JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KulturFeature

Nils Sletta 1943–2020

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nils Sletta i rolla som Davis i Harold Pinters «Vaktmeisteren» på Det Norske Teatret i 2009.

Foto: Morten Holm / NTB

10273
20201204

Nils Sletta til minne

Du var helten i vår unge sverm

som fekk oss til å fatta

daninga i herm.

Ja, taka etter alt det skatta

og gjera det til term.

Tenkjer så på kor du vitra vår

og gjorde hallingkast og skodespel

til lutra levekår.

Tolka liv med kropp og sjel

så ein kunst forstår.

Du var den eldste i vår unge flokk

som tok til ordet, spel og dans

som framtid nok.

I minnet stend, i strålekrans

det meisterskap du rokk.

Knut Buen

10273
20201204

Nils Sletta til minne

Du var helten i vår unge sverm

som fekk oss til å fatta

daninga i herm.

Ja, taka etter alt det skatta

og gjera det til term.

Tenkjer så på kor du vitra vår

og gjorde hallingkast og skodespel

til lutra levekår.

Tolka liv med kropp og sjel

så ein kunst forstår.

Du var den eldste i vår unge flokk

som tok til ordet, spel og dans

som framtid nok.

I minnet stend, i strålekrans

det meisterskap du rokk.

Knut Buen

MINNEORD

Eg har eit motto: «Fyrst må du ape. Så kan du skape.» Kunstnarleg trong og ytringsevne startar med arv og oppvekstmiljø. Det skil mykje på kva som rører seg av inntrykk, tradisjon og livsvilkår, men tidleg oppleving av eit lutrande folkeliv og kulturmangfald vil kunne bli ein mykje danande start på eit profesjonelt kunstnarliv. Dette galdt i stor mun Nils Sletta, som lærte seg til yrkesaktiv skodespelar på Statens teaterhøgskule og seinare blei fast tilsett på Det Norske Teatret i førti år.

Nils blei fødd ein vårdag i 1943, i dei vanskelege krigsåra. Foreldra var nygifte og stamma båe frå Tuddal. Dei var av slekter rike på evner til å underhalda og halda bygdekultur i hevd. Mora, Gunhild, var fødd i Bondal, av foreldra Gro Sveinsdotter, fødd Løndal, og Tov Åkre. Sistnemnde var ein habil handverkar, til liks med brørne, og Gro var dotter av Gunhild, fødd Dalen, og Svein Løndal, den omframt kjende spelemannen som skapte ein heilt sjølvstendig spelestil på hardingfele og var ein merkeleg mystikar med underlege openberringar og soger å fortelja.

Gro var den eldste av borna deira og hadde så fin evne til å syngje folketonar. Dottera, Gunhild, var serleg god til å fortelja, hadde eit smittande humør og blei ei mykje omsorgsfull mor for borna sine. Far til Nils, Halvor Sletta, var ein god tømrar og snikkar, med ei slekt som talde fargerike personlegdomar i stor mun, ikkje minst når det galdt evne til å skapa liv, med sans for forteljing og improviserte innslag av hermer og råkande replikkar. Han var den yngste av tolv sysken som var borna til Ragnhild, fødd Flåte i Tinn, og Halvor Sletta, fødd på Bergtjønn mellom Reisjå og Bondal. Etter desse to lever det også hermer som ber bod om rommeleg sans for humor og spøk. Det vitale i høve tilvekst i familien tok Gunhild og Halvor rikeleg vidare. Barneflokken voks til ni i talet, så Nils fekk mange gjæve sysken: Toralf, Ragnhild, Hallvard, Gro, Gunnulf, Gunhild, Anna og Maria.

I etterkrigstida, som Nils kunne minnast og voks opp i, var Tuddal ei bygd der småbruksnæring, skogsdrift og handverksfag var i full utfalding, samstundes som industrialisering og anleggsdrift byrja koma inn i samanhengen. Ei rekkje bygdeoriginalar prega miljøet med fargerike innslag, og det levde mange folkekunstnarar som stod for framståande kvalitetar innom handverk og folkemusikk.

Nils var ein spretten gutunge som hevda seg på ski og i ulike kroppslege aktivitetar, var tilfredsstillande flink på skulen og tok tidleg til å taka etter dugleiken til dei nærskylde meistrane på hardingfele, Olav, Kjetil og Einar Løndal. Serleg var det kort veg mellom heimen og bort til tanta, Margit, og Einar Løndal på Ned-Sletta. Han øvde mykje og kom seg raskt i spelemannsfaget.

Han var så ivrig i felespel at det overgjekk sansen for framhaldsskule. Mora tykte han blei vel lenge på Ned-Sletta utover nettene og var ottefull for at han ikkje kom seg på skulen om morgonane. Heime på romet sitt øvde han etter ljodopptak på den lånte bandopptakaren til Tuddal Spelemannslag. Det var ei blømande rekrutteringstid for hardingfelemusikken i Tuddal. Ved sida av Nils var det etter kvart åtte andre unge som tok til å spela.

