Kunst

Krigaren, presten og boksaren

ROMA: I byrjinga av hellenistisk tid kring 300 f.Kr. klarte greske skulptørar for fyrste gong å støypa drastiske augneblinkar i bronse.

Me opplever ein avgjerande augneblink, frosen for æva som på eit godt krigsfotografi: «Døyande gallar», romersk marmorkopi av hellenistisk bronseoriginal frå king 220 f.Kr.
Me opplever ein avgjerande augneblink, frosen for æva som på eit godt krigsfotografi: «Døyande gallar», romersk marmorkopi av hellenistisk bronseoriginal frå king 220 f.Kr.
Publisert

Dei tre skulpturane eg har sett meg føre å oppleva dei neste dagane, er alle uttrykk for omveltingar i kunstsoga. Personane dei framstiller, har svært ulik bakgrunn: Den fyrste er krigar, den andre prest og den tredje boksar. Men det skulpturane har sams, er at dei gjev oss augeblikksopplevingar av ekte menneske som kjempar for livet – ein strid som skal enda i nederlag.

Historia gjentek seg aldri, heller ikkje kunsthistoria. Men nokre generelle trekk ved utviklingane ser ut til å venda attende til ulike tider i ulike kulturar. Slike omveltingar i kunstsoga har alltid fascinert meg.

Antikkens barokk

Eit døme eg som musikar kjenner godt til, er det som hende i musikken kring 1600, i overgangen frå renessansen til barokken. I renessansemusikken dyrka ein klassiske ideal som klåre proporsjonar og balanserte uttrykk, noko som gav han eit allment og tidlaust preg. Men i barokken endra dei estetiske preferansane seg: Musikken skulle uttrykkja kjensler, han skulle tala direkte til hjartet utan omvegen gjennom intellektet, og då måtte dei strenge reglane for balanse og harmoni brytast. Det var kontrastane og det spontane barokkomponistane dyrka: hat og kjærleik, eufori og desperasjon, triumf og totalnederlag.

Noko liknande hende i skulpturkunsten i den greske verda på byrjinga av 300-talet f.Kr., i overgangen mellom den perioden me kallar «klassisk» (480–323 f.Kr.) og den me kallar «hellenistisk» (323–31 f.Kr.). I framstillingsmåten blei det allmenne her avløyst av det spesielle, for det blei viktigare å fanga den usminka røynda i augneblinken enn det ideelle og tidlause.

Slik sett er hellenismen antikkens barokk, og det er denne stilretninga dei tre skulpturane høyrer til.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement