Kunnskap

Kolikk hos hest

Her er årsaka til mykje liding for både hestar og eigarar. Hestens tarmkanal er rett og slett feilkonstruert.
Her er årsaka til mykje liding for både hestar og eigarar. Hestens tarmkanal er rett og slett feilkonstruert.
Publisert

Kolikk er eit samlenamn for smertefulle lidingar i buken, som regel med opphav i magesekken eller tarmkanalen. Tarmkanalen hos hest er av fagfolk rekna som ein tvilsam konstruksjon, og for hestar er difor kolikk ein av dei viktigaste og mest alvorlege akutte sjukdommane.

Brå endringar

Hesten er ein planteetar, men ikkje drøvtyggjar, og mesteparten av den mikrobielle nedbrytinga av grovt plantemateriale skjer i blindtarmen. Etter magesekken skal maten først gjennom 20 til 30 meter med tynntarm, her går det fort unna, og maten kjem fram til blindtarmen etter berre ein times tid.

Blindtarmen hos hesten er ein lang og stor ballong som ligg med den eine enden fritt inne i bukhola. Etter det kjem sjølve tjukktarmen som ei oppblåst dobbelsløyfe heilt frå mellomgolvet til bekkenet. Blindtarmen og tjukktarmen har til saman eit volum på inntil 200 liter. Midt på tjukktarmen har skaparen av ukjend grunn lagt inn ein innsnevra og krapp u-sving der fôret lett kan setje seg fast.

Brå endringar i fôringa er spesielt farleg for hestar. Det kan skje når ein hest som har stått inne i stallen, brått slepper ut på ei ny og freistande eng, eller viss hesten ved eit uhell blir overfôra med kraftfôr. Brå auke i næringstilgangen vil føre til feilgjæring, auka produksjon av gass og ei irritert tarmslimhinne.

Forstopping er eit vanleg problem. Då er dårleg fôrkvalitet eller for lite drikke blant dei vanlegaste grunnane. Hestar som slit tennene ujamt, får ofte biteskader på innsida av kinnet. Dei tygg maten dårlegare og får lettare forstopping og kolikk. Tarmparasittar som spolorm (Strongylus spp.) kan òg føre til irritasjon eller forstopping. Regelbunden ormekur er, som hos andre husdyr, ein viktig del av hestehaldet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement