Kristendomen i Europa
KRAKOW: Kombinasjonen av protestantisme og marxisme har synt seg som ei uvanleg vellukka oppskrift på avkristning.
Ikkje berre i heimbyen hans, Krakow, men overalt på ferda frå Island til Italia møter eg Karol Wojtyla, poeten og paven, som i denne vindaugsutstillinga til eit voksmuseum i Roma.
Alle foto: Håvard Rem
Kristentrua i Europa er meir svekt i protestantiske enn i katolske land. Om ein ser på avkristninga som eit gode eller vonde, kan ein uansett undrast: Kvifor har katolisismen eit sterkare immunsystem mot avkristning enn det protestantismen har?
1517 og 1917
Året me har lagt bak oss, gav merksemd til markeringa av to hendingar, den protestantiske reformasjonen og den sovjetiske revolusjonen, som har endra europeisk trusliv, med 1517 og 1917 som merkeår, med Martin Luther og Karl Marx som ikon.
Frå 1500-talet hugsar me årstal som knyter seg til reformasjonen, i mange land med den fyrste bibelutgåva på folkemålet som eit merkeår. På 1900-talet er viktige merkeår knytte til kommunismen: 1917 i Russland, 1956 i Ungarn, 1968 i Tsjekkoslovakia, 1980 i Polen, 1991 i Romania og så bortetter.
Aller svakast står kristentrua i dei landa som har ei historie med både protestantisme og kommunisme, syner tal frå ulike religionsundersøkingar. Saman har Luther og Marx vore dynamitt under kyrkja.
Men vart ikkje den nasjonale kyrkja styrkt av reformasjonen? Jau, men ikkje nok til å stå imot ei marxistisk rørsle som – i likskap med til dømes katolisisme og islam – var internasjonal og universalistisk. Polen er eit døme på at det nasjonale i seg sjølv ikkje er nok til å reversera avkristninga.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.