og nyrer og ymist anna, som til dømes galleblære, milt, testiklar, blodårer og bukspyttkjertel.

Prisen for ein konsultasjon hjå fastlækjar er eigenbetalinga på 212 kroner, medan dei private tek mellom 1750 og 38.000 kroner for ei undersøking. Den dyraste undersøkinga er luksusutgåva «Executive Health» på Aleris, der du blir saumfaren utvendig og innvendig av ein allmennlækjar og tre utvalde spesialistar gjennom ein heil dag. Éin stad vert det reklamert med at «regelmessig kontroll er noe av det viktigste du kan gjøre for å forebygge helseproblemer».

Påstanden høyrest rimeleg ut. Ja, det verkar nesten innlysande at det er gagnleg å oppdaga sjukdom før symptoma har meldt seg. Mange trur på den glade bodskapen, særleg vil kona i huset ha ein tendens til å senda ektemannen til dokteren for ein helsesjekk. Det fortel Marte Kvittum Tangen, leiar i Norsk forening for allmennmedisin.

Men den generelle helsesjekken er ikkje berre bortkasta, han kan til og med vera helseskadeleg, konstaterer Tangen. Ho viser til fleire undersøkingar som dokumenterer dette. Den grundigaste er ein stor oppsummerande artikkel frå 2019. Her slår forfattarane fast at den generelle helsesjekken er utan effekt på:

risikoen for å døy av kreft eller andre årsaker

førekomst av hjartesjukdom og hjerneslag

sjukefråvær

sjukehusopphald

Konklusjonen deira er enkel og krystallklår: Systematiske helsesjekkar er utan helseeffektar og difor unyttige. Dei kan dessutan medføra belastande testar og behandlingar i utrengsmål. Generell helsesjekk kan nemleg avdekkja forandringar eller sjukdomsteikn som medfører vidare utreiing og oppfylging. Det er sjeldan til nytte, stundom helseskadeleg og nesten alltid til bekymring.

Mogelege forklåringar på den manglande helseeffekten kan vera at dei med størst sjukdomsrisiko ikkje møter opp dersom dei skulle få innkalling til helsesjekk, alternativt at fastlækjaren alt har fanga dei opp på andre måtar.

Generelle helsesjekkar av friske, vaksne menneske er altså bortkasta tid og bortkasta pengar. Det kan difor vera verdt å sjå nærare på tidsbruken til helsesjekkar når fastlækjarane strevar med å få tida til å strekkja til.

Gjennomsnittsnordmannen går oftare og oftare til fastlækjar, i fjor vart det til saman godt og vel 15 millionar slike konsultasjonar her i landet. Det er eit høgt tal som berre i mindre grad kan forklårast av at me blir eldre og lever lenger med kroniske sjukdomar.

Ein røynd fastlækjar hevdar at 90 prosent av dei som bestiller time, «berre kjenner godt etter». Han tek nok hardt i. Men dersom berre nokre få prosent av oss kunne falla til ro om dei fekk vita at det har lite for seg med ein legesjekk når dei elles kjenner seg friske, kunne fastlækjarane kanskje få eit lite pusterom?

Bør me no slutta med alle helsetiltak for friske personar? Sjølvsagt ikkje. Den nemnde undersøkinga frå 2019 gjeld berre friske vaksne personar som gjennomgår det me kallar ein generell helsesjekk. Ei slik undersøking omfattar vanleg undersøking av kroppen, inkludert måling av puls og blodtrykk og enkle blodprøver.

Førebyggjande helsearbeid er noko anna. Det er innretta mot risikogrupper, er altså meir målretta og omfattar vaksinering av born og vaksne, generelle råd om livsstil, mammografi (50–69 år) livmorhalsprøver (25–69 år) og i framtida screening for tarmkreft (55–65 år).

Utover dette bør helsekontrollar gå føre seg i samråd med fastlækjaren, som kjenner risikofaktorane hjå den einskilde og kan koma med tilpassa råd om blodtrykkskontrollar, blodprøver og andre undersøkingar der det trengst.

Måling av prostataspesifikt antigen, PSA, for å avdekkja kreft i prostata, er kontroversielt. Det finst mange feilkjelder med tilhøyrande risiko for både overdiagnostikk og underdiagnostikk av kreft. Helsedirektoratet og Kreft­foreningen rår difor til at ein avstår frå slike målingar i generelle helsekontrollar av friske og symptomfrie menn. PSA-målingar kan likevel vera av verdi hjå menn der ein kjenner til tilfelle av prostatakreft blant nære slektningar.

Konklusjonen er at Jesus hadde rett: «Det er ikkje dei friske som treng lækjar, men dei sjuke.» (Matt. 9,12)

Haldor Slettebø

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Prisen for ein konsultasjon hjå fastlækjar er eigenbetalinga på 212 kroner, medan dei private tek mellom 1750 og 38.000 kroner for ei undersøking.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis