Kristin Sørsdal

DEL 2 AV 2: Kristin Sørsdal reiser att og fram over grensa mellom Serbia og Ungarn. Den tredje gongen er ho overtydd om at det ho ser, er menneskebur.

STOP-plakat Budapest, april 2018
STOP-plakat Budapest, april 2018
Publisert

Eg leiter etter vegar inn i denne teksten for å unngå at han får altfor mykje preg av politisk tale, og meir preg av personleg reise, og det går opp for meg at i arbeidstittelen («Migrantruter, murar, menneskeverd – Middelhav») manglar det i alle fall éin m. Først tenker eg, mens eg jobbar med dette materialet ved skrivebordet i Budapest den 15. mars ein månad før det ungarske valet, at denne m-en må vere m-en i militarisering.

Eg skriv: «militarisering». Den eg har møtt så sterkt langs det straumførande doble piggtrådgjerdet mellom Serbia og Ungarn/EU, den Visegrad-landa – Polen, Tsjekkia, Ungarn og Slovakia – kjem saman for å snakke om i juni 2017, då statsminister Netanyahu for første gong er invitert, også han for å snakke om det same: Korleis beskytte best mogleg det dumsnille, naive og liksomhumanistiske Vest-Europa frå trusselen frå dei tre a-ane: dei arabiske landa, Asia og Afrika? For både Netanyahu og den ungarske statsministeren Orban seier det i klartekst: Me er Europas vaktbikkjer. Om ikkje me vaktar grensene, går den europeiske kulturen i grus.

Eller militariseringa Noreg støttar gjennom Frontex med store pengesummar langs yttergrensa vår i sør, med økonomisk støtte til militsar som tidlegare dreiv med menneskesmugling, med økonomisk støtte til nyinnkjøpte israelske dronar til bruk i middelhavsområdet, med økonomisk støtte til overvakingssystem i billionklassen, til piggtrådgjerde og murar. Den israelske mot Sinai, den planlagde kenyanske mot Somalia, den spanske i Marokko, den tyrkiske mot Syria, den greske mot Tyrkia ved elva Evros, den makedonske mot Hellas, den ungarske, den fransk-britiske i Calais, og – kvifor ikkje – den på Storskog.

Menneske

Eller er det ein annan m som er mykje viktigare?

Mens eg sit og blar i notat- og dagbøkene mine frå dei siste tre åra, vel heime på det stille og folketomme Tromøya, skjøner eg kva m det må vere: møte. Ikkje berre gode møte, men mange møte, med menneske, mange menneske, dei fleste gode. Med den brokete flokken frivillige både i den norske organisasjonen Dråpen i havet og i solidaritetsgruppa Baobab i Roma, med den brokete flokken profesjonelle og halvprofesjonelle hjelpearbeidarar og byråkratar, med lokale departementsfunksjonærar i Hellas og Serbia, med vaktarar av ymse slag, med heile den brokete flokken grensekryssarar utan gyldige papir, både dei med ei lidingshistorie som eg aldri kan forstå, dei som har stjerner i auga, dei som berre vil ha ein vanleg jobb og eit vanleg liv, dei som klarte å rote seg inn i flokken av flyktningar og ein dag måtte rope: «Men eg er ikkje flyktning!» Dei som er gravide, dei som er sjuke, dei som har sett altfor mange døy, dei som er unge, forvirra menn frå Algerie eller Egypt. Med andre ord alle dei som la ut på det Yusuf kallar tahriib: Den største og vanskelegaste reisa i livet, reisa du bør unngå om du kan det.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement