Söta bror
Leiinga ved Stockholms lufthamn Arlanda har nedlagt forbod mot å sende surströmming som flyfrakt.
Foto: Maja Suslin / NTB
Svenskefakta
Ertesuppe har blitt ete sidan antikken og blir nemnt i Aristofanes’ Fuglane.
«Det ständiga knekthållet» oppstod i 1680 og fanst heilt til 1901. Torpet eg sjølv leigde, vart nytta av etterkomarar etter ein soldat heilt fram til åttitalet.
I eit paveleg brev, skrive ein gong mellom 1161 og 1172, fekk folk i Noreg lov til å fiske sild når ho går under land, også på søndagar og heilagdagar, unntatt dei aller største høgtidsdagane. Dette gjorde ikkje paven fordi han var snill, men fordi prestane da kunne innkassere sildetiend.
Matmonsen
Dagfinn Nordbø elskar mat og reiser og skriv om det.

Som austlending har eg alltid kjent ein dragnad mot Sverige. I yngre år høyrde eg på Svensktoppen og lét meg lett imponere av at nabolandet flotta seg med opptil fleire radio- og TV-kanalar, i motsetnad til Noreg, som til liks med det sosialistiske fyrtårnet Albania berre hadde éin av kvar.
Svensk revy- og visekunst er vel over gullalderen sin no, og det er lenge sidan Sverige var ein krigersk nasjon. Den siste standhaftige svenske krigaren i dag er vel herr Anders Tegnell, som ser det som si oppgåve å krige mot fornufta, heilt åleine.
I dag kan vi nordmenn likevel nyte godt av den historiske krigslysta til svenskane, til dømes på eit av soldattorpa, som framleis finst i titusental. Leigesoldatar blei for dyrt for svenskane. Gustav Vasa murra kraftig over dette, og dimed skapte dei på slutten av 1600-talet «det ständiga knekthållet» – gardane til bøndene blei inndelte i roder som alle måtte gi éin soldat til kongen. Soldatane blei installerte i torp, som skulle ha våningshus på 4 x 8 meter, fjøs, åker, hest, ku, gris og høner.
Slik fekk svenskekongane med minimale kostnader ein velvaksen hær som på kort tid kunne mobiliserast. Det var krav om orden i sysakene, så soldaten måtte vere gift, noko som ofte blei ordna i ein fei før innflytting. For mange unge bondesøner blei dette eit høve til karriere og ein mogleg veg ut av fattigdommen.
Men det var hårda bud: Fall soldaten i krig, måtte kona ut av torpet innan tre månader, men dette blei mange gonger ordna slik at den nye soldaten gifta seg med enka (!). Han «konserverade änkan», som dei kalla det. Vilhelm Mobergs gjennombrotsroman frå 1927, Raskens, handlar om ein slik fattig soldatfamilie. Svenskane elska TV-serien (fem millionar sjåarar!), og det gjorde vi òg da han blei vist her. Moberg bygde historia på sin eigen far, som var soldat i Kalmar.
I dag har mange nordmenn kjøpt eller leigt slike torp, og eg hadde i mange år gleda av å besøke eit, i Värmland. Berre det å dra på sightseeing på den svenske landsbygda er eit eventyr: Kvar einaste gard har jo sitt eige utgamle rustne vrak av ein Volvo ståande på tomta, ofte to av forskjellig årgang. Ved sida av vraka står gjerne den nye Volvoen parkert. Ein skulle nesten tru det var eit statleg krav til svenskane å vise at dei lojalt støtta opp om industrieventyret sitt.
Torpet var nok ikkje noko paradis for soldatfamiliane som budde der, men for oss var det det. Ein dryg times køyring og plutseleg er ein omgitt av grønt gras og stolte tuntre, med svaler mot himmelen, traner dansande på åkeren og majestetiske elgar på besøk i skumringa. Å, som eg saknar det.
Delar av den svenske matkulturen, derimot, er eit mysterium for meg. Sild er dei gode på. Men kvifor i all verda et dei kreps med ost? Og kvifor puttar dei så mykje sukker i brødet? Eg er alltid open for full gjenforeining med Sverige, men da må dei ordne opp i det barbariet. Og surströmmingen må utvilsamt kategoriserast som masseøydeleggingsvåpen. Han blir til ved gjæring, utan salt. Kvifor? Jo, Gustav Vasa misheldt gjelda si til lånehaiane i Lübeck, og dimed strupte dei saltleveransane.
Det som blir kalla svensk husmannskost i dag, stod vel sjeldan på bordet hos Raskens, men éin ting var nok vanleg: ertesuppe. I katolsk tid var den solide kaloribomba ertesuppe og pannekaker med syltetøy standard middag og dessert på torsdagar, for fredag skulle ein jo faste for å blidgjere Herren. Den menyen gjaldt òg i det svenske forsvaret inntil nyleg.
«Soldatens ärtsoppa» er populær boksemat i grannelandet framleis og smaker slett ikkje så verst. Har du ein skinkeknoke, lagar du lett suppa sjølv: Vatn ut erter med ein teskei natron i eit døgn. La knoken trekkje på låg varme i tre timar med rotgrønsaker og laurbærblad. Sil krafta og tilset kjøt, purre, gulrot og sellerirot i terningar det siste kvarteret. (I 2021 er kvitlauk og chili også tillatne.) Det smakar vedunderleg.
Ein svensk konge på 1500-talet, Erik XIV, var òg glad i ertesuppe. Ein dag døydde han av det, for bror hans hadde krydra med arsenikk.
Det er frå sine eigne ein skal ha det.
Dagfinn Nordbø er
tekstforfattar og satirikar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Surströmmingen må utvilsamt kategoriserast som masseøydeleggingsvåpen.
Fleire artiklar
Laila Goody, Maria Ómarsdóttir Austgulen, Trond Espen Seim og John Emil Jørgenrud i nachspielet frå helvete som stykket til Edward Albee blir kalla.
Foto: Erika Hebbert
Sterkt om livsløgn og overleving
Gode skodespelarprestasjonar i intens kamp på liv og død.
Den nye statsministeren i Frankrike, Michel Barnier, blir klappa inn av den utgåande, Gabriel Attal, i ein seremoni på Hôtel Matignon i Paris 5. september.
Foto: Stephane De Sakutin / Reuters / NTB
Ny statsminister med gjeld, utan budsjett
No lyt alt skje raskt i fransk politikk for å avverje nye kriser.
Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl på veg til pressetreffet om motarbeiding av kriminalitet. Også statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum deltok.
Foto: Thomas Fure / NTB
– No ser me effekten av færre politifolk
Det er mykje regjeringa kunne gjort som dei ikkje har gjort. Me er ikkje imponerte, seier Helge André Njåstad (FrP).
Den oppdaterte boka om rettens ironi er ei samling av tekstar frå Rune Slagstad gjennom førti år.
Foto: André Johansen / Pax Forlag
Jussen som styringsverktøy
Rettens ironi, no i fjerde og utvida utgåve, har for lengst blitt ein klassikar i norsk idé- og rettshistorie.
Finn Olstad har doktorgrad i historie og er tidlegare professor ved Seksjon for kultur og samfunn ved Noregs idrettshøgskule.
Foto: Edvard Thorup
Det nye klassesamfunnet
Finn Olstads nye bok er eit lettlese innspel til ei sårt tiltrengd innsikt i skilnaden mellom fakta og ideologi.