Teknologi
Kreativ destruksjon
Figur 1. No har me alle vorte innovatørar.
Er det mogleg for ein ingeniør å ha ein favorittøkonom? Ja, eg har to. Då me steig inn i det nye milleniet, fann eg Teorien om den arbeidsfrie klasse, klassikaren til Thorstein Veblen, i magasinet på biblioteket. Det er den morosamaste boka eg nokon gong har lese.
Veblen peika på at økonomisk konkurranse ikkje er driven av økonomiske motiv, men av eit ynske om å vera betre enn andre og visa det ved å pranga. Menneske er ikkje noko økonomisk rasjonelt dyr. Eg hadde funne boka som gav den definitive analysen av det nyrike Noreg.
Kven den andre økonomen er? Joseph Schumpeter. Han synte at all vekst i kapitalismen skjer ved innovasjonar. Nyskapinga skjer på ulike vis. Det kan vera introduksjon av ei ny vare, ein ny metode for produksjon, opning av ein ny marknad, erobring av nye kjelder til råvarer og ved å erobra eller bryta opp monopol. Ein innovasjon er kort sagt ein idé som vert populær og gjev økonomisk vinst.
Schumpeters teori har vorte særs populær. Gründerar og innovatørar poppar opp overalt. Distriktas utbyggingsfond endra namn til Innovasjon Noreg. Som vist i figur 1 har også ordet innovasjon vorte ein innovasjon.
Er det mogleg å ha to tankar i hovudet samstundes? Lat oss prøva ved å para Veblen med Schumpeter. Kvifor vert enkelte teknologiske produkt populære, medan andre går nedanom og heim? Lat oss ta til med det nære og kjære.
Tandberg gjekk dundrande konkurs, men Bang & Olufsen lever i meir enn beste velgåande. Kva var det danskane forstod? Det er ikkje nok å laga eit framifrå teknisk produkt, men det må også vekka kjensler hjå kjøparen. Stilrein design og skyhøge prisar har gjort susen. B&O har vorte ei såkalla Veblen-vare, der etterspurnaden stig med prisen. Alle produsentars våte draum.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.