JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Korta tett til brystet

Medan verda ventar på neste kapittel i soga om juks i sjakken, tenkjer eg attende på eit møte med to illgjetne bridgesvindlarar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«Bridgespelarar» av Margret Hofheinz-Döring (1960)

Illustrasjon via Wikimedia Commons

13535
20221014
13535
20221014

Ungdoms-EM i Albena i Bulgaria i 2011 var ein tung affære for det norske bridgelandslaget i klassen U26. På førehand hadde vi tru på medalje, men mot slutten var det tydeleg at det beste vi kunne vone, var å ende mellom dei åtte øvste, noko som ville gje sikker billett til VM året etter.

Før den siste kampen var vi inne. Men så skulle vi møte Israel, som hadde dominert tevlinga så langt.

Eg og makkeren min hamna på bordet til Lotan Fisher og Ron Schwartz, eit par som på det tidspunktet var i ferd med å bli verdsstjerner.

Det gjekk som eg frykta: Vi tapte 25–5 og ramla ned på tiandeplass. Slikt er ille nok i seg sjølv, men endå verre om det skjer mot usympatiske motstandarar.

Den stille og sedate Schwartz var ikkje problemet. Men Fisher hadde alltid eit intenst og oppjaga nærvær ved bordet. Han verka arrogant, hissig, utolmodig.

Ei aning

Lotan Fishers internasjonale debut skjedde i Torquay i England i 2002. Han var tolv–tretten år og vann gull i EM for skulelag. Ron Schwartz er tre år eldre, og i ein del meisterskapar spela desse to kvar for seg på høvesvis det eldre og yngre juniorlandslaget til Israel. Schwartz gjorde det brukbart, men Fisher var det usedvanlege talentet. Også etter at dei byrja spela med kvarandre i 2008, oppnådde Fisher mange gode resultat med andre makkerar, medan Schwartz’ karriere snart var fullstendig tufta på makkerskapen med Fisher.

Etter den katastrofale kampen i Albena vart det kviskra litt i dei norske rekkjene om dei mistenkjeleg hyppige toalettpausane til Fisher–Schwartz. Det var ikkje stort å gjera med dette; ingen av oss ynskte å snakke for høgt og bli sjåande ut som dårlege taparar, og vi hadde heller ingenting handfast å koma med. Men vi visste – som så mange andre i bridgemiljøet – at dei unge stjerneskota alt hadde vore involverte i fleire disiplinærsaker heime i Israel, knytte til uærleg spel og usportsleg framferd.

Det kjende og det ukjende

Sjakk er eit spel med fullstendig informasjon. Ein ser alt og kan vita alt om situasjonen til motparten i høve til sin eigen. Datamaskinen byd på ein absolutt fasit og vil såleis alltid vera betre enn eit menneske. Det som då mellom anna kan avsløre ein juksemakar, er at vedkomande spelar altfor godt, opp mot nivået til datamaskinen.

I bridge er mykje ukjent. I den innleiande fasen ser ein berre sine eigne kort; dei tre andre hendene er løynde. Ein «melder» korta sine, og slik blir det avgjort kva side som får kontrakten – altså oppdraget med å ta ei viss mengd stikk – og kva side som skal forsvara seg. I sjølve spelfasen ligg den eine handa open, den såkalla blindemannen.

Spelet stiller store krav til logisk tenking. Men ein spelar med og mot menneske som av og til gjer dårlege val, eller logiske val som kan syne seg å bli feil, fordi det jo ikkje alltid er det mest sannsynlege som slår til. Psykologisk teft er viktig: Ein må skjøna kortfordelinga rundt bordet ut frå vala som både makkeren og motstandarane gjer, og per no finst det ingen datamaskin som greier dette betre enn dei beste bridgespelarane i verda.

Lovleg og ulovleg informasjon

Bridge handlar òg om samhandling, men kommunikasjonen i makkerskapen kan berre skje gjennom meldingane og korta, alle andre signal er forbodne. Tenkjepausar er det mange av, men heller ikkje dei har makkeren lov til å tolke og dra nytte av.

Utilsikta regelbrot førekjem nokså ofte og kan straffast der og då av tevlingsleiaren, til dømes ved at ein mister nokre poeng i rekneskapen. Systematisk juks over tid er noko heilt anna.

Dei fleste som blir tekne for juks i bridge, er for dårlege til å skjøna korleis jukset bør løynast. Ein god spelar vil kamuflere jukset sitt og veit òg at makkeren må vera med på svindelen om det skal kunne fungere over tid. Å avsløre to utspekulerte juksemakarar kan krevja analyse av store mengder data frå ein lang periode (berre i ei vanleg helgetevling blir det typisk spela rundt hundre spel). Materialet må tolkast ut frå ein slags objektiv bridgelogikk, som det riktig nok ofte vil kunne kranglast på, i ein sport der det individuelle skjønnet trass alt står sentralt.

Heldigvis finst det ekspertar, og det finst mange situasjonar der «hundre av hundre» ekspertar vil velja å gjera det same, fordi eitt eller nokre fåe alternativ peikar seg ut som logiske, alt anna som ulogisk.

Om eit sterkt par i mange tilfelle gjer val som er ulogiske, altså som dei andre ekspertane ikkje eingong ville ha vurdert, og desse over tid syner seg å leie til positive resultat og ikkje til dei tapa ein logisk sett ville ha venta – fyrst då kan ein snakke om prov.

Lotan Fisher (t.v.) og Ron Schwartz lurte bridgeverda trill rundt.

Foto: Bridge i Norge

På toppen

Frå rundt 2010 skyt karrieren til Fisher–Schwartz verkeleg fart. Berre månader etter at dei knuser oss i Albena i 2011, vinn dei den såkalla transnasjonale verdsmeisterskapen – og her er vi altså i open klasse, ikkje i lenger i juniorbridge.

I 2012 spelar dei i tevlinga Cavendish i Monaco. I motsetnad til det som er vanleg i bridgetevlingar, står det her store pengar på spel. Fisher–Schwartz vinn med overlegen score i eit knivskarpt felt. Det verserer no ymse historier blant motstandarane deira om merkelege handlemåtar som «tilfeldigvis» synte seg å bli gullkanta. I etterkant går arrangøren til det dramatiske steget å ekskludere Fisher–Schwartz frå neste års partevling – utan å ha konkrete prov.

Den europeiske bridgeligaen (EBL) gjer førebels ingenting. Tvert imot, får ein nesten seia: I 2014 vinn Fisher–Schwartz og Israel den opne klassa i EM for nasjonslag.

Seinare same år er den norske landslagsspelaren Boye Brogeland, med makkeren Espen Lindqvist, på lag med Fisher–Schwartz i den tradisjonsrike amerikanske tevlinga Spingold. Dette er den typen tevling som gjev mange profesjonelle bridgespelarar storparten av inntekta si: Ein velhavande, men medioker bridgespelar betalar ekspertar for å spela i makkerskap med seg eller på lag med seg, i von om at eksperthjelpa vil dra den såkalla sponsoren med til eit godt resultat.

Brogeland–Lindqvist og Fisher–Schwartz lyfter amerikanaren Richard Schwartz (ingen slektskap med Ron) til siger i Spingold. Brogeland har sjølvsagt høyrt rykta som svirrar om dei israelske lagkameratane, og konfronterer dei med det han oppfattar som påfallande avgjerder ved bordet. Dei har alltid ei grunngjeving i bakhand, meir eller mindre tillitvekkjande.

I Spingold 2015 er konstellasjonane endra. Fisher–Schwartz er no lønte av den vidgjetne Jimmy Cayne, som bidrog godt til finanskrisa i 2008 ved å prioritere bridge framfor oppgåvene sine som direktør i investeringsbanken Bear Stearns. Brogeland er framleis på lag med Richard Schwartz, og laga Cayne og Schwartz møtest i kvartfinalen. Sistnemnde tapar marginalt; Fisher–Schwartz held fram til finalen og vinn på nytt.

Det er etter dette nederlaget at Brogeland for alvor byrjar granske israelarane. Når bridgetevlingar blir kringkasta på internett, ligg alle detaljar i ettertid tilgjengelege digitalt. No om dagen blir viktige tevlingar endåtil «strøymde» via videokamera, noko som seinare skal syne seg vesentleg i etterforskinga.

Det Brogeland snart oppdagar, er eit mønster av ulogiske avgjerder. Kvar for seg er langt frå alle vellykka. Men alt tyder på at Fisher–Schwartz sit på ei form for uautorisert informasjon. Om ein i utgangspunktet held eit høgt nivå i bridge og så i tillegg alltid veit litt meir om korta til makkeren enn det som etter reglane er mogleg, då blir ein nesten uslåeleg.

Brogeland ser seg nøydd til å handle. Han opprettar ei eiga nettside om saka, der han forklarar i detalj kvifor han meiner at Fisher–Schwartz juksar.

Koden blir knekt

Det er ei sak som snart vekkjer merksemd langt utanfor bridgeverda. Neppe uventa for dei som har møtt han, blir Fisher rasande og slår knallhardt attende, hyrar inn advokatar og fremjar krav om millionerstatning for ærekrenking. Han og Schwartz har gjort bridgen til levebrød, og no står framtida deira på spel.

Eit problem for Brogeland er at han ikkje har udiskutable prov. Eit større problem for israelarane er den langvarige kviskringa om dei, og det faktum at dei fleste nærast instinktivt tek Brogelands parti. Fisher og Schwartz har nokre vener, dei òg, men mellom Brogelands støttespelarar finst folk med vilje til å gå inn i materien og leite etter prov.

Sentral i denne prosessen er den svenske advokaten og elitebridgespelaren Per-Ola Cullin. Det er han som gjennom nitid gransking av spel- og videofiler til slutt greier å knekkje koden til Fisher–Schwartz.

For så vidt har dei fleire kodar, mellom anna i form av hosting, men viktigast er mappene.

Korta ein spelar med, ligg nemleg i ei mappe, og når meldingane er over og sjølve spelet skal byrja, er det vanleg å flytte mappa litt til sides, så ho ikkje kjem i vegen for korta.

Gjennom plasseringa av mappa på bordet signaliserer dei til makkeren kva farge dei har styrken sin i.

Tydeleg dom

Då denne koden fyrst var knekt, fanst det ikkje eigentleg tvil.

Sjølvsagt kom det motrøyster: Ein jurist meinte at prova ikkje var sterke nok, ein statistikar at det statistisk sett ikkje var grunnlag for å snakke om juks, og så bortetter. Men om dei ikkje tek omsyn til den særeigne logikken i bridgen, står ikkje slike innvendingar til truande. Det fanst knapt ein bridgeekspert i verda som ikkje var sikker: Fisher–Schwartz hadde juksa, og det over tid og med stor gevinst.

EBL gjennomførte no si eiga undersøking og konkluderte i 2016 med det same. Israelarane vart dømde til fem års utestenging, til aldri igjen å spela i makkerskap med kvarandre og til å betala for etterforsking og høyring. Endå alvorlegare for dei er det at det israelske bridgesambandet har utestengt dei på livstid, riktig nok med høve til revurdering etter ti år. Ettersom Israel er medlem av EBL og EBL respekterer disiplinære avgjerder tekne i dei nasjonale sambanda, vil ikkje Fisher eller Schwartz kunne spela korkje i Israel eller Europa før dei eventuelt blir gjevne nåde – og i USA er dei like uynskte.

Om dei etter kvart får lov til å koma attende, er det tvilsamt om dei vil kunne finne seg særleg gode makkerar og lagkameratar. Det kjem nok ikkje minst av den uforsonlege haldninga deira. Schwartz har stort sett vore taus, men Fisher har hardnakka nekta for alt. Det einaste ein har fått frå den kanten, er nokre ord om at han er lei seg for det som har skjedd – altså inga vedkjenning av skuld.

Dominoeffekt

Fisher–Schwartz-saka utløyste eit skred av andre jukseundersøkingar innan bridgen, der særleg avsløringa av italienarane Fulvio Fantoni–Claudio Nunes var skandaløs. Dei herja i verdstoppen i langt fleire år enn Fisher–Schwartz og var på tidspunktet då sanninga kom for dagen, rangerte som nr. 1 og 2 i verda.

Her vart etterspelet likevel meir komplisert, då utestenginga frå EBL gjekk til CAS, Court of Arbitration for Sport, som er autorisert av Den internasjonale olympiske komité. Dei konkluderte ikkje med at Fantoni–Nunes måtte vera skuldfrie, men meinte at EBL ikkje hadde greidd å prove skulda deira med tilstrekkeleg tyngd. Dette trass i at prova – ut frå god bridgelogikk og etter oppfatninga til dei aller fleste ekspertar – er meir enn sterke nok.

