Kristendomen i Europa
ROMA: Colosseum er eit minnesmerke over den store romersk-jødiske krigen som smelta tankegods frå Midtausten og Europa saman i ei ny, universell tru: kristendom.
Trass i at det har vore skaka av jordskjelv og nytta som steinbrot, står det kolossale amfiteateret Colosseum her framleis, etter 2000 år.
Alle foto: Håvard Rem
Eg kjem til Roma med eit inntrykk av at Vest-Europa vert avkristna. I Roma er inntrykket eit anna, dels av di tre av fire italienarar trur på Gud og høyrer til kyrkja, men meir av di Roma er global hovudstad for ei tru som veks i verda utanfor Vest-Europa, i land i Latin-Amerika, Afrika og Asia.
Vesteuropearane har vorte ein global minoritet. At dei forlèt kristendomen, tyder lite i verdssamanheng. Samla tel dei ikkje fleire enn folkesetnadene i fire–fem av dei folkerikaste katolske landa i verda. Det vert ein mint på i ein by som er sete for ein pave frå Sør-Amerika og kardinalar frå alle verdsdelar.
Midtausten-rørsla
Dersom det er rett, som eg skreiv førre veke, at det vesteuropeiske trusskiftet i dag går djupare enn reformasjonen, kan ein spørja: eit skifte til kva? Kan ein læra noko av trusskiftet som hende for nær 2000 år sidan? Frå bibelsoga veit me at den tidlege kristne rørsla hadde senteret sitt i Midtausten, men det var i Roma, og ikkje i Jerusalem, rørsla vart ein ny og etter kvart verdsomspennande religion.
Den opphavlege rørsla var ei av fleire Midtausten-rørsler som rekna tempelet i Jerusalem som senteret sitt. Tre hundreår seinare vart rørsla offisiell religion i Romarriket. Kva hende? Det som Midtausten-rørsla vart omforma til, ein vestleg basert verdsreligion, kunne ein i dag ha kalla eurojudaisme. I det uttrykket ligg at ei religiøs rørsle frå Midtausten vart forma om i møte med europeisk kultur.
Josefus Flavius
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.