Slekta var òg velsigna med framifrå folkedansarar, og etter kvart tok Nils opp denne tradisjonen med. Men han utvida det, etter kvart, med å danse halling, noko som ikkje var så mykje nytta i bygda før. Og alt i konfirmasjonsalderen tok Nils til å deklamere frå Peer Gynt der han vanka mellom oss i dalen. Eg hugsar me mindreårige stod forvitne kring den noko eldre tenåringen som deklamerte uoppfordra for oss når me var ute på spark vinterkveldane. Det tykte me var noko til bragd, å kunne noko slikt.

Nils fekk med seg innsikt i snikkarfaget, både via skulen og ved lærenæm gauming etter korleis dei eldre gjorde det, og i den tida vasskraftreguleringa også baud på snikkarjobbar av ulik art, var han litt med på enkelte slike jobbar. Nils vart sjølvhjelpen som snikkar og sette seinare opp eiga hytte på eigedomen til Åkre, ved Skinanvatnet i Bondal. Der har familien hatt eit eventyrleg tilhald i mange år.

I femti-, seksti- og syttiåra var det jamleg Tuddalstemne med kappleikar, kappdans og folkeleg moro. Der utfalda meistrar i spel og dans seg, og med originalane på plass kom det til eit kreativt oppbod av førebilete i både musikalske og visuelle framtoningar. Der var den unge Nils iakttakande deltakar og aktør både på hardingfela og i dansekonkurransar.

Han hadde ein jamaldrande ven i Torgeir Fonnlid frå Rauland, og desse to var kameratar og spreke frikarar som dansa seg til topps på kappleikstemna rundt i Telemark og i andre distrikt også. Nils var såleis fast aktør nokre sumrar på Valdres Folkemuseum og dansa da mykje i lag med Karin Brennesvik.

Etter at Nils tok ut frå heimbygda, vanka han mykje i Oslo, der han søkte seg inn på Statens teaterhøgskule og kom inn ved fyrste forsøk. Da blei det alvor av å satsa på kunstnarvegen, noko han seinare meinte var litt tilfeldig. Men han treivst i hovudstaden, der han også hadde heimehald i nær slekt, sidan Edvine og Kjetil Løndal budde og verka der, Edvine som garderobevakt på Det Norske Teatret og Kjetil som vaktmeister og eit udiskutabelt midtpunkt i spel og dansemiljøet i byen.

Ein kan vel trygt seia at satsinga på teater, folkemusikk og folkedans ikkje var så tilfeldig likevel. Alt gjekk seg naturleg til i høve kunstnarbanen for Nils. Han hadde framgang på så mange hald. Eg hugsar på landskappleiken i Molde i 1966. Da var Nils 23 år og på sine høgder som dansar, men også som spelemann. Han var litt for moro med på turen til Molde saman med ekteparet Løndal, og nokre av oss litt yngre spelemenn frå Tuddal. Eg var i tenåra og hadde lånt ei ny hardingfele av tante Bergit som morbror min, John Tjønn, hadde gjort og fengje mykje malmen og god ljod i. Den lika Nils au og bad om å få låne ho på kappleiken. Og det gjekk vegen.

Eivind Groven var ein av domarane, og Nils fekk lik poengsum med slektningen, Kjetil Løndal, som blei halden litt framom likevel og kåra til A-klassevinnar. Eg trur Kjetil kjende seg litt vel mykje pusta i nakken av oss felejyplingane frå Tuddal den gongen. «Fillegutongje», sa Kjetil da, både litt stolt av bygdebragd og kanskje likevel litt hurren over litt for tidleg mannjamning.

Neste år var me ein heil kulturdelegasjon på tur til ein festival i Bulgaria. Nils og Torgeir Fonnlid dansa halling i det norske kulturprogrammet, og på ei av framsyningane spente Nils hatten av stonga på ein slik måte at han landa elegant på hovudet til Torgeir. Det blei det jubel av…

Ja, det er mange minne frå bragdene til Nils som spelemann og folkedansar, men det blei meir og meir skodespelarfaget han blei engasjera i etter å ha gått åra på Teaterhøgskulen.

Det var så vel at Nils fekk jobb på Det Norske Teatret og blei involvert i høgst ulike rolleoppgåver gjennom førti år. Og det gjekk jamt over godt for han i kritikkane. Men det blei ei stor høgding for han i rolla som Mattis, Tusten, i oppsetjinga av Fuglane av Tarjei Vesaas i 1997. Det gav han Teaterkritikarprisen for beste mannsrolle det året. Dette stykket hadde han òg stått for dramatiseringa av, så han hausta godord også for den.

I det heile var Nils ein jamn kvalitetsberar på dette teateret, blir det sagt av kjennarar eg har tala med. Teaterleiinga har såleis teke fram nokre roller, spesielle i minne: Han blir heiderleg nemnd som studenten Pjotr Sergejevitsj Trofimov i Kirsebærhagen av Anton Tsjekhov i Tormod Skagestads regi i 1979. Han var rosa for hovudrolla i Barabbas av Michel de Ghelderode i 1981, der Stein Winge hadde regien og fekk prisen for beste teateroppsetjing dette året. I 1990 gjorde han ein fin innsats som Pastor Parris i Hexejakt, basert på stykket av Arthur Miller. Som Japanaren i Den store landevegen av August Strindberg (2009) blir også Nils hugsa. Han kom heiderleg frå det i eit stykke Asbjørn Toms og Barthold Halle bygde på tekstar av Alf Prøysen i 1988, og det same i folkekomediar, slik som i Skjergårdsflørt 2001.

I 2000 omarbeidde han og dramatiserte ein monolog over romanen Kjellarmennesket av Dostojevskij, noko som også vekte åtgaum. Avslutningsvis spela han, kritikarrost, Davis i stykket Vaktmeisteren av Harold Pinter i 2009. Men det er mangt anna ein kan taka fram om Nils frå film og teater. Han spela Myllarguten i ein kortfilm i slutten av syttiåra, og i same tid var han på turné med eit stykke om Myllarguten og Ole Bull, skrive av Ketil Bjørnstad. Frå fjernsyn vil me alltid minnast han frå rolla han hadde i Berlinerpoplene og Vestavind. I programmet ved opninga av Tuddal Amfi, i 1993, las Nils «Norske ord» av Olav Aukrust og Grethe Ryen «Salme» av Bjørnson. Det var gripande stunder.

Nils var ei tid sambuar med Anne Marit Jacobsen og fekk sonen Torbjørn med henne. Seinare blei det sambuarskap med Grethe Ryen, som han fekk borna Ragnhild og Tov med. Kunstnarskapet var på profesjonelt plan heile tida og gjeng no vidare i ulike kreative former med desse gåverike ungdomane.

Born og barneborn minnest Nils i varme ordelag, noko som fortel om beundring både for menneskelege og for faglege sider. Dei same kjenslene blir også hevda av sysken som han heile tida, ikkje minst i seinare år, vende attende til for hygge og samspel.

Nils spela mykje saman med brørne Gunnulf og Toralf, og han tok til med å laga nye hardingfeler på sine eldre dagar. Det blei tre feler etter kvart, men den fela han nytta mest i eldre år, var ei Hauk Buen hadde laga og som han lika godt.

Torgeir Fonnlid seier om venen, Nils: «Han var så musikalsk at eg kan ikkje hugse han bomma på ein einaste replikk. Han svara heilt organisk på alle replikkar og var kjend for det. Han var så raus med ros til kollegaer også. Det siste me spela saman, var Mens vi venter på Godot. Det blei avskilsframsyninga vår, det.»

Knut Buen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Krevjande buksering i tronge norske fjordar; her kjem taubåten til sin rett. Éin taubåt sleper framme, medan to mindre båtar er kopla til sidene i fall dei kjem for nære land. Bakarst er ein fjerde og siste taubåt i standby dersom lekteren treng å bremse opp.

Foto: Svein Egil Økland

ReportasjeFeature

Taubåten – den maritime arbeidsgampen

For somme sjøfolk er livet på ei ferje eller eit cruiseskip ikkje variert eller spanande nok. Då er kan hende løysinga å hoppe over på tug-en – ein jobb der kvar dag er garantert å vere ulik den førre.

William Sem Fure

Marie Blokhus, Gard Skagestad og Kirsti Refseth spelar stykket til den tyske dramatikaren Marius von Mayenburg.

Foto: Monica Tormassy / Det Norske Teatret

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Kven har makt over kven?

Velspelt om medviten og umedviten makt, sanning, manipulasjon og illusjon.

The Lady (Willa Fitzgerald) må flykte frå ein galen mann.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Skrekkfilmen Strange Darling tuklar med tida for å trekke i gang tankane.

President Joe Biden (f. 1942) og statsminister Jonas Gahr Støre (f. 1960) stiller opp til familiefoto på Nato-toppmøtet i Washington i år.

Foto: Javad Parsa / NTB

KommentarSamfunn
SveinTuastad

Å fjerne Støre no vil vere ei panikkhandling som skaper fleire problem enn det løyser for Arbeidarpartiet.

Frostrøyk i Kyiv.

Frostrøyk i Kyiv.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KrigSamfunn

Kyiv, Brussel, Budapest – ei forteljing om tre byar

Ei tjukk skodde heng over Kyiv og heile det sentrale Ukraina. Lufta er fuktig og tung, og hindrar sikten. Sjølv på ein god, rett veg må du køyre med låg fart.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis