Kristendomen i Europa
AKUREYRI: Heilt nord på Island møter eg ein nytenkjande prest som har vorte kjend på heile øya, utan å fylla si eiga kyrkje.
Presten helsar på kyrkjelyden etter gudstenesta. Bak ser ein Eyjafjördur.
–Somme meiner at borna sjølve må få velja; at barnedåp ikkje er rett av di foreldra då gjer eit val for borna. Men det gjer dei jo i heile oppveksten. Dei vel til dømes kva borna skal eta.
Røysta til Hildur Eir Bolladóttir er den same no som då ho preika i kyrkja for ein time sidan – daglegdags. Jamvel framfor forsamlinga er det ei røyst på tomannshand. Me sit på prestekontoret hennar, heilt nord på Island, i Akureyri, hovudstaden i Nordurland, ein by med 18.000 innbyggjarar som ligg inst i den lengste fjorden på øya, Eyjafjördur. Området skal ha vore busett på 800-talet av den norske landnåmsmannen Helge den magre Eyvindsson. Om det flate landskapet kring Reykjavik i sør liknar ein karrig vulkanversjon av Jæren, er me no nærare Nordland, rett oppunder polarsirkelen og midnattssola.
Kvifor sit me inst i den isfrie fjorden og diskuterer dåp? Vel, utan dåp, inga kyrkje. Prosentdelen av islendingar som vert døypte og lagde til den lutherske folkekyrkja, har på berre tiår falle frå nitti og noko til seksti og noko – om lag som i Noreg. Med ei slik utvikling må ein spørja seg: Står dei nordiske landa midt i eit trusskifte?
Slike skifte har kome med ein frekvens på om lag eit halvt tusenår: for 1000 år sidan frå åsatru til kristendom, for 500 år sidan frå katolisisme til lutherdom, og no, frå ei dominerande protestantisk folkekyrkje til kva då?
Eg stiller henne spørsmålet eg skal stille mange av dei eg møter på ferda mi gjennom Europa for å undersøkja kva som i dag er stoda for trua som har prega verdsdelen:
– Kva tenkjer du er framtida for kristendomen her i landet?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.