Kristendomen i Europa

TOSCANA: Trusskiftet i dag går djupare enn reformasjonen. No gjeld det ei 2000 år gamal førestilling om æveleg liv.

Attmed vegen gjennom eit bustadfelt i Porto Ercole står ein kvardagsleg og ikonisk figur av mor og son.
Attmed vegen gjennom eit bustadfelt i Porto Ercole står ein kvardagsleg og ikonisk figur av mor og son.
Publisert

Skriftemål snakka eg mykje med dei unge om då eg budde i Italia på 1980-talet og sakramentet framleis var viktig og vanleg, tradisjon og mentalhygiene. Men djupast sett handla skriftemålet om det ævelege livet. Utan skriftemålet hadde du ikkje tilgang til nattverd, og utan nattverden hadde du ikkje tilgang til himmelen.

Jamvel om fleirtalet av italienarar framleis er tilslutta kyrkja, har det dei siste tiåra vore eit kraftig fall i talet på dei som går til skrifte. Fallet har vore større enn for andre sakrament. Sakrament som er meir knytt til det jordiske, har halde seg betre. Barnedåp, konfirmasjon og bryllaup er kristne versjonar av overgangsritar som ein finn i mange kulturar, uavhengig av synet på eit liv etter dauden.

Viss forfallet til skriftemålet mellom anna kjem av at det er meir knytt til livet i æva enn til livet her og no, vert neste refleksjon: Kan henda gjeld dei store endringane i europeisk trusliv ikkje fyrst og fremst kyrkjemedlemskap, men førestillinga om eit liv etter dauden. Trusskiftet i dag går truleg djupare enn reformasjonen gjorde for 500 år sidan. Førestillinga om eit liv etter dauden har vore dominerande i om lag 2000 år.

Porto Ercole

På ferda til Roma er det no berre femten mil att, men eg må gjera ein siste stogg. Sørvest i Toscana forlèt eg toget og tek ein buss ut til fiskarlandsbyen Porto Ercole på halvøya Monte Argentario. Hit kom eg ein tidleg vår på 1980-talet, ferdig med eit års militærteneste, fri og med pengar, eit reisestipend, i ein bil lasta med skrivemaskin og bøker. Eg parkerte, blanda meg med dei som gjekk kveldstur på lungomaren, strandpromenaden, og vart der eit kvart år.

Mykje har endra seg sidan den gongen, men ikkje Porto Ercole. Hotellet eg tok inn på fyrste natta, er det same. Det er òg baren nede i hamna der eg fekk ein lokal raudvin, Brunello di Montalcino, som synte seg å vera den beste i landet. Familierestauranten der eg fekk pasta og sjømat, har det same namnet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement