Historie

Kling no klokka

Klokkene ringjer for oss alle. Dei syng om kor ufatteleg verdfullt og spanande livet er. Eller kan vere.

Svolvær kyrkje, bygd på dugnad i 1934. «Jeg er kun malm, men kaller deg til Gud og til hans hus», lyder inskripsjonen på den største klokka der.
Svolvær kyrkje, bygd på dugnad i 1934. «Jeg er kun malm, men kaller deg til Gud og til hans hus», lyder inskripsjonen på den største klokka der.
Publisert

Eg voks opp like ved ei kyrkje i Svolvær. Der budde Vårherre, og han hadde klokke både utanpå og inni kyrkjetårnet. Når den lange visaren på utsida stod rett opp, kom det høge klemt frå klokkene inni tårnet. Om det klemta åtte gonger om kvelden, visste vi at no var det slutt på leiken. Dei vaksne sa at om vi ikkje gjekk inn da, kom politiet og henta oss.

«Kling no klokka» er ein av dei mest kjende salmane til Elias Blix. Her er det lite politi ute og går i teksten. Det handlar mest om englar som fer gjennom grender og strøymer over strender. Dei er ikkje der for å setje oss i arrest, dei kjem for å lose oss inn i ljoset, det sanne ljoset som overstrålar alt. Dei syng om ein ny dag, om von og vokster «yver verdi». Dei syng om ein fødsel og ei åndeleg oppvakning.

Somme tekstar har store rom. Denne er som ein drone, han fyk over heile Noreg og filmar når klokkene kimar om gleda. Anten det er jolenatt eller inkje. Somme av klokkene er eldgamle: I tårnet i Melbu kyrkje i Vesterålen, til dømes, heng det ei klokke som er støypt i 1523. Det er nok å knipse lett i godset, så får du ein klang som får hjartet ditt til å gjere eit hopp av lukke.

«Kling no klokka» kom med i «4de aukade utgaava» i Nokre salmar som var utgjeven i Kristiania i 1891. Han kan reknast som den julesalmen av Blix som står sterkast i norsk songtradisjon. Originalen har sju vers. Har du tid til å syngje alle, vil du ikkje angre. Klare bilete avløyser kvarandre, og ljoset kjem med eit brak i nest siste verset.

Sidan eg sjølv bur nord om polarsirkelen, veit eg kva det er å lengte etter ljos heilt konkret. Den dagen sola kjem att, er heilt spesiell og krev feiring, sjølv om det har skya over. For vi veit at sola er der uansett med ljoset sitt når timen er inne. Da kling klokka for stor og liten, nett som i salmen til Blix.

Kling no, Klokka! Ring og lokka,

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement