JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KulturFeature

Åh, Maldivane!

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eg forstår straks at dette er ein plass der eg skal få store vanskar med å mistrivast.

Foto: Wikimedia

4608
20210108

Maldivane

Ein skal passe seg for sola her ved ekvator. Solfaktoren bør vere høg, og sjølv lærte eg noko heilt nytt: Ikkje farg håret før du dreg hit. Min nyvunne brune hårfarge blei nemleg effektivt forvandla til gulrotraud.

Maldivane er truleg restar av ei sokken kjede av vulkanar, danna for 60 millionar år sidan. Korallreva har så danna seg på disse restane.

Nokre av dei maldiviske øyane er dei minste i verda, berre nokre få kvadratmeter. Den største er seks kilometer lang. Øya eg besøkte, er 500 meter på det lengste.

Kjelde: Dreamsofmaldives.com

Matmonsen

Dagfinn Nordbø elskar mat og reiser og skriv om det.

Ein hutrande iskald desemberdag i 2003 forlét eg gamlelandet og la ut på ei eventyrleg reise. Tre flyturar seinare får nokre maldiviske innfødde dette surrealistiske synet: Norsk mann i enorme Ecco-vintersko stavrar i land frå ein dhoni (småbåt), med tjukk svart ullfrakk over armen, i eit klima der temperaturen heile året ligg på 24–33 varmegrader.

Maldivane ligg i Indiahavet og er om lag tolv hundre små og bitte små øyar, med og utan busetjing. Ingen av dei når ei høgd over havet på meir enn åtte fot. Islam overtok for buddhismen på 1200-talet, og eg er blitt grundig gjord merksam på at det ikkje er lov å ta med alkohol til landet. Bungalowen eg bur i, har stråtak og er som klipt ut av eit Donald-blad der han ligg i skuggen av dei høge kokospalmane, men på innsida finst absolutt alt ein kunne trenge, den kolossale senga er pynta med roseblad – og herlegdomen er plassert nokre få meter frå den mjølkekvite sandstranda eg har heilt for meg sjølv. Eg forstår straks at dette er ein plass der eg skal få store vanskar med å mistrivast.

Sa dei alkoholforbod? Ikkje noko problem. Eg har fullpensjon med øl og vin inkludert i måltida, og den vennlege muslimske servitøren er så raus med raudvinen at eg fleire gonger må takke nei. Som muslim kan han skjenke vin, men ikkje selje drinkar i baren, så korleis løyser ein det problemet? Ved å tilsetje hinduar, sjølvsagt. Dei kjem alle frå Kerala og er nokre råtassar på å pushe sprit. Alkohol får den islamske republikken til å gå rundt, og eg kan ikkje tenkje meg anna enn at Allah er nøgd med ordninga. Vi blir jo heile tida fortalde at han er nåderik.

Er ein først i paradis, kan ein like gjerne nyte livet i fulle drag, så eg tinga meg inn for ei heil veke med ayurvedisk massasje. Kvar einaste dag hadde eg time, kvar gong med ein ny type meir eller mindre aparte kroppshandsaming, der noko av det særaste var å liggje ein heil time på ryggen mens ein jamn straum av olje draup ned på eit punkt i panna mi. Eit komisk høgdepunkt var varianten der den lubne nordmannen ligg naken på magen, mens massøren heng i eit tau frå taket, og masserer han med stortåa. Det finst diverre ikkje filmopptak av seansen.

Og maten? Særs, særs bra – bortsett frå éin ting, at den maldiviske matkulturen var vanskeleg å spore. Eg var på ei øy med 100 gjester og 140 tilsette, og alt var innstilt på behova til gjestene. Derfor sat leiinga og finkjemde listene over kven som var til stades, så italienarane fikk sin pasta, sveitsarane sin eplestrudel og amerikanarane sitt storfekjøt.

Ein eigen matstylist var i sving ved kvart måltid og gjorde all maten så visuelt innbydande at eg ikkje trudde det var mogleg. Ved frukosten fekk du i løpet av minutt steikt din eigen personlege omelett, etter å ha peikt ut ingrediensane du hadde lyst på. Lutter glede, men kvar blei det av Maldivane oppi det heile? Etter å ha søkt på nettet veit eg at det maldiviske kjøkkenet er svært variert og spennande, med mykje bruk av fersk lokal fisk, kokos, ris, chili, lime og annan sitrus.

Eg bør jo her by på ei oppskrift, men sidan det er plent uråd å finne ein rett med mindre enn 15 ingrediensar der halvparten ikkje er å skaffe i Norge, skal eg i staden freiste dykk med ein lomi-lomi: Riv ein kopp fersk ingefær og hell over fire koppar kokande vatn, eller kok til ønskt styrke og sil av. Bland 1 del avkjølt ingefærjuice med 1,5 delar limejuice og 1 del flytande honning (eller meir etter smak). Rør godt saman, tilsett så knust is og nyt han som ein frosen margarita. Med denne forfriskinga er det berre å drøyme seg bort til Maldivane: Krystallklart vatn så langt auget rekk, skyfri himmel og kilometer på kilometer med langgrunne kvite sandstrender.

Personalet fortalde meg at to veker før eg kom, hadde min ungdoms store helt Cat Stevens, no den konverterte muslimen Yusuf Islam, besøkt øya med dei tre døtrene sine, alle under tolv år. Dei fekk alle saman lov å bade, men då med full burka.

Dagfinn Nordbø er tekstforfattar og satirikar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis