JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KulturFeature

I opphavet var diktet

Tysdag er verdas poesidag, skipa av FN i 1999, men markeringa er eldre. Sjangeren òg. Poesien er gjerne like gamal som holemåleria. Og det eldste kjende diktet kjenner me alle.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ei kring 4000 år gamal leirtavle med delar av Gilgamesj-kvadet, soga om vassflaumen. Tavla er i Sulaymaniyah-museet i Irak.

Foto: Osama Shukir Muhammed Amin / Wikimedia

14328
20230317

21. mars

Verdas poesidag. Skipa i 1999 av Unesco, FNs organisasjon for undervising, vitskap, kultur og kommunikasjon.

havard@dagogtid.no

Den årlege markeringa av verdas poesidag 21. mars er nokså ny. Slike årsdagar kjem gjerne i stand i regi av FN, og det gjorde verdas poesidag òg. Markeringa vart erklært under eit Unesco-møte i Paris i 1999, «for å fremja språkleg mangfald gjennom poetiske uttrykk og for å gje truga språk høve til å verta høyrde».

To år etter kom dagen til Noreg. I 2001 las ein at FN «har bestemt seg for å innføre en egen Poesiens dag 21. mars hvert år. Og det er en pasning som fotballtrener og litteratur-entusiast Nils Arne Eggen tar på strak vrist: – Ja, jeg er veldig glad i poesi, og så lettrørt at tårene triller når jeg leser en god tekst. Jeg har så mange yndlingsdikt at det blir helt urettferdig å plukke bare ett. Det finnes jo så mange sjangre. Du har for eksempel ett med røtur og klang, ’Fjell-Norig’, av Olav Aukrust som begynner slik:

Du salme i skogen, der vindsus syng

kvar linnvêrs natt,

du helsing frå villmark og végras og lyng –

stødt kjem du att.»

Lesarar som hugsar Nils Arne Eggen, vil nok hugsa poesidagar frå før tusenårsskiftet òg. På Louisiana utanfor København heldt ein poesidag i oktober 1980. Få år etter tok eg del i ein poesidag under Festspela i Bergen. I 1990-åra byrja dei med årviss poesidag på Hardanger folkemuseum, vigd Olav H. Hauge, og i Stavern, vigd Herman Wildenvey.

Kven kom med ideen om ei årviss markering?

Webb og Vergil

Eitt spor peikar mot den amerikanske småbyen Logan, midtveges mellom Chicago og Washington, på landsbygda i delstaten Ohio. På ein gard der voks ho opp, Tessa Sweazy Webb, fødd i 1886, sidan lærar og lyrikar. Ho var nok med då Ohio arrangerte ei poesiveke alt i 1924, og i 1938 hadde ho overtydd den lovgjevande forsamlinga i delstaten om å innstifta ein offisiell poesidag, ikkje minst i skulane. Lærarar er viktige poesiformidlarar, ja, stundom er dei forfattarar og lyrikarar òg, som Webb, og som fleire av lærarane mine.

Dagen var fyrst lagd til tredje fredagen i oktober, og frå 1947 til 15. oktober, fødselsdagen til den romerske lyrikaren Vergil (70–19 f.Kr.), bondeson slik Webb var bondedotter. Mottoet hennar var: «For kvar levande lesar ein lyrikar, for kvar levande lyrikar ein lesar.»

Etter andre verdskrigen spreidde ideen og dagen seg. I 1955 hadde 42 amerikanske delstatar slutta seg til. Kva med ein poesidag i heile verda?

I opphavet

Poesien er universell. Diktet var i opphavet – til menneskeslekta og kvar og ein. Toåringen rimar. Virre virre vapp. Vokalane vekslar som i sterke verb. Ligg, låg, har lege. Konsonantane får køyrt seg, dei òg. Ole dole doff kom lenge før Disney, Donald og nevøane. Den vesle munnen er full av velljod. Kinkliane koff. Diktet er i gang.

På alle tungemål. For 2000 år sidan noterte den romerske poeten Persius (34–62 e.Kr.) ei voggevise, eit barnerim: Lalla lalla lalla/ Aut dormi aut lacta. På norsk: Lalla lalla lalla/ Anten svevn eller mjølk. Dobbel så gamal er nok den sumeriske regla som i omsetjing liknar «So ro, lille mann». Ei semittiskspråkleg regle har erobra verda, framført på marokkansk-arabisk og arameisk: A ram sam sam/ gulli gulli gulli gulli/ ram sam sam.

Korkje norsk eller latin, arameisk eller arabisk er medfødd, men det er evna til språk og poesi. Og av di poesien er medfødd, er du leiken til det er avlært. Verdas poesidag er ein freistnad på å utsetja avlæringa.

1958

At dagen slo an i USA, gav ideen til ein verdsdag. I 1958 hadde tolv land slutta seg til: Danmark, England, Brasil.

Same år er «Verdas poesidag» nemnt i norskspråkleg presse, i norskamerikanske Nordisk Tidende i New York, tanken kjem jo derfrå. 2. oktober 1958 les ein om «den idé å spre poesien ut over hele verden –?som en Internasjonal poesidag – eller på engelsk World Poesy [sic] Day».

Kvifor? Slik det i 1999 var «for å fremja språkleg mangfald», var det i 1958 «for å forene verden ved diktningens usynlige bånd».

I 1958 vart ideen omtalt i kulturmagasinet Urd òg, i det som diverre var avskilsnummeret til vekebladet som journalistsystrene Anne og Cecilie Bøe hadde skipa i 1897: «Fra en amerika-abonnent, Magny Landstad Jensen i New Jersey, har vi fått brev med utførlig redegjørelse» om verdas poesidag. Rørsla har nådd Danmark, men ikkje Sverige og Noreg, så no har ho «fått i oppdrag å spre opplysning om ’World Poetry Day’ i Norge» frå si adresse i «Lake Telemark, Rockaway, New Jersey».

Urd gjev si støtte på leiarplass: «Poesien og poetene har jo ikke samme mulighet for å nå frem til sitt publikum som andre kunstnere, og kanskje det er en medvirkende grunn til at poesien er kommet i en slik bakevje her i landet.»

Det såg mørkt ut for både poesien og Urd. Men same år kom ei vending.

Røtene

Med poesien er me nedi røtene til litteraturen og til musikken, men kva er røtene til sjølve orda me nyttar om fenomena: poesi, dikt, lyrikk? Å dikta kjem av å seia noko, som i diktera og diksjon. Nett som språk: zu sprachen, å snakka. På engelsk utan r: to speak. På norrønt heitte det å spraka, truleg eit ljodmalande ord. Munnen til treåringen sprakar. Kinkliane koff. Ikkje mista munn og mæle, men seia noko på morsmålet.

Kva er verdas eldste dikt? Dei har nok vore barneregler og voggeviser, like gamle som dei eldste holemåleria. Somme såg eg i ei hole i noverande Spania, komponerte av neandertalarsyskena våre medan det meste av noverande Noreg låg under eit tre kilometer tjukt lag av is. Men kva er verdas eldste kjende dikt?

Episke og dramatiske dikt

Eitt av verdas eldste kjende dikt er eit episk dikt, ei soge på vers, som Odysseen og Beowulf. Den nedskrivne versjonen er om lag 4000 år gamal og hadde nok alt då levd lenge i munnleg overlevering, dikta på sumerisk, eit språk som ikkje berre er utdøydd, men som heller ikkje er i slekt med noko anna kjent språk. Men diktet er ikkje utdøydd. Tvert om fortel det ei soge som millionar av born kjenner i dag, soga om ein flaum som sette delar av Midtausten under vatn, mellom anna Persiabukta, kan henda på den tida då det nordeuropeiske isskjoldet smelta. Diktet er kjent som Gilgamesj-kvadet, og soga vart vidare kjend gjennom versjonar som ein finn i dei heilage tekstane til jødedomen, kristendomen og islam, då med ein viss Noah i hovudrolla.

Soga held seg flytande i vår tid òg. Flaumen og arka går att i dikt og songar, og metaforisk i utforminga av hovudfotballstadionet i Qatar og frøbanken på Svalbard.

Verre står det til med det episke diktet. Me har framleis storytelling songs og verseforteljingar, men i hovudsak har det episke vorte romanar, utan vers, men heldigvis stundom med mykje poesi.

Ei anna poetisk grunnform har vore det dramatiske diktet, som skodespel på vers og greske drama. Heilt borte frå poesien er dei ikkje. Versedramaa til Shakespeare vert spela verda over. To kjende skodespel av Henrik Ibsen har båe dikt i undertittelen: Brand. Et dramatisk dikt (1866) og Peer Gynt. Et dramatisk dikt (1867). Syngjespel, teaterkonsertar og musikalar samlar fulle hus i verdas største byar og kjem jamleg i norsk attdikting.

Men det er ikkje fyrst og fremst episke og dramatiske dikt som tysdag vert markert verda over.

Lyriske dikt

Den sjangeren me fyrst og fremst tenkjer på som dikt i dag, er ikkje den episke eller dramatiske, men den lyriske poesien. Av di me nyttar lyrikk og poesi om kvarandre, kan lyrisk poesi lyda som smør på flesk, men er ikkje det.

Kva tyder lyrisk? Er det namnet på kjenslepoesi? Nei, ordet kjem av eit instrument, lyra, antikkens gitar. Med lyrisk poesi kan ein forstå eit musikalsk dikt. Poesi som høver til musikk. Nett slik vert ordet nytta i engelsk: lyrics, songtekst.

Det har ein del med lengd å gjera. Henrik Wergeland skreiv eit dikt på 720 sider, Skabelsen, Mennesket og Messias (1830), med undertittelen Et Digt. Somme av dei kortare dikta, skrivne for tonesetjing, vart samla som Udvalgte lyriske Digte (1846).

Men lyrikk har òg vorte ei sjangernemning for skriftdikt på papir, som gjerne ikkje er skrivne for tonesetjing.

Kvifor fall verset bort i boklyrikken, men ikkje i lyrics? Det har med boka å gjera.

Før alfabetiseringa og bokindustrien var situasjonen ein annan. Skreiv ein noko viktig, skreiv ein det på vers. Ja, ikkje berre «romanar» og «skodespel» var på vers, men stundom historieskriving òg. Kvifor?

Kvifor ikkje? Grunnane var mange. Med verseforma fekk ein prenta teksten, ikkje på papir, men i minnet. Tekstar på vers var enklare å memorera og læra utanåt for dei som ikkje kunne lesa ei bok eller hadde råd til ei bok. Og slik dei var lettare å læra og hugsa, var dei vondare å forvanska. På vers verna ein teksten mot forfalsking.

Det er lettare å kveda, steva og rappa til ei takt. Og var takta ikkje berre blanda og fri, men fast og regelbunden, høvde ho ikkje berre til song, men til allsong òg. Dei siste 500 åra går allsongen som ein raud tråd i dei mange folkerørslene som har endra samfunnet.

Meir 1958

Urd-ideen i 1958 om ein verdas poesidag i Noreg vart ikkje noko av, og bladet gjekk inn, men likevel vart 1958 eit merkeår for poesien i Noreg. Storforlaga Gyldendal og Aschehoug skipa då ein eigen bokklubb for lyrikk, Diktets venner, med lyrikaren og modernismepioneren Paal Brekke som redaktør. Samstundes vart Diktets venner-lag skipa over heile landet, fyrst i Skien.

Namnet var nok inspirert av laget Visens venner, med songlyrikarar som Alf Prøysen.

Brekke og Prøysen var då to ytterpunkt i lyrikken, som modernist og artist, med bok og plate som plattform. Eit argument Brekke nytta mot dikt som vers, var at vers vert nytta til allsong og marsj i farlege folkerørsler.

Berre tre år seinare, då Bokklubben (kjend som De norske Bokklubbene) vart skipa,?omdanna ein Diktets venner til ein stor lyrikkbokklubb med månadlege diktbokutgjevingar i høge opplag.

Poesien er udefinerbar

Eit dikt kan ikkje definerast. Det er ikkje kort eller langt, med eller utan bodskap, i bunden eller ubunden form. Om einkvan lagde ein definisjon, skreiv ein annan eit dikt som braut med definisjonen.

Lyrikaren Arnulf Øverland skreiv ein aforisme: «Ingen vet hva poesi er, og ingensinne får noen vite det. Det er en hemmelighet.» Som kjent var han skeptisk til modernismen, og skreiv ein annan aforisme: «Poesiens vesen skulle være det usigelige, men ikke det uleselige.»

Med det usigelige spela han på ein annan antidefinisjon av poesien, som mange har sagt seg samde i, frå eit dikt av J.S. Welhaven, «Digtets Aand» (Nyere Digte, 1845): «Hva ei med ord kan nevnes/ i det rikeste sprog,/ det uutsigelige,/ skal diktet røpe dog.»

Poesien er irrasjonell

Men kritikken av det uleselege er ikkje alle samde med han i. Somme dikt er uforståelege som ei barneregle. Andre dikt er uforståelege som eit abstrakt måleri. Dikt er ljod og skriftbilete òg, ikke berre meining og bodskap. Du kan lika musikk og kunst utan å kunne seia kva meininga til komposisjon eller måleri er. Å, det var ein fin melodi. Jau, men kva tyder han?

Kravet til meining er vonlaust. Meininga eller bodskapen til kven? Språket i seg sjølv er langt større, eldre og klokare enn lyrikaren. Diktet er større enn eg-et. Like lite som fargane og tonane høyrer orda berre til deg. Dei høyrer til språket.

Difor kunne Stein Mehren opna eit dikt slik (Den usynlige regnbuen, 1981): «Disse ordene som skriver meg, mens jeg skriver dem». Eit større medvit enn vårt ligg i språket og kan syna seg i det uleselege òg, frå barneregler og tøysevers til surrealisme, automatisk skrift og tungetale på eller utanfor parnasset.

Poesien er lågterskel

I den hundre år lange soga til verdas poesidag, frå poesiveka i Ohio i 1924 til markeringa tysdag, har Tessa Sweazy Webb og andre kvinner vore viktige. Poesien var eit av dei offentlege romma der kvinner tidleg kunne gå inn – lenge før kvinner flest kunne ta ein master i måleri, film eller kreativ skriving. Kvifor? Poesien er den staden i det kunstnarlege feltet der gjerdet på sett og vis er lægst. Dikt er lågterskel – om ein elles har lært seg å skriva.

Ein kan laga eit dikt utan den tida ein treng for å laga ein roman, eller dei pengane ein treng for å laga ein spelefilm, eller den logistikken ein treng for å laga ei teaterframsyning, eller den sjølvtilliten ein treng for å laga ein konsert, eller dei venene ein treng for å laga eit band, eller den verkstaden ein treng for å laga grafikk.

Ikkje berre det, eller som ein del av det: Diktet treng ikkje eit særskilt fysisk format eller ein særskilt fysisk sans. Musikk treng ljodbylgjer og øyro, biletkunst treng ljosflater og augo, scenekunst treng rom, dans treng kropp. Eit dikt kan høyrast, lesast med augo, lesast med fingertuppane, hengja på ein plakat på trikken, kvar som helst, tatoverast på kroppen ­– dei færraste har plass til ein roman.

Endå meir 1958

Inn døra kjem ei bok så fersk at ho kjem fyrst tysdag, på verdas poesidag: Fonolog (2023), med 120 songtekstar av åtte norske og nolevande song­lyrikarar, og med QR-kodar for lesarar som ikkje berre vil lesa, men høyra songpoetane lesa, ikkje syngja, tekstane.

1958 var som nemnt eit merkeår for boklyrikken, men for songpoesien òg. Som lyn frå klår himmel gjekk folkevisa «Tom Dooley», tolka av Kingstons Trio, til topps på amerikanske Billboard, midt i rockabillytida, som eit av dei største listejordskjelva i bransjesoga. Med eitt vart folk, vise, ein eigen kommersiell kategori, og i kjølvatnet fylgde vise og lyrikk og viserock.

Jordskjelvet nådde Noreg òg. Vinteren 1958­–59 låg «Tom Dooley» 27 veker på VG-lista, 14 av dei heilt øvst. Det fekk mykje å seia for utviklinga av songteksten som ein litterær sjanger, for gjennombrotet til dei unge visediktarane, i USA på tidleg 60-tal, her heime på seint 60-tal, og seinverknader som ein songpoesinobelpris i litteratur i 2016 og som ei songtekstbok inn døra i 2023. Diktets vener og visens vener er no vener i lag.

Fyrst og fremst er poesi leik og spel med ord og språk frå vogge til grav – ordleik og orrleik, kjærleik og paringsleik, Om du har lagt merke til at det med kvart ikkje er plass til anna enn kneippbrødtekst i hovudet og livet ditt, kan du vurdera å unna deg eit glas poesi no til tysdag.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Historia om Gilles Andruet (1958–1995) er ein gjengangar i «true crime»-sjangeren.

Frå sjakkverdaKunnskap

Lagnaden til minnemeisteren

Fekk han eit rom for natta, vart senga og golvet straks dekte av appelsinar, appelsinskrell, klede og sovjetiske sjakkblad.

Atle Grønn

Å rekna nautiske mil med passar og rullelinjal, er det nesten ingen som gjer lenger.

Foto: May Linn Clement

KunnskapFeature

Vegen til båtførarkortet

Kva må til for å kunna føra store fritidsbåtar i høg fart?

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis