Kristendomen i Europa

LJUBLJANA: Vesle Slovenia rommar heile Europa, frå geografi til gudsomgrep, som i eit prisme og kan henda ei krystallkule.

Ljubljana sentrum med – frå venstre – den gule barokkatedralen, mellomalderborga og den raude fransiskanarkyrkja, og med Golovec-høgdene i søraust.
Ljubljana sentrum med – frå venstre – den gule barokkatedralen, mellomalderborga og den raude fransiskanarkyrkja, og med Golovec-høgdene i søraust.
Publisert

Kvar er Europas hjarte? Eller i det minste: Kvar er staden der ein kan leggja fingeren og kjenna den europeiske pulsen slå? Ein stad som har samla opp i seg mest mogeleg av det europeiske, frå både aust og vest, nord og sør, av tru og tvil og ulike gudsomgrep, som i eit prisme? Eller som i ei krystallkule der ein kan sjå framtida til verdsdelen.

Vel, eg har kome dit no. Staden er ikkje Paris eller London, metropolar som eg for nokre år sidan ville ha tenkt låg eit hestehovud føre i utviklinga, men nei, dei ligg for langt vest til å vera representative for utviklinga i verdsdelen under eitt.

Titos barneborn

Staden er Slovenia, og hovudstaden er Ljubljana. På vegen sørover frå Island til Italia har eg stogga i eit land som i flatemål ikkje er større enn eit middels norsk fylke, til dømes Sogn og Fjordane, men som likevel er eit heilt Europa i miniatyr når det kjem til alt frå historie, geopolitikk og klima via innvandring, økonomi og demografi til mat- og drikkevanar, tru og religion.

Skilnaden er stor frå hovudstaden Podgorica i Montenegro, der den månadlege datapakka på mobiltelefonen vart slukt på nokre minutt under ei mellomlanding like kort som den korte flyturen vidare til Ljubljana, der det norske simkortet vert ein del av det europeiske nettet att, og eg kan nytta kartsøk og applikasjonar utan ekstra kostnadar.

Tim hentar meg i lufthamna. Han og kjærasten Sabina driv ein utestad i Ljubljana. Også når det kjem til mat og drikke, skal det syna seg at Slovenia speglar vanar frå heile kontinentet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement