Teknologi

Knekk koden …CGTATA…

Bioingeniørstudent Desislava Nikolaeva Nikiforova gjer klar prøva til DNA sekvensering.
Bioingeniørstudent Desislava Nikolaeva Nikiforova gjer klar prøva til DNA sekvensering.
Publisert Sist oppdatert

Kven er mordaren? Er det eg? Eg riv ut nokre hårstrå, lett i min alder, før eg stig inn i laboratoriet. Der inne smiler eit tjuetal kvitkledde bioingeniørstudentar mot meg. Veit dei noko eg ikkje veit? Ein ting er sikkert. Eg har fullstendig bomma på kleskoden.

I dag skal me læra å lesa DNA-koden i arvemateriale. Den doble DNA-spiralen, figur 1, som inneheld lange rader med basepar AT og CG, finst i alle levande celler og gjev instruksen til korleis organismen skal byggjast og reproduserast. A, T, C og G er aromatiske basar som vert omsette til protein som er arbeidshesten til cella og opphav til alt liv.

DNA-koden er unik for oss alle. Kanskje kan hårstrået mitt fortelja meg kva potensial eg har, kvifor eg fekk kreft, og kva andre sjukdomar som ligg på lur?

– I dag skal me sjå på eit lite utsnitt av arvematerialet til fire bakteriar. Dei ulike bakteriane har meir enn fire millionar kodepar, og me skal ta ut ein bit som inneheld 1542 kodepar. Eg deler ut fire ulike bakteriar, og så skal de finna ut kva for ein type de har fått, seier overingeniør Anne Grete Eriksen.

Eg puttar hårstråa i lomma. For ein nedtur! Men humøret stig raskt då eg får veta at metoden eg skal læra, vart brukt til å finna menneskets DNA-kode, som inneheld meir enn tre milliardar kodepar, for tjue år sidan. Ein stad må ein byrja.

Det fyrste me må gjera, er å få ut arvematerialet av cellene. Ein startar med å øydeleggja celleveggene med enzym og kjemikal, så sentrifugerer ein for å fjerna cellerestar og til slutt fell ein ut DNA med sprit. Det neste me må gjera, er å skaffa oss mange kopiar av den delen av DNA-et som skal undersøkjast.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement