Kultur
«Eg er ein annan»
Vil du sjå Bob Dylan på film, bør du konsentrere deg om stundene der han fascinerer i rolla som seg sjølv.
Dylan i den første vesle rolla si, i Pat Garrett and Billy the Kid.
Eg vert aldri lei av scenen. Ein snart 24 år gammal Bob Dylan har nett landa i London, han skal ut på turné og kjem til pressekonferansen berande på ei gigantisk lyspære. Kva er bodskapen din, spør ein reporter med det ein må kunne kalle ein snobbete britisk aksent. Svaret er: «Hald hovudet klart og ber alltid med deg ei lyspære.»
Året var 1965, og protestviseyndlingen og folkmusikkens vedunderbarn var på plass i England, men han hadde ikkje lyst til å vere den presse og publikum ønskte lenger. Igjen og igjen konfronterte han trøyttande journalistar med banale spørsmål og sette dei regelrett ut – særleg stygt gjekk det med ein stakkar frå Time.
Gryande kunstnaridentitet
Alt dette er rikhaldig dokumentert i D.A. Pennebakers Don’t Look Back, som først vart vist eit par år etterpå, og som framleis er den beste filmen om og med Dylan, vel eit halvt hundreår seinare. Sjåaren får følgje artisten nett idet han er i ferd med å gjere krav på eigarskapen til eigen kunstnaridentitet, og det spetakkelet det fører med seg.
I memoarverket Chronicles (2004) fortel Dylan at det var kjærasten Suze Rotolo som introduserte han for Jean Rimbaud (1854–1891). Han beit seg særleg merke i ein frase den franske poeten har vorte sitert mykje på: «Je est un autre.» I engelsk omsetjing vert det noko slikt som «I is another», reflekterte Dylan: «It made perfect sense.»
Chronicles fortel ein heil del om korleis Robert Allen Zimmerman bestemte seg for å verte Bob Dylan, og dei omfattande konsekvensane dette valet har hatt for eit menneskeliv. Dei var større enn han kunne ane som bråkjekk ung mann, og store nok til at den aldrande artisten framleis grublar over det.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.