JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KulturFeature

🎧 Visene til Bjørneboe

I dag er det 100 år sidan Jens Bjørneboe vart fødd. Som lyrikar i 25 år spegla og utfordra han skifta i norsk lyrikk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sjølvportrett. Jens Bjørneboe, Oslo 1942.

Kopirett: O. Væring Eftf AS

9903
20201009
9903
20201009

Lytt til artikkelen:

havard@dagogtid.no

Jens Bjørneboe vart fødd i Kristiansand 9. oktober 1920. Etter å ha utdanna seg til biletkunstnar i 1940-åra, diktdebuterte han i 1951 og verka i 25 år som lyrikar, romanforfattar, dramatikar og essayist. Minst merksemd i litteraturen om han har gått til lyrikken, som rammar inn forfattarskapen, frå debutboka Dikt (1951) til jazz- og lyrikkalbumet Våpenløs (1976), spela inn med han som vokalist, veker før han hengde seg.

I dette kvarte hundreåret endra norsk lyrikk seg formalt, frå dikt med til dikt utan rim, frå seintradisjonalisme til modernisme. Samstundes vart songlyrikken meir urban, moderne og litterær.

Utviklinga kan ein studera i lyrikken til Bjørneboe. Han spegla og utfordra endringane. Frå 1951 til 1976 gjekk han frå eit skriftleg til eit munnleg uttrykk, frå bok og pocketbok til teaterscene og musikkalbum.

Skriftleg med rim

Seksten klassiske og formfullenda, men eigenarta sonettar opna forfattarskapen og debutboka Dikt (1951). Forma, som han lærte av fetteren André Bjerke, fylte han med ein eksistensiell intensitet som hjå austerrikske Rainer Maria Rilke (1875–1926). Biletkunst inspirerte han, som den florentinske 1200-talskunstnaren Cimabue, i ein sonett med hans namn, og med ei sakleg, anatomisk tilnærming til ei avretting:

Så drev de naglene igjennem kjøttet

som skalv og sitret, knyttet seg. Og klang

av jern mot kobber reiste seg og sang.

De slo. Men tonen sank, til den forødte

seg taust i treet. De la sten til støtte

ved foten. Og en siste moden gang

bar treet frukt – det bar! Og frukten hang

– uendelig forløst hang den og møtte

seg selv befridd og fullbrakt og velsignet

i frøet, fruktens frukt og hjerte. Se!

En meter over dem hang den og lignet

et menneske som, spikret til et tre,

har senket hodet og som oppgir ånden.

Mens naglen lyser som en sol i hånden.

70 år etter lever diktet sitt eige liv på YouTube og Spotify, i Bjørneboes Ole Paus-produserte framføring på Våpenløs.

Neste samling, Ariadne (1953), likna debuten, men no var somme av sonettane i medviten form­oppløysing. Kritikarar og publikum sette versa høgt. Debutsamlinga gjekk i tre opplag.

Skriftleg utan rim

Framleis var tradisjonalisme, forståelege dikt med rim og meining, vanleg i Noreg, meir enn i Sverige, der modernismen, med rim- og meiningsløyse, braut gjennom med fyrtiotalisterna.

At bunden form heldt seg lenger her, kom dels av krigen. I Sverige leidde krig på fråstand til angstdikt. I Noreg leidde okkupasjonen til kampdikt (fleire av dei skrivne i Sverige), meint for utanåtlæring og framføring.

I 1955 var slikt utdatert, tykte modernisten Paal Brekke: «Diktet har stadig mer mistet [...] sin bestemte funksjon innenfor en sosial eller nasjonal gruppe», og «dets tidligere sanglige eller resitasjonsmessige effekter er dermed blitt formålsløse», og «lyrikere som André Bjerke og Jens Bjørneboe [...] er ‘tradisjonens’ forsvarere».

Då var modernismedebatten komen til Noreg, her kjend som «tungetaledebatten». Bjerke og Arnulf Øverland fronta tradisjonen – medan Bjørneboe, frå same riksmålsrørsla, freista å skriva modernistisk og T.S. Eliot-inspirert i den tredje samlinga, Den store by (1958). Det fekk han ikkje til.

Attdiktaren Bjørneboe

Han fann ikkje tonen. Gunvor Hofmo og Kolbein Falkeid fullførte overgangen deira til modernisme, medan andre, som heldt fram i bunden form, laut gje ut på lokalt eller eige forlag.

Etter å ha lagt bak seg 50-talet og bokdikt både med og utan rim, fann Bjørneboe ein eigen veg vidare: munnleg poesi. At det var lyrikaren og dramatikaren Bertolt Brecht som synte retninga, høvde med den politiske radikaliseringa. Viktig for han vart attdiktinga av Tolvskillingsoperaen (Nationaltheatret og Gyldendal, 1964), med kring tjue songtekstar. Handverket kunne han frå 1950-åra, då han òg attdikta rima bibelspel for steinerskuleelevane sine.

Han kjende att både det politiske og poetiske temperamentet hjå saklege Brecht: «Han er en kjølig og distant klassiker, absolutt ingen ekspresjonistisk romantiker eller ‘modernist’.»

Dei hermeteikna om modernistomgrepet som har vorte vanlegare i seinare år, sette Bjørneboe alt i 1964. Då var hans eigen modernismefreistnad seks år gamal. Inspirert av Brecht ville han no halda fram med å rima, ikkje skriftleg for bok, men munnleg for song.

Munnleg med rim

Slik Brecht hadde alliert seg med komponisten Kurt Weill, allierte Bjørneboe seg med Finn Ludt, som i 1963 hadde komponert songar til musikalversjonen av Alf Prøysens Trost i taklampa. Snøgt kom to brechtske syngjespel, fengselskritiske Til lykke med dagen (1965) og antiautoritære Fugleelskerne (1966). I songen «Blomster for [den ungdomskriminelle skandalediktaren Jean] Genet» vidareutvikla han ei opphavleg meir sakral jomfru Maria-skisse frå 1950-talet:

Halikker og sodomitter

Blottere og transvestitter

Pederaster, fetisjister

Diktere og masochister

Drankere og morfinister –

Jomfru, alle smerters moder

Trøst Genet, vår stakkars broder!

Også han er tornekronet.

Mykje samla seg i songtekstane: handverk og raprim, bibelsoge og kulturopprør, mytologi og politikk, overdriving og alvor. Og no skreiv rimskeptikaren Paal Brekke oppglødd i ei Dagbladet-melding at «hva som framfor alt bar, var sangene. De hadde alle snert og brodd, og gav spennende løfter om hva Bjørneboe kan komme til å gjøre som moderne-poetisk dramatiker».

Om «sanglige eller resitasjonsmessige effekter» ikkje lenger skulle ha eit nasjonalt føremål, kunne dei ha eit politisk.

Songar, viser og dikt

Bjørneboe sytte for ei litterær fornying av norsk songtekst i 1965–66, to år som òg var gjennombrotet for den ambisiøse songteksten internasjonalt, med Dylan, Beatles, Stones og andre, og snart her heime, med mellom andre Bjørneboe-inspirerte Ole Paus.

Ei vareoppteljing kom med det breie diktutvalet Aske, vind og jord (1968), der så å seia alt er i bunden form, motstraums medan rimløysa tok over boklyrikken, og Svein Ellingsen skreiv nyskapande salmar utan enderim – som no mest overlevde i marxistiske kampsongar hjå nyskipingane Oktober forlag og Klassekampen.

Diktutvalet – det opnar med eit Brecht-sitat – kom ikkje i praktutgåve, men som beat-aktig billegbok til kr 12,50, ei viktig utgjeving for unge. Med undertittelen Sanger, viser og dikt var det som om pocketboka samla det skriftlege og munnlege i lyrikken att, 100 år etter at det skilde lag med Digte og Sange (1870) og berre Digte (1871) av høvesvis munnlege Bjørnson og skriftlege Ibsen.

Røyndomsromantrilogien Bestialitetens historie (1966­–73) tok no tida. I skodespelet Semmelweiss (1968) var songar planlagde, men sløyfa. Påbyrja syngjespel vart ikkje fullførte før marknadsføringssatiren Dongery (1976).

Munnleg utan rim

Den siste fasen i Bjørneboes lyrikk – etter skriftleg med og utan rim, og munnleg med –?vart munnleg utan. Som låg i tida. Kvardagsmodernisme dominerte 70-talslyrikken, etter at den nyenkle stilen tidleg nådde eit høgdepunkt med Jan Erik Volds Mor Godhjertas glade versjon. Ja (1968).

Bjørneboe meistra forma, i slekt med dei essayistisk-poetiske partia i prosaen hans, og han nytta henne i somme av dei mest kjende dikta, «Farvel, Bror Alkohol» (1975) og «Om steder på jorden og mat jeg liker» (udatert, prenta i Samlede dikt, 1977): «I innlandet/ Siena, bak domen/ åt jeg fra spidd/ oksekjøtt/ dryppende, rødt/ tomater, olje, citron/ rød vin/ ost/ Bel Paese/ og en ubeskrivelig/ røkt fåreost/ fra fjellene./ Denne middag kostet mig/ min forstand.»

Den raude tråden

Det er fleire skifte i Bjørneboes lyrikk, men eit fast punkt gjennom 25 år er visa. Den songlege viseteksten, som han i debutsamlinga kalla «Frie vers», ­er der heile tida, frå 50-talssamlingane via 60-talssyngjespela til Dongery (1976). Eit tonesett døme er «Mitt hjerte» (Den store by, 1958). Fyrste og fjerde strofe:

Mitt hjerte det er et foreldreløst barn,

det har hverken hjem eller sted å bo,

det har ikke klær, ikke mat og sko,

det har hverken seng eller barnetro.

Det har ingen ro.

Mitt hjerte det er et foreldreløst barn.

Det har glemt sin mor. Det har glemt sin far.

Men det spør efter dem overalt hvor det drar.

Og det spørsmål er alt hvad det eier og har.

Og det får ikke svar.

Historiseringa

Poeten Bjørneboe har på eit vis falle mellom to stolar. Som boklyrikar har han vore rekna som for songleg i dei med kvart marginaliserte lyrikk­institusjonane, og er difor lite antologisert.

Og motsett: Som songpoet vart han ikkje rekna med i 2017 då dei beste songtekstane etter 1945 vart kåra, truleg av di han vart vurdert som boklyrikar, jamvel om han medvite skreiv for tonesetjing og song.

Av dei få som har gjeve songtekstane hans rett plass i norsk lyrikkanon, er Brecht-kjennaren Georg Johannesen, som redaktør av antologien Norsk lyrikk. Etterkrigstiden (1966).

Det kjende og kontroversielle forfattarnamnet har dels skugga for dikta, dels lyfta dei fram. Få norske lyrikarar har fått så mange bokutgåver av dikt i utval og samling.

Med tida har tonesetjingane vorte mange òg. Dikta har vore tolka av mellom andre Hege Tunaal, Morten Harket, Lars Klevstrand, Tobben & Ero, Wa Svein Tang, Lars Martin Myhre, Ole Paus, Frode Thingnæs og Tom Roger Aadland. Ikkje minst har det kome heile albumutgjevingar av lyrikken hans, med Anne Grete Preus (1988), Finn Coren (2001) og – denne veka – Marcus Paus.

Dei mange musikalske verka understrekar at ei songleg viseform var hovuduttrykket hans.

Jens Bjørneboe var så mykje. I tillegg til debattanten og romanforfattaren var han dette òg: den unge biletkunstnaren som ikkje vart biletkunstar, men visediktar ­– eit løp som liknar Evert Taubes, men i ein mørkare, meir desperat og mindre populær versjon.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Han sytte for ei fornying av norsk songtekst i 1965–66.

70 år etter lever dikta sitt eige liv på YouTube og Spotify.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Donald Trump held valkampmøte i Traverse i Michigan 25. oktober.

Foto: Carlos Barria / Reuters / NTB

KommentarSamfunn

Få dagar før det amerikanske presidentvalet er det klart at Donald Trump kan bli vald.

Kva kan ein Trump-siger få å seia for verda, for Europa og for Noreg?

Halvor Tjønn

Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.

Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB

IntervjuSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nato-toppen som sa det han tenkte

Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.

President Joe Biden og visepresident Kamala Harris i august 2023. Den økonomiske politikken deira bidrog til å få ned arbeidsløysa, men inflasjonen som tok av i 2022, gjorde større inntrykk.

Foto: Evan Vucci / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Harris blir heimsøkt av inflasjonen

Kanskje vart presidentvalet i USA 2024 avgjort ved bensinpumpene og i matbutikkane.

Noreg er på tredjeplass i kokainbruk i Europa.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

– Meiningslaust å straffe sjuke

Ronny Rene Raveen, tidlegare politimann og rusmisbrukar, vil ha avkriminalisering av rusmisbrukarar og unge opp til 25 år.

Høyanger i Vestland er ein relativt urban industristad, men talet på innbyggarar går éin veg. I fjor mista dei Tronvik, ei ruseining med 50 tilsette under Helse Førde. Å miste den vidaregåande skulen vil vere endå ein spikar i kista.

Foto: Marit Hommedal / NTB

ØkonomiSamfunn

Med skulane som hjørnesteinar

Det er dyrt å drive ein halvfull skule. Men kostnaden ved å flytte elevane om skulen blir nedlagd, er vanskelegare å rekne ut.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis