JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarFeature

Gull verd

Asha Barre er eit føredøme for unge kvinner som vil frigjera seg frå æreskulturen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Asha Barre er meir oppteken av kjærleik enn religion, og gjer ein stor innsats for det somaliske miljøet.

Foto: Roar Blåsmo-Falnes

5175
20180824

Dei som gjev håp

Amal Aden presenterer her kvinner som ho vonar kan vera førebilete.

I dag: Asha Barre. Del 1 av 3

I lukka kulturar, der det er vanskeleg å vera fri, er liberale røyster avgjerande. Det er viktig å sjå og oppleva at ikkje alle dømmer kvinner som frigjer seg eller har ei anna legning. Dei liberale røystene kan til tider vera usynlege, det er lettare å sjå og høyre dei med fordommar, for dei ropar som regel høgast. Trass i mykje motstand er det fleire og fleire som må rive seg laus frå dei lukka innvandrarmiljøa.

Ofte når eg held føredrag, får eg spørsmålet: «Er det håp for det fleirkulturelle Noreg?» Ja, tenkjer eg, det er håp. Eg møter mange innvandrarar som lever eit godt liv her i landet, som har tilpassa seg og som har lukkast.

Dessverre høyrer vi ikkje nok om dei som lukkast og som deltek i samfunnet på ein god måte. Som spaltist i Dag og Tid har eg lyst til å presentera kvinner som treng hjelp. I ein lukka kultur er det ikkje lett å få svar viss du vil «opnast» etter omskjering. Asha er gull verd. Det handlar ikkje berre om at ho som sjukepleiar har kunnskap om temaet, ho har sjølv somalisk bakgrunn og møter jentene på ein god og human måte. Ho blandar ikkje inn religion og kultur. Dessverre har eg fleire gonger møtt helsepersonell med muslimsk bakgrunn som ikkje klarer å leggje frå seg religionen og æreskulturen sin.

Ville til Nord-Møre

Asha Barre vart fødd i Somalia i 1973 og kom til Noreg i 1992. Etter å ha budd her i landet ei stund, høyrde ho rykte om at det fanst ein god skule for framandspråklege på Nordmøre, og flytta dit frå Telemark. Dei andre somaliarane Asha kjende i Noreg på den tida, tykte det var rart at ho ville flytte til ein mindre stad, men målet til Asha var å bu på ein stad der ho kunne bli integrert best mogleg. Ho takka nei til sosialstønad i Telemark og tok heller opp studielån på Nordmøre. Asha oppdaga då ho flytta at det var fleire unge innvandrarjenter og -gutar som hadde teke dei same vala som henne, også fleire somaliarar.

Sjølv om ho nesten vart ferdig med vidaregåande skule i Mogadishu, måtte Asha ta vidaregåande om att i Noreg. Mor til Asha, som var analfabet, var oppteken av at ho skulle få ei god utdanning. I 2001 var Asha ferdig utdanna sjukepleiar, og sidan 2007 har ho arbeidd som jordmor. Ho fortel at det er stort å få vera til stades ved ei av dei største gledene og opplevingane i menneskelivet, nemleg det å verta foreldre. Asha brenn for kvinnehelse, menneskerettar og ein god integreringspolitikk.

Sidan Asha snakkar somalisk, er det naturleg at ho ofte er med og hjelper fødande med somalisk bakgrunn som ikkje snakkar så godt norsk. Somaliske innvandrarkvinner får mange born. Kvinnene viser stor takksemd, og Asha fortel at det kjennest godt å kunne hjelpa.

Kjærleik og aksept

Asha er gift med Håvard, som er norsk, og dei har ein son saman. Håvard har vore og er ein viktig støttespelar for henne. Det er ikkje lett å vera kvinne med somalisk bakgrunn og gifta seg med ein norsk ikkje-muslimsk mann. Då møter ein fort motstand og nedlatande kommentarar og haldningar. Eg veit at Asha har vorte kalla «ho som ikkje klarar å få mannen til å verta muslim» av godt integrerte somaliarar, men Asha er meir oppteken av kjærleik enn religion. Integreringa går lettare når ein er viljug til å verta ein del av samfunnet ein lever i, og torer å gifta seg og ha vener på tvers av kultur og religion. Asha seier ho er glad i svigerfamilien sin. Før ho møtte dei, var ho spent på korleis dei ville ta imot ei kvinne med ein annan kulturbakgrunn, ein annan hudfarge og det gebrokke språket ho snakka då. Ho fortel at ho vart teken imot med opne armar, og ho har alltid fått kjærleik og aksept. Asha fekk ikkje den same aksepten frå eigen familie. Sjølv om familien tykte at Håvard var ein flott fyr, var dei likevel opptekne av å fortelja henne at ho måtte få han til å konvertera til islam. Dersom han elska og respekterte henne, burde han gjera det, meinte familien hennar. Men Håvard er ateist. For han er det ikkje snakk om å verta muslim.

Gjev håp

Asha er ikkje eit kjent andlet i den offentlege debatten, men ho arbeider hardt og gjer ein stor innsats for det somaliske miljøet. Ho er ein aktiv samfunnsdebattant på Facebook og ikkje redd for å seia og skriva det ho meiner. Ho er eit føredøme for unge kvinner som vil frigjera seg frå æreskulturen.

Asha snakkar aldri om klan. Mange somaliarar er lojale mot klanen sin og ser ofte ned på «dårlegare» klanar. Ein skal til dømes ikkje gifta seg under klanen sin. Asha er ikkje oppteken av kva andre trur og meiner om henne og familien hennar. Det somaliske miljøet treng kvinner som torer å ta eigne val og som går sine eigne vegar. Det er ikkje ofte ein møter ei somaliskfødd kvinne som gler seg til å reise på hytta og gå på ski i påskeferien. Asha følgjer draumen sin og lever det livet ho ønskjer saman med mannen og son sin. Det gjev håp til den yngre generasjonen av somaliske jenter og gutar som veks opp i Noreg i dag.

Amal Aden

Amal Aden er forfattar og føredragshaldar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Asha snakkar aldri om klan.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis