Krafta vere med deg
Sellerirot – mest for pengane og smaken.
Foto: Willi Heidelbach / Pxhere. com
Desse dagane (legg merke til at eg ikkje skriv «i desse koronatider», da det uttrykket no gir 100.000 kroner i bot) har vi fått ein heilt ny kvardag. Folk må vere heime, anten dei vil eller ikkje, lenge. Fleire månader, kanskje eit år, eller meir. Vi veit ikkje. Ein ting er å vere mutters aleine, det er hardt nok for mange, men samlivet mellom husets fire veggar kan bli nerveslitande. Tusenvis av familiar er no tvinga til å finne ut om dei liker kvarandre. Stova er opptatt, for der er barna, og på soverommet har mor eller far heimekontor. Derfor oppmodar eg dei som har lyst, til å skape glede og nyting ved å flytte inn på det viktigaste rommet i huset, kjøkkenet, og utforske alt det fantastiske ein kan gjere der. Koke kraft, til dømes – det er jo noko alle seier dei ikkje har tid til. Kom ikkje her – no gjeld ikkje den unnskyldninga lenger!
Når det gjeld kraft, er sellerirota den store helten. Ho gir ein makelaus smak og er ganske rimeleg. Det er tvilsamt om folk har hamstra sellerirot, så du finn ho nok der den slags er i sal. Persillerot er same sak, men dyrare. Du får uansett mest for pengane ved å velje sellerirot. Stilkane kan sjølvsagt også nyttast.
Ei grønsakkraft lagar du ved å bruke sellerirota saman med lauk, gulrot og purre – eller det du måtte ha i hus. Dette er dei fire store, og du kan altså komplettere dei med raritetar du finn bakarst i kjøleskapet eller nedst i kjøleskuffen, og som kan hende har sett betre dagar. Litt skurv eller flekkar er ikkje noko problem, berre skjer det vekk. Vask grønsakene godt og del dei opp i store bitar med god flate. Du treng ikkje skrelle dei, men av sellerirota skal du skjere vekk det ytste laget og den litt hårete botnen. Legg alt saman i ei romsleg gryte og fres i fem minutt på sterk varme i nøytral olje. Fyll på med friskt, kaldt vatn ein tomme over grønsakene. Ha i eit par laurbærblad, nokre peparkorn, tørka sopp og urter du liker. Liker du kvitlauk og chili, bruker du det, men vil du ha meir nøytral smak, kan du droppe dei. Sjølv skjer eg av stilkane på urteplanter og frys dei for å bruke i kraft. Smaksbombe! Bunt dei saman med hyssing.
Når dette har surra og gått eit par timar, siler du krafta gjennom eit klede eller finmaska dørslag. Så kokar du krafta ned til cirka halvparten, og plutseleg har du verdas beste base til supper, sausar og gryter. Frys herlegdomen ned etter avkjøling, eller bruk noko av han med det same, til minestronesuppe, tomatsuppe eller kva som helst. Du kjem til å bli kraftsosialist, same kva politisk overtyding du hadde frå før. (Har du absolutt ikkje tid til kraftkoking, bør du uansett ta vare på alt vatn du kokar grønsaker i. Set i kjøleskapet og bruk raskt – det er ei vitaminbombe.)
Ei anna enkel kraft er skaldyrkraft. Skal frå krabbe, hummar eller reker må du aldri finne på å kaste. Frys eller kjøl det ned til dagen etter festen. Harde skal knuser du med ein hammar i ein plastpose. Fres skala på same måte som med grønsakkraft og tilset gjerne litt sellerirot, gulrot og lauk. Kok opp og lat det surre under lok ein halvtime, skru av varmen og lat det stå ein halvtime til. Sil og kok ned, og gled deg til verdas beste fiskesuppe på skaldyrkraft!
Kjøtkraft: Bruk same metoden som grønsakkraft, men brun bitar av kjøt og eventuelle bein minst ein halvtime i langpanne ved 200 gradar. Hiv du oppi ein oksehalebit eller to, vil krafta bli spesielt smakfull.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.