Seinare kom pandemien og gjorde jukseproblematikken brennaktuell på nytt. Å jukse når ein spelar digitalt er utruleg mykje lettare – og kanskje også mindre utenkjeleg for mange? – enn å svindle menneske ein møter andlet til andlet.

Mysteriet

Eg hugsar at eg ein gong i Amsterdam observerte Fisher–Schwartz frå motsett ende av eit støyande bridgelokale, i oppbrotet ved slutten av ein kamp. Eg kunne ikkje høyre kva dei sa, eg såg som i ei mimeoppvising korleis Fisher stod heilt oppe i andletet på Schwartz og kjefta og gestikulerte vilt; det såg ut som han når som helst kunne koma til å gyve laus på makkeren.

Schwartz tok imot, utan protest.

For meg står det største spørsmålet att: Korleis fann dei kvarandre? Det er ikkje vanskeleg å skjøna at eitt menneske – når ære og pengar står på spel – kan leggje ein slu plan for å sikre seg ein stor bit av kaka. Men i bridge må ein helst vera to. På kva tidspunkt og under kva omstende er den eine trygg nok på at den andre deler det nedrige tankesettet hans, til å ta bladet frå munnen og spørja: Skal vi byrja jukse?

Skjedde det etter at dei vart makkerar, eller var det den kriminelle mentaliteten som førte dei i hop? Var det den freidige Fisher, meisterspelaren, som lanserte ideen for den langt veikare Schwartz? Eller var det den blyge Schwartz, som nok aldri kunne ha nådd særleg langt utan ein sterk og dertil umoralsk makker, som i Fisher skimta ein veg til toppen?

Så må dei på eit eller anna tidspunkt ha sett seg ned, desse to, og utvikla det intelligente, vanskeleg gjennomskodelege systemet sitt.

Deretter kunne den raske klatringa ta til. Dei måtte berre passe seg, heile tida, for ikkje å la jukset bli for openbert. Dei måtte balansere iskaldt på knivseggen mellom det logiske og det irrasjonelle, i spel etter spel, tevling etter tevling.

Dei feira siger etter siger, til dømes EM-gull i Albena.

Om eg nokon gong møter Lotan Fisher att, må eg hugse å spørja om han juksa alt den gongen, mot meg og makkeren min.

Han har nok eit kjapt og bitande svar på lager, som alltid.

Erlend Skjetne

Erlend Skjetne er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

For meg står det største spørsmålet att: Korleis fann dei kvarandre?

Dei fleste som blir tekne for juks i bridge, er for dårlege til å skjøna korleis jukset bør løynast.

Fleire artiklar

Natur er ikkje berre idyll. Kvart år blir over 100.000 lam og sau borte på beite, dei fleste døyr av sjukdom eller ulukker.

Foto: Paul Kleiven / NTB

KunnskapFeature

Dauden i utmarka

Ei framtid utan konflikt mellom rovdyr og beitedyr er ikkje tenkjeleg.

Arve Nilsen

Det norske damelandslaget etter å ha vunne sitt fyrste EM. F.v. trenar Leif-Erik Stabell, Torild Heskje, Gunn Tove Vist, Bodil Nyheim Øigarden, Liv Marit Grude, ikkje-spelande kaptein Anne-Lill Hellemann, Marianne Harding og Ann Karin Fuglestad.

Foto: Torild Heskje

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

EM-eufori

Det tyske Ensemble Polyharmonique.

Det tyske Ensemble Polyharmonique.

Foto frå nettsida til gruppa

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Lite skakande

Ungdomsverka til Heinichen og Telemann treng meir livfull musisering.

Jack Grealish iført dei minste leggbeskyttarane det er mogleg å oppdrive. 

Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB

SportFeature
Maren

Lukta av leggbeskyttarar

Leggen er klart ein utsett kroppsdel i fotball.

Det er berre to ferieområde ved Svartehavet som er tilgjengelege for ukrainarar i det frie Ukraina: Mykolaiv og Odesa fylke. Her frå Svartehavet i 2020.

Foto: Sergei Poliakov / AP / NTB

Samfunn

Krig invaderer sommaren

Førre helg kunne hotell i Odesa melde «Fullt» for første gong sidan starten på fullskalakrigen.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis