Historie

Klippfiskhimmelen

Klippfisk frå Noreg på marknaden Continente Colombo i Lisboa.
Klippfisk frå Noreg på marknaden Continente Colombo i Lisboa.
Publisert Sist oppdatert

Lytt til artikkelen:

Nordmenn elskar å reise. Det som likevel forundrar meg, er at så mange av oss reiser til kunstig oppbygde turistdestinasjonar, der nesten alt er som heime utanom badetemperaturen og ølprisane.

Det slo meg òg første gong eg kom til vakre Lisboa: Kvifor reiser ikkje fleire nordmenn hit? Her snakkar vi om ein storby med ei slåande vakker plassering, historie i kvar kvadratcentimeter – og verdas hyggelegaste innbyggarar. I tillegg er Lisboa den rimelegaste av alle hovudstadane i Vesten, for dei som måtte bekymre seg for det.

Eg forelska meg på ein augeblink i den gamle bydelen Alfama, som slapp heldig unna det gigantiske jordskjelvet med den etterfølgjande tsunamien i 1755. Her finn du eit arkitektonisk lappeteppe av ein bydel, der mange hundre års historie er bevart. Husa har metertjukke veggar dekorerte med dei tradisjonelle azulejos (blå mønstra fliser). Tronge, bratte, vakre brusteinsgater innbyr til oppdagingsferd kvar einaste dag.

Alfama var opphavleg bydelen til fiskarane og etter kvart arabarane (al fama= 'ved kjelda'). Eg er så heldig å bu med sjenerøs utsikt over den breie og mektige elva Tejo, som gir deg kjensla av å vere ved havet, noko du altså ikkje er. Hamna i Lisboa, ved elvebreidda, var ein viktig grunn til at byen blei okkupert gong på gong, fordi ho er så attraktivt skjerma frå det langt meir lunefulle Atlanterhavet.

Det er så absolutt inga ulempe å vere nordmann i Lisboa. Portugisarane har eit tilnærma religiøst forhold til klippfisk, og alle veit at Bacalhau de Noruega er den udiskutabelt beste råvara. Eg har nærmast blitt boren på gullstol berre fordi eg er nordmann og er ofte skamfull over at portugisarane veit så uendeleg mykje meir om klippfisk enn eg sjølv gjer. Her til lands et vi vår bacalao kanskje éin gong i året og knapt nok det, og da er det alltid snakk om det portugisarane kallar bacalhau contomate – éin av tusen måtar å lage klippfisk på.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement